Opna hovudmenyen
Get Lucky
Studioalbum av Mark Knopfler
Utgjeve 14. september 2009
Innspelt British Grove Studios, oktober 2008 – mars 2009
Sjanger Rootsrock, keltisk rock, folkrock
Lengd 52:03[1]
Selskap Mercury

Reprise (USA)

Produsent Mark Knopfler
Mark Knopfler-kronologi
Kill to Get Crimson
(2007)
Get Lucky Privateering
(2012)


Get Lucky er det sjette soloalbumet til den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut 14. september 2009 i Europa av Mercury Records, og den 15. september i USA av Reprise Records. Albumet vart gjeve ut i fire format, ein CD, ein avgrensa CD/DVD Digipak, ein luksusboks og ein dobbel vinyl. Get Lucky fekk generelt god kritikk,[2] og nådde topp 3 på listene i Danmark, Tyskland, Italia, Nederland, Noreg og Polen. Albumet nådde niandeplassen i Storbritannia og 17. plassen i USA.[3]

InnspelingEndra

Get Lucky vart spelt inn i British Grove Studios i London mellom oktober 2008 og mars 2009.[4]

UtgjevingEndra

Get Lucky vart gjeve ut 14. september 2009 i fire format. Standardversjonen for den internasjonale marknaden var ein CD med elleve songar. Den avgrensa versjonen var ein CD/DVD Digipak, som omfatta ei omvising i British Grove Studio oav Knopfler og Chuck Ainlay. Luksusboksen inneheldt tre graverte pokerchips, to merka pokerterningar, ein gitartabulator for tittelsporet, to 180 grams vinylplater, ein kopi av ein konsertbillett og ein DVD med eit akustisk spor framført live, ein videoturné i British Grove Studios med intervju og ein 20 minuttar kortfilm. Vinylutgåva var ei dobbel vinylplate.

KomposisjonEndra

Songen «The Car Was the One» er basert på ei soge i The Unfair Advantage, ein sjølvbiografi av racerbilføraren Mark Donohue.[5]

TurnéEndra

Knopfler marknadsførte albumet med to turnear i 2010. Den nordamerikanske turneen starta 8. april 2010 i Seattle i Washington, og omfatta 28 konsertar i 27 byar, og enda 9. mai 2010 i Albany i New York.[6] Den europeiske turneen starta 19. mai 2010 i Dublin i Irland og omfatta 60 konsertar i 52 byar og enda 31. juli 2010 i Ávila i Spania. Turneen omfatta seks konsertar i Royal Albert Hall i London.[7]

MottakingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic63/100 [2]
Karakter
KjeldeKarakter
AbsolutePunk           [8]
AllMusic      [1]
PopMatters           [9]
Rolling Stone      [10]
Sound & Vision      [11]

William Ruhlmann meldte albumet for AllMusic og gav albumet tre og ei halv av fem stjerner, og skreiv at sjølv om den Glasgow-fødde Knopfler har dei keltiske røtene i orden, «verkar han å prøve å skape sitt eige pseudo-tradisjonelle repertoar av det som ofte høyrest ut som gamle folkeviser».[1]

I meldinga si for PopMatters gav Michael Kabran albumet sju av ti stjerner, og skreiv at albumet er «fylt med brusande strykarar, lette melodiar, bluesaktige gitarbitar og dei vanlege smarte tekstane til Knopfler».[9] Kabran skreiv til slutt at «Knopfler har skapt ei behageleg samling av blues-shuffles, countryaktige balladar og keltisk-aktige folkeviser, som fortener merksemd og kanskje viktigaste, fortener å stå på eiga hand».[9]

I meldinga si for Sound & Vision gav Mike Mettler albumet fire og ei halv av fem stjerner, og skreiv at Knopfler «held fram å utvikle seg som historieforteljar som aldri er redd for å styre unna rocketriks for utforske dei britiske røtene sine».[11]

I meldinga si for AbsolutePunk gav Thomas Nassiff albumet ein score på 95 %, og hylla den «forfriskande innsikta» og «fenomenale låtskrivinga» på albumet.[8]

I meldinga si for Rolling Stone gav Michael Tremmel albumet fire av fem stjerner.[10]

Metacritic har Get Lucky ein score på 63, som tyder at albumet generelt har fått grei kritikk.[2]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler. 

