Gerhard Grimmer (6. april 19439. oktober 2023) var ein tysk langrennsløpar fødd i Katharinaberg, i dag i Tsjekkia, som tevla for Aust-Tyskland. Han vart verdsmeister på 50 km under Ski-VM 1974, der han også vann stafettgull for Aust-Tyskland. I alt vann han seks VM-medaljar i 1970 og 1974.

Gerhard Grimmer
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 6. april 1943
Hora Svaté Kateřiny
Død

9. oktober 2023 (80 år)

Yrke langrennsløpar, militær
Språk tysk
Høgd 174 centimeter
Politisk parti Sozialistische Einheitspartei Deutschlands

Aktiv endre

Grimmer vart nummer ni på femmila under Ski-VM 1966 i Oslo. Etter nokre sesongar utan sterke prestasjonar, imponerte han stort i 1970-sesongen. Under verdsmeisterskapen i Štrbské Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia raska han med seg tre medaljar. Fyrst tok han sølv på tremila bakom Vjatsjeslav Vedenin frå Sovjetunionen, deretter var han sjølvskriven til Aust-Tyskland sitt stafettlag som kom på sølvplassen, og til sist vart det bronse på 50-kilometeren. Grimmer avslutta sesongen med å vinne femmila i Holmenkollen med over to minutts margin til toaren Pål Tyldum.

Under Holmenkollrenna 1971 vart Grimmer totalt overlegen dei hine utøvarane på femmila. På blytungt føre vart andremann, svensken Lars-Arne Bölling, slått med nærare sju minuttar. Eit par dagar tidlegare vart Grimmer nummer tre på 15 km. Straks i førevegen hadde han elles sikra austtysk dobbeltsiger på 30 km i Svenska skidspelen, landsmannen Gert-Dietmar Klause vann.

Grimmer tevla lite dei neste sesongane. Han kom sterkt tilbake i Ski-VM 1974 i Falun. På 15 km tok han sølv, sekundet bakom norske Magne Myrmo. Så var han med på den historiske stafettsigeren for DDR, saman med Gerd Hessler, Dieter Meinel og ankermannen Klause vann dei det einaste austtyske stafettgullet i langrenn for menn. Til sist vart Grimmer verdsmeister på 50 km.

I 1975 vart han tildelt Holmenkollmedaljen, før han vart nummer tolv på 15 km. Han avslutta skikarrieren med ein femteplass på femmila under Vinter-OL 1976 i Innsbruck.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar