Omnhøns

fuglefamilie

Omnhøns (Megapodiidae) er ein familie av mellomstore tettbygde terrestriske fuglar i ordenen Galliformes. Omnhøns har små hovud og kraftige føter, dei beitar i habitat av skog. Omnfuglar er nær altetarar, dietten er både vegetabilsk og animalsk. Dei fleste artar er brune eller svarte i farga. Omnhøns er kjent for at dei ikkje rugar egga sine sjølve, men grev dei ned og utnyttar rugevarmen frå sola, frå platemateriale som rotnar eller frå vulkanske kjelder. Omnhøns får dei mest utvikla ungane ved klekking blant alle fuglar. Ved klekking har ungane opne auge, kroppsleg koordineringsevne, fullt utvaksne flygefjør og elles dunaktige kroppsfjør. Same dagen som dei er klekte er dei i stand til å springe, finne føde, og hos somme artar kan dei òg flyge.[1] I overkant av 20 artar i 6 slekter av omnhøns lever i Australia, Ny-Guinea og på andre nære øyar.

Omnhøns
Malleeomnhøne, Leipoa ocellata
Malleeomnhøne, Leipoa ocellata
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Underorden: Theropodar Theropoda
Infraorden: Tetanurae
Familie: Omnhøns Megapodiidae
Lesson, 1831

Det vitskaplege namnet kjem frå gresk, mega 'stor' og poda, 'fot'. Andre norske namn som har vore brukte på denne familien er storfothøns og talegallahøns.[2]

Tverrsnitt av reirhaug hos arten malleeomnhøne, Leipoa ocellata. Underlaget som gjev rugevarme er rotnande kompost, eggkammeret er dekt av eit opp til ein meter tjukt sanddekke.
Mjaueomnhøne, Megapodius cumingii
Foto: Jason Thompson

Skildring

endre

Omnhøns er som dei fleste hønsefuglar tunge, klumpete fuglar som sjeldan flyg. Dei varierer i storleik frå 28 til 70 cm, i vekt mellom 500 og 2450 gram. Dvergomnhøne er den minste, største er klaveomnhøne. Dei har store, kraftige bein og føter. Kraftige føter er eit føremon når dei blir brukt i samband med hekkeåtferda for graving og skuffing av reirhaugar. Baktåa er fullt utvikla, og er på nivå med framtærne - ein funksjon som omnhøns har til felles med hokkoar, det gjer at dei ofte er rekna som slektningar.

Nebbet verkar kort og lite spesialisert, typisk for hønsefuglar, men hos omnhøns har det ein særmerkt eigenskap knytt til hekkeåtferda. Det er kjenslevart for temperaturar og brukast til å kontrollere temperaturen i reirhaugen.

Dominerande fargetonar i fjørdrakta er brunt, svart og grått. Desse lite iaugefallande fargene gjev kamuflasje på bakken blant buskar. Hos nokre artar har andletet naken, klårt farga hud, og hos somme artar dekker desse områda heile hovudet og nakken. Nokre har eit par av hudfoldar under haka eller hudposar på halsen. Hammaromnhøne har ein knoklete utvekst på hovudet, som minner om det ein finn hos kasuarar.

Kjønnsdimorfismen, om han eksisterer i det heile, er ikkje spesielt slåande. Hannane er gjerne litt større, den nakne hudområda er meir fargerike, og hudposar på halsen er større og meir synlege. Men desse skilnadene er så små at dei knapt er brukbare i feltornitologien.

Vengene av omnhøns er store og runde. Dei tillèt flyging over korte avstandar, oftast skjer det berre for å vike unna fare. Større artar flyg ofte berre få meter.

Halane er mykje ulike avhengig av art. «Ekte» omnhøns i Megapodius-slekta har ein svært kort, tverr hale. Derimot har klaveomnhøne og Aepypodius-artar lange og avrunda halar som blir brukte under kurtise.

