Gerardo Velez
Gerardo «Jerry» Velez (fødd 15. august 1947) er ein puertorikansk musikar. Han er mest kjend for å ha spelt med Jimi Hendrix på Woodstock-festivalen i august 1969. Velez er perkusjonist og trommeslagar og har spelt med mange artistar innan mange sjangrar. Han er òg ofte å sjå som medlem i jazz-fusionbandet Spyro Gyra. Han har òg spel med David Bowie, Elton John og Duran Duran. Han er mellom anna innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Gerardo Velez | |||
Fødd | 15. august 1947 Puerto Rico (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Puerto Rico | ||
Opphav | The Bronx i New York by i USA | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | Jazz-fusion, funkrock, soul, bluesrock, elektronisk, hip hop | ||
Instrument | Perkusjon, conga, trommer, munnspel, vokal | ||
Tilknytte artistar | Spyro Gyra, David Bowie, Martha Veléz, Jimi Hendrix, Duran Duran, Elton John, Jessica Simpson, Slash, Stevie Wonder | ||
Verka som | Musikar, produsent, musikalsk leiar |
Utvald diskografi
endre- med Martha Veléz
- Hypnotized (1972) – conga
- med Spyro Gyra
- Morning Dance (1979) – perkusjon, bongos, conga
- Catching the Sun (1980) – perkusjon
- Carnaval (1980) – perkusjon, bongo
- Incognito (1982) – perkusjon
- City Kids (1983) – perkusjon
- Access All Areas (1983) – perkusjon
- Alternating Currents (1985) – perkusjon
- Down the Wire (2009) – perkusjon
- med David Bowie
- Black Tie White Noise (1993) – perkusjon
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gerardo Velez» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Biography». GerardoVelez.com. Arkivert frå originalen 19. august 2009. Henta 15. mars 2011.
- «Gerardo Velez > Credits». allmusic. Henta 15. mars 2011.
- «Gerardo Velez Discography». Discogs. Henta 15. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell side Arkivert 2009-04-23 ved Wayback Machine.