# Tittel Lengd
1. «Border Reiver»   4:35
2. «Hard Shoulder»   4:33
3. «You Can't Beat the House»   3:25
4. «Before Gas and TV»   5:50
5. «Monteleone»   3:39
6. «Cleaning My Gun»   4:43
7. «The Car Was the One»   3:55
8. «Remembrance Day»   5:05
9. «Get Lucky»   4:33
10. «So Far from the Clyde»   5:58
11. «Piper to the End»   5:47
52:03
Bonusspor på iTunes
# Tittel Lengd
12. «Early Bird»   5:36
13. «Time in the Sun»   2:52


Bonusspor på luksusutgåva
# Tittel Lengd
14. «Pulling Down the Ride»   2:41
15. «Home Boy»   3:15
16. «Good as Gold»   3:27

MedverkandeEndra

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Guy Fletcher – medprodusent, lydteknikar
  • Chuck Ainlay – medprodusent, lydteknikar
  • Rich Cooper – assisterande lydteknikar
  • Martin Hollis – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering i Gateway Mastering Studios i Portland i Maine

Lister og salstroféEndra

Album chartsEndra

Liste (2009) Plassering
Australia[12] 43
Austerrike[13] 10
Belgia (Flandern)[14] 17
Belgia (Wallonia)[15] 8
Canada[16] 16
Danmark[17] 2
Nederland[18] 3
European Album Chart[19] 2
Finland[20] 17
Frankrike[21] 10
Tyskland[22] 2
Ungarn[23] 13
Italia[24] 2
Irish Album Chart[25] 25
Noreg[26] 1
Polen[27] 3
Portugal[28] 9
New Zealand[29] 5
Spania[30] 4
Sverige[31] 6
Sveits[32] 5
UK Album Chart[33] 9
US Billboard 200[34] 17
US Billboard Rock Album[35] 5

