Opna hovudmenyen

Georg Böhm (fødd 2. september 1661 i Hohenkirchen nær Ohrdruf i Thüringen, død 18. mai 1733 i Lüneburg) var ein tysk organist og komponist. Han var ein av læremeistrane til Johann Sebastian Bach.

Georg Böhm
Fødd2. september 1661
FødestadHohenkirchen nær Ohrdruf i Thüringen
Død18. mai 1733 (71 år)
DødsstadLüneburg
OpphavDet tysk-romerske riket
PeriodeBarokken
SjangerOrgelmusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist og organist

BiografiEndra

Han fekk den første opplæringa av far sin, men då faren døydde i 1675, heldt fram han på latinskule i Goldbach før han i 1678 flytta til gymnas i Gotha. Sidan finn ein han ved Universitetet i Jena og i 1697 bur han i Hamburg. Då organisten Christian Flor i Lüneburg døydde i 1698, søkte Böhm stillinga som organist i Johanniskirche der og fekk han. Sjølv om han etter nokre år søkte på ei stilling i Marienkirche, der det var betre betaling, vart han verande i Johanniskirche heile livet etter at kyrkjelydssrådet der hadde auka betalinga for å ikkje miste sin omtykte organist.

Böhm og BachEndra

Frå 1700 til 1702 var Bach i Lüneburg og ein reknar med at han høyrte Böhm spele, sjølv om ein ikkje har funne belegg for at han var elev hos organisten i Johanniskirche. Carl Philipp Emanuel Bach omtalte Böhm som faren sin lærar og fleire komposisjonar viser likskap.

Musikken til BöhmEndra

Av musikken til Böhm er ein god del gått tapt, mellom anna eit pasjonsverk basert på Lukasevangeliet, men òg fleire gravdferdskantatar. Andre kantatar har overlevd. I tillegg har ein teke vare på ein del av orgelverka hans. Dei syner at han er prega av det som ein i dag kallar den nordtyske stilen i musikken sin. Han varierer frie fantasiar med konservative fuger og dansesatsar.

Ein har gjeve Böhm æra for å ha etablert koralpartita som ein sjanger i orgelmusikk. Før hadde ein hatt koralvariasjonar og verdslege partitaer, men Böhm tok element frå begge og sette dei saman og verka vart opplevd nye og friske.

LitteraturEndra

  • Waldschmidt, Carl L., Georg Böhm: his Life and Works, diss., Northwestern University (1963)
  • Verkade, Gary G. Georg Böhm: Vater unser in Himmelreich á claviers eit pedal: the Concept of Order, diss., University of Iowa (1987). (alternativ tittel: The Concept of Order in the Keyboard Works of Georg Böhm)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra