«Gammel drøm»
Song av Bjørn Eidsvåg
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1985
Låtskrivar(ar) Bjørn Eidsvåg

«Gammel drøm» var eit av bidraga i Melodi Grand Prix 1985, skriven og framført på norsk av Bjørn Eidsvåg. Sjølv om songen hadde tittelen «Gammel drøm» på fjernsyn, song Eidsvåg «Gammel draum».[1]

Melodi Grand Prix 1985 endre

Under finalen var det fem distrikt og fire fagdommarar som gav poeng til alle bidraga. Bidraget fekk ni poeng frå Stikkan Andersson, åtte poeng frå Anne-Marie David, seks poeng frå Stavanger, fem poeng frå Ronnie Hazlehurzt, fire poeng frå Tromsø og Tony Visconti, tre poeng frå Steinkjer og Elverum og to poeng frå Porsgrunn. «Gammel drøm» fekk til saman 44 poeng og enda på sjuandeplass av totalt ti bidrag. Bjørn Eidsvåg fekk ikkje representere Noreg i Eurovision Song Contest 1985 i Göteborg i Sverige.

Kjelder endre

  1. «Absolutt Grand Prix vol. II: Fra seier til 0 poeng (og alt innimellom)». Norsk musikkinformasjon. 24. mai 2006. Henta 15. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff endre