ÅrslisterEndra

Liste (2009) Rank
Tyskland[36] 47
Italia[37] 93
Sveitsisk[38] 98

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI)[39] Gull 100 000^
Italia (FIMI)[40] Gull 30 000*
Noreg(IFPI Noreg)[41] Platina 30 000*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Ruhlmann, William. «Get Lucky». AllMusic. Henta 23. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Get Lucky». Metacritic. Henta 23. januar 2015. 
  3. «Get Lucky». aCharts. Henta 12. januar 2015. 
  4. Fletcher, Guy. «Get Lucky Studio Diary». Guy Fletcher. Henta 12. januar 2015. 
  5. Smith, Steven Cole (11. oktober 2010). «Keeping Mark Donohue's Memory Alive in Song». AutoWeek. 20 60: 91. ISSN 0192-9674. 
  6. «Get Lucky North American Tour». Mark Knopfler Official Website. Henta 12. januar 2015. 
  7. «Get Lucky European Tour». Mark Knopfler Official Website. Henta 12. januar 2015. 
  8. 8,0 8,1 Nassiff, Thomas (29. september 2009). «Mark Knopfler: Get Lucky». AbsolutePunk. Henta 23. januar 2015. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Kabran, Michael (22. september 2009). «Mark Knopfler: Get Lucky». PopMatters. Henta 23. januar 2015. 
  10. 10,0 10,1 Tremmel, Michael (1. september 2009). «Mark Knopfler «Get Lucky»». Rolling Stone. Henta 23. januar 2015. 
  11. 11,0 11,1 Mettler, Mike (3. januar 2010). «Vinyl LP Review: Mark Knopfler's Get Lucky». Sound and Vision. Henta 23. januar 2015. 
  12. «Australia - Mark Knopfler - Get Lucky». australian-charts.com. Henta 23. januar 2015. 
  13. «Austerrike - Mark Knopfler - Get Lucky» (på tysk). austriancharts.at. Henta 23. januar 2015. 
  14. «Belgian Album Chart (Flandern) - Mark Knopfler - Get Lucky» (på nederlandsk). www.ultratop.be. Henta 23. januar 2015. 
  15. «Belgian Album Chart (Wallonia) - Mark Knopfler - Get Lucky» (på fransk). www.ultratop.be. Henta 23. januar 2015. 
  16. «Mark Knopfler - Chart History - Canadian Album». Billboard. Henta 23. januar 2015. 
  17. «Danmark - Mark Knopfler - Get Lucky». danishcharts.com. Henta 23. januar 2015. 
  18. «Nederland - Mark Knopfler - Get Lucky» (på nederlandsk). dutchcharts.nl. Henta 23. januar 2015. 
  19. «European Album Chart - Week of. oktober 03, 2009». Billboard. Henta 23. januar 2015. 
  20. «Finnish Album Chart - Mark Knopfler - Get Lucky». finnishcharts.com. Henta 23. januar 2015. 
  21. «French Album Chart - Mark Knopfler - Get Lucky» (på fransk). lescharts.com. Henta 23. januar 2015. 
  22. «Chartverfolgung / Mark Knopfler / Longplay» (på tysk). musicline.de. Henta 23. januar 2015. 
  23. «Hungarian Album Chart - 2009.09.21. - 2009.09.27.» (på Hungarian). Mahasz. Henta 23. januar 2015. 
  24. «Italian Album Chart - Mark Knopfler - Get Lucky». italiancharts.com. Henta 23. januar 2015. 
  25. «Irish Music Charts Archive - Top 75 Artist Album, Week ending 17 September 2009». www.chart-spor.co.uk. Henta 23. januar 2015. 
  26. «Get Lucky på VG-lista Topp 40 Album» (på Norwegian). lista.vg.no. Henta 23. januar 2015. 
  27. «OLiS - Sales for the period 14.09.2009 - 20.09.2009». OLiS. Henta 23. januar 2015. 
  28. «Portugal - Mark Knopfler - Get Lucky». portuguesecharts.com. Henta 23. januar 2015. 
  29. «New Zealand - Mark Knopfler - Get Lucky». charts.org.nz. Henta 23. januar 2015. 
  30. «Spania - Mark Knopfler - Get Lucky». spanishcharts.com. Henta 23. januar 2015. 
  31. «Sverige - Mark Knopfler - Get Lucky». swedishcharts.com. Henta 23. januar 2015. 
  32. «Sveitsisk - Mark Knopfler - Get Lucky» (på tysk). hitparade.ch. Henta 23. januar 2015. 
  33. «Chart Stats - Mark Knopfler - Get Lucky». www.chartstats.com. Henta 23. januar 2015. 
  34. «Mark Kopfler - Chart History - Billboard 200». Billboard. Henta 23. januar 2015. 
  35. «Mark Kopfler - Chart History - Rock Album». Billboard. Henta 23. januar 2015. 
  36. http://www.mtv.de/charts/Album_Jahrescharts_2009
  37. «Classifiche ufficiali degli Album e dei DVD musicali più venduti e dei singoli più scaricati dalla rete nel 2008» (på Italian). Federation of the Italian Music Industry. 23. januar 2009. Henta 23. januar 2015. 
  38. «Swiss Year-End Charts 2009». Media Control. Hung Medien. Henta 6. februar 2009. 
  39. «Gold-/Platin-Datenbank (Mark Knopfler; 'Get Lucky')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  40. «Italian album salstrofé – Mark Knopfler – Get Lucky» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Mark Knopfler in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  41. «Norwegian album salstrofé – Mark Knopfler – Get Lucky» (på norsk). IFPI Norway. 

BakgrunnsstoffEndra