Ganzhou (kinesisk skrift 赣州, pinyin Gànzhōu) er eit kinesisk byprefektur i provinsen Jiangxi i det sentrale Kina. Arealet er på 39 379,64 km². Folketalet ved folketeljinga i 2010 var 8 361 447, av desse budde 1 977 253 i urbane område i Zhanggong, Nankang og Ganxian.

Ganzhou
赣州市
by
Land  Kina
Del av Jiangxi
Høgd 107 m
Areal 39 379,64 km²
Type Byprefektur
Folketal 8 368 447  (Folketeljing 2010[1])
Kart
Ganzhou
25°49′45″N 114°56′01″E / 25.829166666667°N 114.93361111111°E / 25.829166666667; 114.93361111111
Plasseringa av Ganzhou (gult) i Jiangxi, og av Jiangxi i Kina.
Plasseringa av Ganzhou (gult) i Jiangxi, og av Jiangxi i Kina.
Plasseringa av Ganzhou (gult) i Jiangxi, og av Jiangxi i Kina.
Wikimedia Commons: Ganzhou
Nettstad: http://www.ganzhou.gov.cn/

Historie endre

Keisar Gaozu frå Han-dynastiet oppretta i år 201 eit fylke i dette området. På den tid var det minimalt med han-kinesarar der, og dei heldt for det meste til på slettelandet ved elva Gan. Denne sørlege bielva til Chang Jiang, via Poyangsjøen, danna den viktigaste kommunikasjonslenka mellom det sentrale Kina og områda i sør, og langs denne elva kunne ein dyrke ris.

Under Sui-dynastiet vart fylket oppgradert til prefektur, og det hadde då namnet Qianzhou (虔州). Under Song-dynastiet flytta stendig fleire han-kinesarar inn frå nord, dei lokale stammane vart drivne opp i fjellandet. Særleg etter at det nordlege Song-dynastiet sin hovudstad Kaifeng fall, auka den han-kinesiske tilflyttinga dramatisk. Namnet vart offisielt endra til Ganzhou under det sørlege Song-dynastiet.

Seint på 1800-talet vart Ganzhou opna som ei av dei mindre traktatshamnene for utanlandske selskap. Den vanlege vestlege translittereringa av namnet var då Kanchow.

Mellom 1929 og 1934 var Ganzhou del av Jiangxisovjetet, ein av basane for Det kommunistiske partiet i Kina. Her låg kommunistane sin hovudstad Ruijin, som gjentekne gongar var forsøkt omringa av Kuomintang.

Folk frå Ganzhou endre

  • Gao Xingjian (f. 1940), kinesisk[2] og fransk forfattar, mottakar av Nobelprisen i litteratur

Kjelder endre

  1. http://www.citypopulation.de/php/china-jiangxi-admin.php
  2. «The Nobel Prize for Literature 2000». Nobelprize.org. «The Nobel Prize in Literature for 2000 goes to the Chinese writer Gao Xingjian "for an œuvre of universal validity, bitter insights and linguistic ingenuity, which has opened new paths for the Chinese novel and drama".» 


25°52′N 114°56′E / 25.867°N 114.933°E / 25.867; 114.933