Geoffrey de Havilland

Geoffrey de Havilland (27. juli 188221. mai 1965) var ein britisk flypioner og flykonstruktør. Mosquitoen hans har vorte sett som det mest allsidige krigsflyet som nokon gong er bygd, og Comet var det første passasjerflyet med jetmotor som vart sett i produksjon. Han var sjef for de Havilland Aircraft Company etter første verdskrig og fram til det vart slått saman med Hawker Siddeley i 1960.

Geoffrey de Havilland

Fødd27. juli 1882
High Wycombe
Død21. mai 1965
Watford
NasjonalitetStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
YrkeQ10497074, testflyger, flygar, gründer
InstitusjonarWillans & Robinson
Alma materSt Edward's School
Crystal Palace School
EktefelleLouie Thomas, Joan Mary Frith
BarnJohn de Havilland, Geoffrey de Havilland jr., Peter Thomas de Havilland
Geoffrey de Havilland

Unge år endre

Han vart fødd i Magdala House, Terrier i High Wycombe i Buckinghamshire. de Havilland vart den andre sonen til Charles de Havilland og første kona, Alice Jeannette (fødd Saunders). Han fekk utdanninga si ved Nuneaton Grammar School, St Edward's School, Oxford og Crystal Palace School of Engineering (frå 1900 til 1903).

Etter å ha fullført ingeniørutdanninga, starta de Havilland ein yrkeskarriere innan konstruksjon av køyretøy, der han bygde bilar og motorsyklar. Han hadde ein periode som lærling hos motorfabrikanten Willans & Robinson i Rugby, etter det arbeidde han som teknisk teiknar for The Wolseley Tool and Motor Car Company Limited i Birmingham, men slutta etter eit år. Deretter arbeidde han to år i utviklingsavdelinga hos Motor Omnibus Construction Company Limited i Walthamstow. Medan han var der utvikla han sin første flymotor, og fekk produsert den fyrste prototypen hos Iris Motor Company i Willesden.

Han gifta seg i 1909 og starta og på den livslange karrieren innan konstruksjon, bygging og flyging av luftfartøy.

Luftfartskarriere endre

 
Blue plaque, 32 Baron's Court Road, London

Ved hjelp av pengar lånt frå morfararen brukte de Havilland to år på å byggja sitt første fly før han krasja det på den aller første korte prøveflyginga på Seven Barrows i nærleiken av Litchfield i Hampshire i desember 1909.[1] Han bygde ein ny dobbeldekkar, og gjorde si første flyging i den frå ei grasslette i nærleiken av Newbury i Berkshire i september 1910.[2] Ein plakett på staden minner i dag om hendinga. Etterfølgjande konstruksjonar var endå meir vellukka. I 1912 vart det sett ny britisk høgderekord på 10 500 fot (3,2 km) i eit luftfartøy av hans konstruksjon, ein B.E.2. Geoffrey var konstruktøren og broren Hereward var testpilot.

I desember 1910 byrja de Havilland hos HM Balloon Factory på Farnborough, som seinare skulle verta Royal Aircraft Factory. Han selde sitt andre fly (som han hadde brukt til å læra seg å fly med) til sin nye arbeidsgjevar for 400 pund. Det vart F.E.1, som var det fyrste flyet med ei offisielt Royal Aircraft Factory-namn. Dei neste tre åra konstruerte, eller deltok de Havilland i konstruksjonen av ei mengd eksprimentelle fly ved «the Factory». Han vart beskikka som sekondløytnant (mellombels) i Royal Flying Corps 2. september 1912, og utnemnd til reserveoffiser i RFC den 24. november og fekk graden stadfesta den 25. desember.[3]

I desember 1913 vart de Havilland utnemnd til inspektør for luftfartøy ved Aeronautical Inspection Directorate.[4]. Han var ikkje nøgd med å slutta med konstruksjonsarbeid, og i mai 1914 vart han rekruttert til å verta sjefskonstruktør ved Airco, i Hendon. Han konstruerte mange fly for Airco, alle kalla med initialane hans, DH. Ei stort mengd de Havilland-konstruerte luftfartøy vart brukt under første verdskrig, floge av Royal Flying Corps og seinare Royal Air Force. de Havilland held fram å tjenestegjøre i RFC under krigen. 5. august 1914 vart han forfremja til løytnant og utnemnd til flying officer i RFC frå same dato. 30. april 1916 vart han forfremja til kaptein og utnemnd til flight commander.[5][6][7][8]

Airco vart kjøpt opp av BSA Company, men BSA var berre interessert i å bruka fabrikklokala til selskapet for å produsera bilar. Ved å samla ein egenkapital på 20000 pund, kjøpte de Havilland dei naudsynte eigendomane i 1920 og grunnla de Havilland Aircraft Company ved Stag Lane Aerodrome i Edgware, der han og selskapet konstruerte og bygde ei stort mengd luftfartøy, inkludert Moth-familien. I 1933 flytta selskapet til Hatfield Aerodrome i Hertfordshire. Ei av hans roller som testpilot vart å fly selskapets fly. Han skal ha uttalt «we could have had jet» med referanse til dei ignorerte høva med jetmotoren før starten på verdskrigen i 1939–45. Flya til selskapet, spesielt Mosquito, spelte ei formidabel rolle i den krigen. I 1944 kjøpte han ut venen og motorkonstruktøren Frank Halfords motorkonstruksjonsselskap, og grunnla de Havilland Engine Company med Halford som sjef. Halford hadde tidlegare konstruert fleire motorar for de Havilland, inkludert de Havilland Gipsy Moth og de Havilland Gipsy Major. Halfords første gassturbin-konstruksjon vart sett i produksjon som de Havilland Goblin, den dreiv de Havillands første jetfly, de Havilland Vampire.

de Havilland kontrollerte selskapet til det vart kjøpt av Hawker Siddeley Company i 1960.

Siste år endre

de Havilland trekte seg tilbake frå den daglege drifta av selskapet i 1955, men heldt fram som styreleiar. Han heldt fram å fly til han fylte 70. Han døydde 82 år gammal av hjerneblødning, den 21. mai 1965 på Watford Peace Memorial Hospital i Hertfordshire.

Heider endre

de Havilland vart utnemnd til offiser (OBE) av Order of the British Empire (Military Division) i 1918 i ordensutdelinga som vart gjort i samband med fødselsdagen til kongen.[9][10] Han vart forfremja til kommandør (CBE) av Civil Division i same orden i den tilsvarande utdelingen i 1934.[11] Han vart dekorert med Air Force Cross (AFC) i 1919, for innsatsen i første verdskrig.[12]

I 1944 vart han utnemnd til Knight Bachelor.[13] Kong Georg VI utførte investituren på Buckingham Palace 15. februar 1944.[14] Han vart tildelt Order of Merit (OM) i november 1962.[15]

Han mottok òg eit utal nasjonale og internasjonale gull- og sølvmedaljar og æresmedlemskap i vitskaplege og tekniske samskipnader.

Ein statue av dei Havilland vart reist i juli 1997 nær inngangen til College Lane campus ved University of Hertfordshire i Hatfield i Hertfordshire. Han vart i praksis bidragsytar til universitetet, sidan selskapet de Havilland i 1951 gav ei tomt ved A1 til Hertfordshire County Council til undervisingsføremål. Hatfield Technical College som då vart grunnlagt, er no del av ved dagens universitet. Statuen vart avduka av prins Philip, hertug av Edinburgh.

Famile endre

 
de Havilland Memorial Stone Nær Seven Barrows Field og Beacon Hill i Burghclere i Hampshire frå A34

Skodespelarane Olivia de Havilland og Joan Fontaine er de Havillands søskenbarn, hans far, Charles, og deira far, Walter, var halvbrør. Hans yngre bror, Hereward de Havilland, var òg ein kjend luftfartspioner og testflygar.

I 1909 gifta Geoffrey de Havilland seg med Louise Thomas, som tidlegare hadde vore guvernante for de Havillands systrer. Dei fekk tre søner, Peter, Geoffrey og John. To av sønene døydde som testflygarar av de Havilland fly. Yngste sonen, John, døydde i ein kollisjon i lufta mellom to Mosquitoar i 1943. Geoffrey jr. utførte den første flyginga med Mosquito og Vampire, og vart drepen i 1946 då han flaug den jetdrevne DH 108 Swallow, medan han utførte eit stup i eller nær lydmuren. Louise fekk eit nervøst samanbrot etter dødsfalla og døydde sjølv i 1949. de Havilland gifta seg på nytt i 1951 med Joan Mary Frith (1900-1974). Dei vart verande gift ut livet hans.

Posthumt endre

I 1979 vart sjølvbiografien til de Havilland, Sky Fever, gjeven ut av Peter og Anne de Havilland.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Roots In The Sky - A History of British Aerospace Aircraft
  2. Roots In The Sky
  3. London Gazette|issue=28653|supp=|page=7586|date=15 October 1912
  4. London Gazette|issue=28790|supp=|page=183|date=6 January 1914
  5. «No. 28895». The London Gazette: 7175. 8 September 1914. 
  6. «No. 29018». The London Gazette (Supplement): 11038. 22 December 1914. 
  7. «No. 29620». The London Gazette (Supplement): 5185. 9 June 1916. 
  8. «No. 29618». The London Gazette: 5741. 9 June 1916. 
  9. «No. 30730». The London Gazette (Supplement): 6702. 4 June 1918. 
  10. «No. 31297». The London Gazette (Supplement): 4992. 15 April 1919. 
  11. «No. 34056». The London Gazette: 3564. 1 June 1934. 
  12. «No. 31098». The London Gazette (Supplement): 97. 31 December 1918. 
  13. «No. 36309». The London Gazette (Supplement): 2. 31 December 1943. 
  14. «No. 36393». The London Gazette: 911. 22 February 1944. 
  15. «No. 42840». The London Gazette: 9153. 23 November 1962. 

Litteratur endre

  • de Havilland, Geoffrey. Sky Fever: The Autobiography of Sir Geoffrey de Havilland. Ramsbury, Marlborough, Wiltshire, UK: Crowood Press Ltd., 1999. ISBN 1-84037-148-X
  • Smith, Ron. British Built Aircraft: Greater London. Stroud, UK: Tempus Publishing, 2002. ISBN 0-7524-2770-9