Gena Turgel (fødd Goldfinger; 1. februar 19237. juni 2018) var ein polskfødd britisk forfattar og holocaustoverlevande.[1][2] Ho overlevde Auschwitz og gifta seg med ein av soldatane som frigjorde Bergen-Belsen.

Gena Turgel

Statsborgarskap Polen, Storbritannia
Fødd 1. februar 1923
Kraków
Død

7. juni 2018 (95 år)
England

Yrke skribent, lærar
Gena Turgel på Commons

Bakgrunn

endre

Gena Turgel var yngst av ni sysken i ein velståande jødisk familie i Kraków. Foreldra Samuel og Estera Goldfinger dreiv eit tekstilfirma.[1][2][3][4][5] Faren døydde då ho var barn og mora tok over drifta av firmaet.[6]

Den andre verdskrigen

endre

Under den tyske okkupasjonen blei familien Goldfinger i 1941, saman med andre jødar, stua saman i gettoen i Kraków. Firma, bustad og andre eigendelar blei beslaglagde. Dei ble deretter ført til Płaszów konsentrasjonsleir, før dei i 1944 blei sende til fots til Auschwitz. Ho fortalde seinare at ho blei send inn i eit slags dusjrom saman med fleire hundre andre utan at noko skjedde: Ho kom seinare til at det var eit gasskammer og at ein teknisk svikt redda livet hennar.[1][2][3][4][5][6]

 
Gena Turgel hugsa godt dei siste dagane til Anne Frank, som var sjuk av tyfus (foto 1942).

Systera Hela døydde med store smerter då Josef Mengele utførte eit medisinsk eksperiment på ho i Auschwitz.[7]

Då Auscwitz blei tømd i januar 1945, blei Gena og mora (dei siste overlevande i familien) sende på fire vekers dødsmarsj til Buchenwald og vidare til Bergen-Belsen. I Bergen-Belsen arbeidde ho på sjukestova og hjelpte til med å pleie Anne Frank, som var dødssjuk av tyfus. Leiren blei frigjord av britiske styrkar 15. april 1945, og blant soldatane var Norman Turgel.[1][2][3][4][5][8] Ho har skildra synet av Bergen-Belsen som haugar av lik overalt, det var ikkje mogleg å avgjere om det berre var skjelett eller om det var kvinner eller om det var menn.[9]

When I arrived in Bergen-Belsen concentration camp, I saw heaps of bodies lying around. Not just one or two, but mountains as high as a tree in the garden. You could not distinguish if they were men or women – bones, skeletons, children’s bodies. You can’t possibly imagine the state of the place, it was horrendous.

Gena Turgel, januar 2017[10]

Norman Turgel var del av ei etterretningseining med oppdrag å arrestere SS-kommandantar, blant anna var han med på arrestasjonen av leirkommandant Josef Kramer. Tre dagar etter at dei møtte kvarandre på sjukehuset i Bergen-Belsen blei dei, til overrasking for Gena, trulova, dei hadde knapt nok innleia eit forhold.[7][11] Ho var avmagra og svært medteken.[12] Gena Goldfinger og Norman Turgel gifta seg i ein synagoge i Lübeck 7. oktober 1945, til stor glede for dei overlevande jødane i forsamlinga.[1][2][3][4][5]

 
Rabbinaren Leslie Hardman og den irske jesuittpresten Michael Morrison ved ei massegravlegging i Bergen-Belsen, 25. april 1945.

Historia om Gena og Norman Turgel ble eit populært gladnyhende i den vanskelege tida. Britiske aviser kalla Gena for Bride of Belsen.[1][2][3][4][5] Då ho og Norman kom frå Tyskland til London blei dei møtte av journalistar.[13] Gena Turgel sydde brudekjolen av fallskjermstoff, og han er stilt ut i Imperial War Museums.[14][15][16] Den jødiske militærkapellanen (seinare rabbinaren) Leslie Hardman stod for vigsla. Hardman var med då britiske styrkar frigjorde Bergen-Belsen og stod for gravferdsseremonien av rundt 20 000 daude i leiren.[17][18][19]

Seinare virke

endre

Gena Turgel var den einaste av ni sysken som overlevde holocaust. Mora overlevde. Ekteparet Turgel slo seg ned i Storbritannia, og ho brukte etterkvart mykje av tida si på å formidle historia om holocaust. Memoarane hennar, I Light a Candle, kom ut i 1987.[1] I 2000 utnemnde dronning Elizabeth ho til medlem av Order of the British Empire (MBE) for arbeidet med å lære nye generasjonar om holocaust.[20][21][22]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Sherwood, Harriet (8. juni 2018). «Gena Turgel, Holocaust survivor known as Bride of Belsen, dies». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 19. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Genzlinger, Neil (13. juni 2018). «Gena Turgel, Holocaust Survivor With a Love Story, Dies at 95». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 19. februar 2024. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Bride of Belsen Holocaust survivor Gena Turgel dies aged 95» (på engelsk). 9. juni 2018. Henta 19. februar 2024. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Richardson, Hayley (27. januar 2021). «Wedding gown worn by Holocaust survivor to go on display at war museum». Mail Online. Henta 19. februar 2024. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Auschwitz survivor describes how she managed to escape a Nazi gas chamber». The Independent (på engelsk). 27. januar 2015. Henta 19. februar 2024. 
  6. 6,0 6,1 «In Memory of Gena Turgel, the 'Bride of Belsen' who cared for Anne Frank». USC Shoah Foundation (på engelsk). Henta 5. mars 2024. 
  7. 7,0 7,1 Perry, G. W. (2018). The Legacy of Anne Frank. Grub Street Publishers.
  8. «Auschwitz Survivor Gena Turgel Walked Out of Gas Chamber Alive». NBC News (på engelsk). 26. januar 2015. Henta 19. februar 2024. 
  9. Larsson, M. (2021). Jag vill inte ha levt förgäves: Anne Frank 1929–1945. Svenska Historiska Media Förlag.
  10. «Holocaust survivor Gena Turgel recalls the horror of life at Auschwitz and Belsen». The Sun (på engelsk). 27. januar 2017. Henta 5. mars 2024. 
  11. Trow, M. J., & Denham, R. (2022). The Ultimate World War Two Trivia Book: Unbelievable Facts, Extraordinary Accounts and Tall Tales from the Second World War. BLKDOG Publishing.
  12. Kirkova, Deni (17. april 2015). «Love story of UK soldier and Polish girl in Belsen concentration camp». Mail Online. Henta 5. mars 2024. 
  13. Cesarani, David (august 2010). «How Post-war Britain Reflected on the Nazi Persecution and Mass Murder of Europe's Jews: A Reassessment of Early Responses». Jewish Culture and History (på engelsk) 12: 95–130. ISSN 1462-169X. doi:10.1080/1462169X.2010.10512146. Henta 19. februar 2024. 
  14. «dress, wedding, parachute silk, Belsen». Imperial War Museums (på engelsk). Henta 19. februar 2024. 
  15. «Gena Turgel, Holocaust survivor who cared for Anne Frank, dies at 95». Washington Post (på engelsk). 15. juni 2018. ISSN 0190-8286. Henta 19. februar 2024. 
  16. Richardson, Hayley (27. januar 2021). «Wedding gown worn by Holocaust survivor to go on display at war museum». Mail Online. Henta 19. februar 2024. 
  17. Alderman, Geoffrey (12. oktober 2008). «The Rev Leslie Hardman». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 19. februar 2024. 
  18. Lewis, Jonathan M. (2021). «“If all of the sky were paper”: the Jewish chaplains at Bergen Belsen concentration camp. Part 1». Jewish Historical Studies 53: 57–82. ISSN 0962-9696. Henta 19. februar 2024. 
  19. crossref. «Chooser». chooser.crossref.org (på engelsk). doi:10.2307/j.ctv1850j6h.10. Arkivert frå originalen 26. august 2023. Henta 19. februar 2024. 
  20. «Gas chamber survivor found love». The Telegraph (på engelsk). 26. januar 2005. Henta 19. februar 2024. 
  21. «Britain honors eight Holocaust 'heroes' for saving Jewish lives». The Jerusalem Post | JPost.com (på engelsk). 24. januar 2018. Henta 19. februar 2024. 
  22. «MBEs S - Z» (på engelsk). 30. desember 2000. Henta 19. februar 2024.