Italia

(Omdirigert frå Italienarar)
Repubblica Italiana
('Den italienske republikken')

(norsk: Italia, italiensk)

Det italienske flagget Det italienske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Fratelli d'Italia»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Italia
Offisielle språk Italiensk
Hovudstad Roma
Styresett
Republikk
Sergio Mattarella
Giorgia Meloni
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
301 340 km² (71.)
2,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
62 137 802 (23.)
57 110 144
206,2 /km² (44.)
Samla
17. mars 1861
Nasjonaldag 2. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 174 000 mill. USD (12.)
36 600 USD (34.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +39
Toppnivådomene .it


Italia (italiensk: Repubblica italiana) er eit land i Sør-Europa som ligg på den italienske halvøya og dei to middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. I nord blir landet avgrensa av Alpane og møter landa Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Dei sjølvstendige statane Vatikanstaten og San Marino er enklavar i landet.

Historie endre

Italia var kjernelandet for Romarriket. Etter at riket braut saman blei det delt opp i fleire mindre statar der den viktigaste var Pavestaten. Landet var sentralt i europeisk kulturhistorie, mellom anna utvikling av kunst, filosofi og vitskap i mellomalderen og særleg renessansen.

Dagens Italia blei ein nasjonalstat først i 1861, då dei fleste statane på halvøya blei sameina av kong Viktor Emmanuel II av Savoy-dynastiet. Dei som stod bak samlinga var ministeren hans, Camillo Benso di Cavour, og generalen Giuseppe Garibaldi, som blei ein nasjonal folkehelt. Roma sjølv blei halden av paven i nok eit tiår og blei først del av Italia i 1870, med Vatikanet som ein fortsatt sjølvstendig enklave.

Geografi endre

 

Landet strekker seg frå Alpane i nord i ei velkjend støvelliknande form som er omkransa av Middelhavet og Adriahavet. Det omfattar dessutan middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. Italia grensar til Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Det omsluttar òg to små land, San Marino og Vatikanstaten.

Italia er delt inn i 20 regionar: Abruzzo, Basilicata, Calabria, Campania, Emilia-Romagna, Friuli-Venezia Giulia, Lazio, Liguria, Lombardia, Marche, Molise, Piemonte, Puglia, Sardinia, Sicilia, Toscana, Sør-Tyrol, Umbria, Valle d'Aosta og Veneto.

Roma har vore hovudstad sidan 1870, medan Torino og Firenze tidlegare har vore hovudstad i landet.

Nokre viktige byar:

Klima endre

De første vêrobservasjonane i historia vart gjort i Italia av store vitskapsmenn som Evangelista Torricelli, Galileo Galilei og andre, og det er mykje forskjellig vêr å observere i Italia. Landet strekker seg ut i Middelhavet og ligg midt i leia for lågtrykk som flyttar seg rundt i havområda. Når lågtrykka flyttar seg innover land gjev dei regn og torevêr, men intensiteten varierer etter kvar ein er i landet og kva tid på året det er. Alpane og Appenninane har meir vinterleg vêr, og er med på å skape lokale skilnadar i låglandet. Dei hindrar òg til dels vêrfrontar frå Atlanterhavet å passere over landet.

Podalen som går på tvers av det nordlege Italia frå Torino til Venezia har størst klimatiske skilnader i landet gjennom året. Sommaren her er varm, men av og til lummer med torvêr og kraftige regnbyger om ettermiddagen. September er som regel tørr og varm med mykje fint vêr før hausten vert fuktigare og kjøligare. Frå desember til februar er dalen ofte dekt av ei kald tåke som kan ligge i dagevis. Austlege delar av Podalen er òg utsett frå den kalde boravinden frå Aust-Europa. Vinterstid er det vanleg med både regn og snø gjennom dalen, men sjeldan særleg kraftig. Dei austlege områda av Podalen er tørrare enn dei vestlege, og Venezia har t.d. ein midla årsnedbør på 770 mm, medan Milano i vest har 1017 mm.

Nord for Podalen finn ein Alpane som har kjøligare og fuktigare vêr, og i høgda her har ein alpint klima. Om vinteren kan det likevel vere sol og klårvêr i høgda, medan Podalen ligg dekt av tåke. I høgder på rundt 1500 m kjem det om vinteren rundt 50 cm snø kvar månad. Aostadalen er den tørraste delen av Alpane, men vinternettene kan bli svært kalde. Om hausten kan det innimellom regne svært kraftig i dei sørlege fjellsidene av Alpane, noko som kan føre til flaum. Det kjem stort sett meir nedbør i den italienske delen av Alpane enn resten av fjellområdet.

Områda sør for Podalen har middelhavsklima, og nordlege byar som Firenze og Pisa har om vinteren mykje mildare vêr og meir sol enn t.d. Milano, og dei har langt mindre tåke. Roma og Napoli har enno mildare vintrar. Somrane er berre litt varmare langs vestkysten av Italia enn i Podalen, medan Adriahavskysten sør for Bari, særleg rundt Tarantobukta, er blant dei varmaste områda i Italia. Andre varme område er kysten rundt Det joniske havet, dei aller sørlegaste områda av Italia og Sicilia. Vinteren i dei sørlegaste områda er milde, men ofte fuktige med torevêr. Høgareliggande strøk i Sør-Italia, som vulkanen Etna, kan av og til få overraskande kraftig snøfall om vinteren. Roma har ein normal årsnedbør på 744 mm, medan Palermo på Sicilia har 512 mm.

Innbyggjarar endre

Dei fleste innbyggjarane i landet er italienarar. Det finst tysk- og franskspråklege minoritetar i Nord-Italia, og nokre andre små etniske minoritetar.

Fleirtalet (85 %) er katolikkar, men det finst òg religiøse minoritetar av protestantar, jødar og muslimar.

Kultur endre

Italia er velkjent for sine kunst- og kulturtradisjonar. Her finst ei rekke kjende byggverk frå oldtida og seinare, som Colosseum, det skeive tårnet i Pisa og dogepalasset i Venezia. Italiensk mat, vin, design, litteratur, kunst, musikk (særleg opera) er kjende over heile verda.

Politikk endre

Enrico Letta er statsminister.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre