Oslo Lufthamn

(Omdirigert frå Gardermoen lufthamn)

Oslo lufthamn, Gardermoen (IATA: OSL, ICAO: ENGM) er ei internasjonal lufthamn som ligg på Gardermoen på grensa mellom Nannestad og Ullensaker kommune i Viken, 40 kilometer nord for Oslo. Lufthamna er Noregs største, og Noregs hovudflyplass. Den vart opna den 8. oktober 1998, då den dåverande norske hovudflyplassen Oslo lufthamn, Fornebu vart nedlagt. Den er det viktigaste trafikknutepunktet i landet for internasjonal trafikk til og frå Noreg. I 2018 nytta 28,7 millionar passasjerar Gardermoen.

Oslo Lufthamn
Jarnbanestasjonen på Oslo Lufthamn.

Norwegian, SAS og Widerøe har basar på Gardermoen. Saman med ei rekke andre flyselskap trafikkerer desse tre selskapa omtrent 30 innenriksruter og omtrent 130 utanriksruter. Rutenettet til lufthamna omfattar hovudsakleg europeiske destinasjonar, men det blir òg floge direkteruter til enkelte asiatiske, afrikanske og nordamerikanske destinasjonar.

Gardermoen har to parallelle rullebaner som måler høvesvis 3 600 m (01L/19R) og 2 950 m (01R/19L) og 71 flyoppstillingsplassar. Gardermoen flystasjon utgjer den militære delen av lufthamnområdet og blir operert av Luftforsvaret.

Terminalbygget vart utvida i 2017 for å auka kapasiteten. Det har fått ein ny pir, 21 nye butikkar, 37 nye restaurantar og barar. Utvidinga vart offisielt opna 27. april 2017. Bygget vart totalt sett rundt dobbelt så stort i areal som tidlegare og kapasiteten er auka til 40 millionar reisande årleg.

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra