Gamle Uppsala
Gamle Uppsala er eit fornminneområde i Uppsala kommun i Uppsala län i Uppland i Sverige, der mellom anna dei vidgjetne gravhaugane Uppsala högar og mellomalderkyrkja Gamla Uppsala kyrka ligg. Kyrkja var i si tid både domkyrkje og sete for erkebiskopen. I eldre jarnalder har havnivået vore høgare, slik at Gamle Uppsala låg nord for ei vik som gav tilkomst frå Austersjøen. Men i vikingtida hadde byen vorte skåre av frå havet på grunn av landhevinga. I dag er Gamle Uppsala ein lut av tettstaden Uppsala, og inngår i bydelen Norra staden.
Ein reknar med at i førhistorisk tid har Gamle Uppsala vore ein sentralplass for maktstrukturen i det som no er Svealand. I vikingtida låg her den store kultplassen med hòv, heilag lund, heilag kjelde og heilag tre som Adam av Bremen skildrar i boka som heiter Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden i moderne omsetjing til norsk[1]. Men tydelege arkeologiske spor etter denne store kultinnretninga er ikkje funne. Gamle Uppsala heitte på denne tida berre Uppsala (skrive på ulikt vis som til dømes Upſala, Ubsala).
Gravhaugar og gravfelt
endreI Gamla Uppsala ligg det tre store gravhaugar, Uppsala höger, òg kalla kongehaugane (kungshögarna), som er mellom dei aller største gravhaugane i Sverige. Ifylgje folkeleg meining skal dei ha vore reist på 500-talet over gravene til sveakongane, eller dei tre gudane Tor, Odin og Frøy, som etter det Snorre Sturluson skriv i si Ynglingesaga i Heimskringla var kongeættas aner og opphavleg menneskelige herskarar som folket deira hadde gjort til gudar. I dag reknar ein med at haugane skriv seg frå ei tid mellom år 500 og 600 e.Kr., og dei har no fått dei prosaiske namna Vesthaugen (Västhögen), Midthaugen (Mitthögen) og Austhaugen (Östhögen) etter deira geografiske plassering i terrenget. Austhaugen vart greve ut i 1846 av riksantikvaren Bror Emil Hildebrand, og det kom då for dagen ei kjernerøys som dekte ei branngrav, det vil seie at liket og gravgodset hadde vorte brent på bål før jordfestinga. Vesthaugen vart greve ut i 1874, og her låg branngravrestene samla i eit lite kar. Funna synte seg å vere frå mellom år 550 og 625 e.Kr. og framifrå for si tid, med mellom anna eit fragment av ein såkalla vendelhjelm, og fragment som truleg skriv seg frå ei halskrage av gull. På området i nærleiken av haugane ligg det òg eit førhistorisk gravfelt med 200 – 300 graver tidfesta til yngre jarnalder. Det har tidlegare vore fleire andre gravfelt i tillegg, men dei har vorte øydelagt av jordbruksverksemd. Til saman har det vore så mykje som 2000 – 3000 graver her.
Spor etter førhistoriske bygningar og anna
endreVed granskingar er det avdekt spor attmed mellomalderkyrkja etter tidlegare bygningar. Aust for dei tre haugane, attmed kyrkja, ligg Tinghaugen (Tingshögen), ein låg avflata haug som kan ha vore nytta i seremoniar i samband med val av kongar. Rett nordaust for kyrkja ligg eit platå der arkeologiske granskingar har synt at det har stått fleire store hallbygningar, og at bustadhus har stått aust for desse. Ein voll av eit eller anna slag har stått nord for husa, mellom kyrkja og elva Fyrisån.
Fotnoter
endreBakgrunnsstoff
endreInternettsidene til Gamle Uppsala museum. Arkivert 2009-05-27 ved Wayback Machine.