Union Scene er eit kulturhus i Drammen som opna i 2005 i dei ombygde papirhallane i ein nedlagt papirfabrikk på Grønland. Brageteatret har tilhald her. Dessutan har ein rad andre ulike kulturaktørar tilhald i huset, som difor kan by på eit rikhaldig program innafor musikk, kunst og teater. I tillegg til Brageteatret, finst her Buskerud Kunstsenter, Drammen Kulturskole, Drammen Kommune - Virksomhet Kultur, Ungdomskulturhuset G60 (namn etter adressa: Grønland 60) og Interkultur. I tillegg vert huset nytta til konferansar og liknande.

På hovudscenen er det ståplassar til 1300 tilskodarar, på klubbscenen er det plass til 250, og i Centralen, ei intimscene med servering, er det plass til 50. I tillegg er det to multisalar, Brageteatret har to salar for teater, og Ungdomskulturhuset G60 har eiga konsertscene for ungdomskonsertar. Kulturskulen har ei black box-scene.

Drammen kommune står attom skipinga av Union Scene. I 2009 vart Union Scene og Drammens teater innlemma i det nyskipa selskapet Drammen Scener, som er eit selskap som Drammen kommune eig.

Namnet Union Scene skriv seg frå papirfabrikken som låg her, Union Drammen, eigd i si tid av det tidlegare treforedlingskonsernet Union A/S (Union Co), skipa i 1873 av Benjamin Sewell (1845-1895). Union A/S (med hovudkontor i Oslo) hadde fabrikkane Union Drammen, Union Bruk i Skien, Union Geithus og Skotfos Bruk på Skotfoss[1]. Alle fabrikkane er no nedlagde.

Fotnotar endre

  1. Ashehoug og Gyldendals ett binds leksikon 1982, side 1465, ISBN 82-573-0160-4

Bakgrunnsstoff endre