Get Together av Chet Powers
Get Together Singel av The Youngbloods | ||
B-side |
«Beautiful» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1967, 1969 | |
Innspelt | 1966 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, folkrock | |
Lengd | 4:37 | |
Selskap | RCA Victor | |
Låtskrivar(ar) | Chet Powers | |
Produsent | Felix Pappalardi | |
The Youngbloods-kronologi | ||
«Merry-Go-Round» (1967) |
Get Together | «Darkness, Darkness» (1969)
|
«Get Together», òg kalla «Let's Get Together», er ein song skriven tidleg i 1960-åra av den amerikanske songar-låtskrivaren Chet Powers (òg kjend som Dino Valenti).
Songen bed om fred og brorskap, og handlar om polariteten mellom kjærleik og frykt, og valet som må gjerast mellom dei to.
Innspelingshistorie
endreSongen vart først spelt inn som «Let's Get Together» av The Kingston Trio og gjeven ut 1. juni 1964 på albumet Back in Town.[1] Han vart ikkje gjeven ut som singel, men det var denne versjonen som først gjorde folk merksam på songen. The Kingston Trio spelte ofte songen på konsertane sine.
Ein versjon av songen nådde topp 40 på singellista i USA i 1965, då We Five, produsert av Kingston Trio-manageren Frank Werber, gav ut «Let's Get Together» som oppfølgjaren til hitten deira «You Were on My Mind». Denne singelen vart ikkje like populær, men nådde likevel 31. plassen på Billboard Hot 100.[2] Dette vart den siste hitsingelen deira.
Judy Collins spelte songen på Newport Folk Festival i 1966 og versjonen hennar vart seinare gjeven ut på eit samlealbum frå Newport-festivalane. .
Frå 1967 til 1969 var «Get Together» fast på konsertane til Joni Mitchell, ofte spelt som ekstranummer. I 1960-åra spelte HP LoveCraft ofte songen.
I 1967 vart songen spelt inn av The Youngbloods som gav han ut som «Get Together.» Han vart ein mindre hit for dei med ein 62. plass.[3] Det vart fornya interesse for Youngbloods-versjonen då han vart nytta i ein radioreklame som bad om brorskap. Han vart då gjeven ut på ny og nådde heilt til femteplassen på singellista i USA i 1969.
The Dave Clark Five nådde 8. plassen på UK Singles Chart i mars 1970 med ein versjon kalla «Everybody Get Together».
Andre versjonar
endre- 1964: Chet Powers spelte inn songen i januar 1964.
- 1964: Hamilton Camp på albumet Paths Of Victory
- 1964: David Crosby (ikkje gjeven ut før 2002. Crosby og Dino Valenti delte husvære tidleg i 1960-åra)
- 1965: Chad Mitchell Trio på albumet That's the Way It's Gonna Be
- 1966: Jefferson Airplane spelte inn versjon i 1966 for debutalbumet Jefferson Airplane Takes Off.[4] I 1966 selde Chet Powers rettane til songen til Frank Werber i eit forsøk på å få inn pengar til å forsvare seg mot dopanklagar.
- 1968: Stone Poneys på albumet Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III
- 1968: The Staple Singers på albumet «What the World Needs Now Is Love»
- 1969: The Cryan' Shames på albumet Synthesis
- 1969: The Carpenters på albumet Offering i 1969.
- 1969: Andy Williams på albumet, Get Together with Andy Williams
- 1969: The Dave Clark Five på albumet If Somebody Loves You
- 1970: Ray Stevens spelte songen på albumet Everything Is Beautiful.
- 1970: Lucifer
- 1970: Louis Armstrong spelte inn songen for det siste studioalbumet sitt, Louis 'Country & Western' Armstrong.
- 1979: Jesse Colin Young på albumet No Nukes, og i filmen med same namn.
- 1986: Randy Stonehill på albumet The Wild Frontier, produsert av Dave Perkins
- 1988: Kate Wolf på An Evening in Austin
- 1988: Love Dolls på Love One Another
- 1989: The Indigo Girls på albumet Strange Fire.
- 1989: The Wonder Stuff på B-sida til singelen «Golden Green»
- 1991: Strider på albumet deira med same namn.
- 1991: Nirvana-bassisten Krist Novoselic roper ut refrenget på «Get Together» i byrjinga av «Territorial Pissings» på albumet Nevermind i 1991.
- 1994: Big Mountain
- 1996: Jesse Colin Young frå The Youngbloods på albumet On the Mountain 2.
- 1999: Garth Brooks, under pseudonymet Chris Gaines, nytta refrenget i 1999 på songen «Right Now» som er å høyre i filmane I'll Always Know What You Did Last Summer
- 2003: Lizz Wright på albumet Dreaming Wide Awake
- 2004: Wilson Phillips på albumet California
- 2007: Ann Wilson på albumet Hope & Glory
- Anne Murray
- The Association
- David and the Giants
- Deana Carter
- Wynonna Judd
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Get Together av Chet Powers» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Kingston Trio, Back in Town Henta 3. februar 2015.
- ↑ We Five charting singles Retrieved 3. februar 2015.
- ↑ The Youngbloods' charting singles Retrieved 3. februar 2015.
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 41 - The Acid Test: Psychedelics and a sub-culture emerge in San Francisco.» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. Henta 29. april 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Get Together på Songfacts.com