Hekking

endre

Omnhøns rugar ikkje egga sine med kroppsvarmen slik som andre fuglar gjer, men grev dei ned. Egga er unike i å ha stor eggeplomme i høve til totalmassen, plomma gjer opp 50-70 % av eggvekta.[3] Desse fuglane er best kjente for å byggje massive reirhaugar av rotnande vegetasjon, som hannen passar med å leggje til eller fjerne kompost for å regulere varmen i rugeperioden. Men nokre artar grev ned egga sine i andre måtar: somme brukar geotermisk varme, og andre rett og slett set sin lit til solvarmen som varmar opp sanden. Nokre artar varierer rugestrategien avhengig av det lokale miljøet.[4]

Omnhønsungar manglar eggtann ved klekking: Dei brukar dei kraftige klørne til å bryte ut av egget, og deretter grev dei seg opp til overflata av reirhaugen. Når ungane er klekte har dei fullt utvikla fjører og er aktive, allereie i stand til å flyge og lever uavhengig av foreldra.[3]

Utbreiing

endre
 
Ein finn ofte klaveomnhøne i parkar eller hagar.
Foto: Vicki Nunn

Omnhøns finst i den utvida Australasia-regionen, inkludert øyar i det vestlege Stillehavet, Australia, Ny-Guinea, og øyane i Indonesia austom Wallace-linja, men òg Andamanøyane og Nikobarane i Bengalbukta. Populasjonen av familien har gått tilbake i Stillehavet med tilstedevere av menneske, og ei rekkje øygrupper som Fiji, Tonga og Ny-Caledonia har mista mange eller alle omnhønsartar.[4]

Artslista

endre

Omnhøns i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

Slekt Alectura

  • Klaveomnhøne, Alectura lathami, Australian Brush-Turkey, LC, Gray, 1831

Slekt Aepypodius

Slekt Talegalla

  • Raudnebbomnhøne, Talegalla cuvieri, Red-billed Brush-Turkey, LC, Lesson, 1828
  • Svartomnhøne, Talegalla fuscirostris, Black-billed Brush-Turkey, LC, Salvadori, 1877
  • Raudbeinomnhøne, Talegalla jobiensis, Brown-collared Brush-Turkey, LC, Meyer, 1874

Slekt Leipoa

Slekt Macrocephalon

Slekt Megapodius

  • Molukkomnhøne, Megapodius wallacei, Moluccan Scrubfowl
  • Tongaomnhøne, Megapodius pritchardii, Niuafoou Scrubfowl, EN, Gray, 1864
  • Dvergomnhøne, Megapodius laperouse, Micronesian Scrubfowl, EN, Gaimard, 1823
  • Nikobaromnhøne, Megapodius nicobariensis, Nicobar Scrubfowl, VU, Blyth, 1846
  • Mjaueomnhøne, Megapodius cumingii, Tabon Scrubfowl, LC, Dillwyn, 1853
  • Sulaomnhøne, Megapodius bernsteinii, Sula Scrubfowl, VU, Schlegel, 1866
  • Tanimbaromnhøne, Megapodius tenimberensis, Tanimbar Scrubfowl, NT, P.L. Sclater, 1883
  • Sotomnhøne, Megapodius freycinet, Dusky Scrubfowl, LC, Gaimard, 1823
  • Seramomnhøne, Megapodius forsteni, Forsten's Scrubfowl, NR, Gray,GR, 1847
  • Melanesiaomnhøne, Megapodius eremita, Melanesian Scrubfowl, LC, Hartlaub, 1867
  • Vanuatuomnhøne, Megapodius layardi, Vanuatu Scrubfowl, VU, Tristram, 1879
  • Papuaomnhøne, Megapodius decollatus, New Guinea Scrubfowl, LC, Meyer, 1874
  • Oransjebeinomnhøne, Megapodius reinwardt, Orange-footed Scrubfowl, LC, Dumont, 1823

Kjelder

endre
  1. Starck, J.M., Ricklefs, R.E.(1998) Avian Growth and Development. Evolution within the altricial precocial spectrum. Oxford University Press, New York, 1998.
  2. Crome, Frank H. J: Storfothønsene; s. 142-143 i Arne Semb-Johansson (redaktør), omsett av Ragnar Frislid: Norges Dyr 7 - Fugler I. J.W. Cappelens Forlag, 1986. ISBN 82-525-1910-5
  3. 3,0 3,1 Starck, JM & SUtter E (2000) Patterns of growth and heterochrony in moundbuilders (MEgapodiidae) and fowl (Phasianidae). J. Avian Biol. 31:527-547
  4. 4,0 4,1 Steadman D, (2006). Extinction and Biogeography in Tropical Pacific Birds, University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-77142-7
  5. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 26. april 2014 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Omnhøns