Opna hovudmenyen

Gaupne gamle kyrkje

kyrkje i Luster kommune
For den noverande soknekyrkja i Gaupne, sjå Gaupne kyrkje.

Koordinatar: 61°24′29″N 7°17′50″E

Gaupne gamle kyrkje
Gaupne gamle kyrkje
Gaupne gamle kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Indre Sogn
Sokn Gaupne
Fellesråd Luster
Stad

Foto: kirkenorge.no

Type Langkyrkje
Teknikk Lafta
Sitjeplassar 130
Diverse Eigd av Fortidsminneforeninga
Wikimedia Commons: Gaupne gamle kyrkje
Gaupne gamle kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Gaupne gamle kyrkje

Gaupne gamle kyrkje er ei lafta langkyrkje som avløyste ei stavkyrkje som stod i same området i Gaupne i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Ho vart bygd mellom 1647–1652, og er eit døme på gammal luthersk stil.

Stavkyrkjeportalen
Foto: Dag Bertelsen
Tårn og inngang sett frå vest.

Kyrkja har eit enkelt ytre, noko som var vanleg på den tida kyrka vart bygd, men taket og veggane inn i kyrkja står i sterk kontrast til dette. Alle veggane er måla i gult og raudt, og dekorert med blomstrar og drueklasar. Det er også måla bilete av alle apostlane. Veggane vart dekorert i 1658-60 av Nils målar.

Fleire delar frå stavkyrkja vart nytta om att, til dømes sideplankane i vestportalane. Desse er pryda med utskjeringar av ormar og drakar som slyngjer seg om einannan. Interiøret er rikt og fargestrålande dekorert. Altertavla i kyrkja er ei typisk katekismetavle frå reformasjonstida.

Gaupne gamle kyrkje vert i dag nytta til spesielle markeringar som den årlege olsokgudstjenesta.

I 1909 var kyrkja gjeven som gåve frå kyrkjelyden til Fortidsminneforeninga. Den nye soknekyrkja, Gaupne kyrkje, var då alt teken i bruk.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra