Gesa Felicitas Krause

Gesa Felicitas Krause (fødd 3. august 1992) er ein tysk friidrettsutøvar frå Ehringshausen i delstaten Hessen som deltek internasjonalt i hinderløp. Ho vart europameister på 3000 meter hinder i 2016 og fekk bronsemedaljen i same øvinga i friidretts-VM 2015.

Gesa Felicitas Krause


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 3. august 1992 (31 år)
Ehringshausen
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – 3000 meter hinder damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 3000 meter hinder kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 3000 meter hinder kvinner

Utmerkingar

Sparkassenpreis für Vorbilder im Sport

Aktiv endre

Krause vann 3000 meter hinder under junior-EM i Tallinn i 2011. Ho fekk delta i VM 2011, der ho vart nummer ni på ny personleg rekord, 9.32,7. Året etter forbetra ho, under Sommar-OL 2012 i London, bestetida si på 3000 m hinder til fyrst 9.24,9 og så 9.23,5 då ho enda på åttandeplassen i leikane. I 2013 vann ho øvinga under U23-EM i finske Tammerfors, og kopierte i Moskva-VM niandeplassen frå verdsmeisterskapen 2011.

Krause heldt fram med å forbetre den personlege rekorden i dei store meisterskapane. I 2015 tok ho med tida 9.19,25 bronsemedaljen i hinderløpet under verdsmeisterskapen i Beijing, eitt hundredels sekund bak sølvvinnaren og 0,14 sekund bak gullvinnaren, Hyvin Jepkemoi frå Kenya. Året etter vann Krause gullmedaljen under friidretts-EM i Amsterdam, med vinnartida 9.18,8 var ho i mål nesten ti sekundar før nummer to i tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre