Opna hovudmenyen
Give My Regards to Broad Street
Filmmusikkalbum av Paul McCartney
Utgjeve 22. oktober 1984
Innspelt 5. november 1982 – 26. juli 1984 (sporadically)
Studio Abbey Road Studios, AIR Studios og CTS Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 61:10
Selskap Parlophone/EMI (Storbritannia)
Columbia/CBS (USA)
Produsent George Martin
Paul McCartney-kronologi
Pipes of Peace
(1983)
Give My Regards to Broad Street Press to Play
(1986)
Singlar frå Give My Regards to Broad Street
  1. «No More Lonely Nights»
    Utgjeve: 24. september 1984

Give My Regards to Broad Street er det femte studioalbumet til Paul McCartney og inneheld musikken til filmen med same namn frå 1984. Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista. Den første singelen, «No More Lonely Nights», vart nominert til BAFTA og Golden Globe. Det var det siste albumet hans som kom ut på Columbia Records, som hadde vore det amerikanske selskapet hans dei siste fem åra.[7]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
The Essential Rock Diskografi3/10[3]
MusicHound1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Q2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]

Innhaldsliste

SongarEndra

Det meste av albumet består av nyinnspelingar av tidlegare Paul McCartney-songar for The Beatles og Wings: «Good Day Sunshine», «Yesterday», «Here, There and Everywhere», «Silly Love Songs» , «For No One», «Eleanor Rigby» og «The Long and Winding Road». Det var òg nyinnspelingar frå nyare McCartney-album, «Ballroom Dancing» og «Wanderlust» frå Tug of War og «So Bad» frå Pipes of Peace.[8] I tillegg til «No More Lonely Nights» (som òg kom ut i ein dance-versjon), er dei einaste nye songane på albumet «Not Such a Bad Boy», «No Values» og ein symfonisk versjon av «Eleanor Rigby» kalla «Eleanor's Dream». Albumet var for langt til å få plass til alt på vinylutgåva, og songane der vart korta ned. På kassett-utgåva og den seinare CD-utgåva vart songen gjevne ut i full lengd. CD-utgåva inneheld òg eit bonusspor, «Goodnight Princess», som var ein song i 40-talsstil. Beatles-songane på albumet vart oppførte som skrivne av «McCartney-Lennon» i staden for den vanlege «Lennon-McCartney».

UtgjevingEndra

Singelen «No More Lonely Nights (Ballad)» kom ut før albumet og nådde Topp 10 i mange land. David Gilmour spelte gitar på denne songen. Give My Regards to Broad Street gjekk til topps på den britiske albumlista og selde til gullplate der, medan det berre nådde 21. plassen i USA.

Samstundes med at filmen hadde premiere i november, kom McCartney si Rupert Bear-innspeling, «We All Stand Together,» frå 1980 ut under artistnamnet Paul McCartney and the Frog Chorus. Dette vart ein hit i Storbritannia og nådde tredjeplassen. Den animerte musikkvideoen vart vist like før kinovisinga av Give My Regards to Broad Street.

InnhaldEndra

Alle songar av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde.

CD-spor Kassett-spor LP-spor Tittel CD-tid LP-tid Merknad
1 A1 A1 «No More Lonely Nights (ballad)» 5:13 4:42 Med David Gilmour på sologitar
2 A2 A2 «Good Day Sunshine» 2:33 1:49 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Revolver
A3 A3 «Corridor Music» 0:19
3 A4 A4 «Yesterday» 1:43 1:43 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Help!
4 A5 A5 «Here, There and Everywhere» 1:43 1:45 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Revolver
5 A6 A6 «Wanderlust» 4:07 2:48 Originalversjonen på soloalbumetTug of War
6 A7 A7 «Ballroom Dancing» 4:51 4:35 Med John Paul Jones på bassgitar. Originalversjonen på soloalbumetTug of War
7 A8 A8 «Silly Love Songs» 5:27 4:31 Originalversjonen på Wings-albumet Wings at the Speed of Sound
A9 B1 «Silly Love Songs (reprise)» 0:36
8 A10 B2 «Not Such a Bad Boy» 3:29 3:19
9 B1 «So Bad» 3:25 Originalversjonen på soloalbumetPipes of Peace
10 B2 B3 «No Values» 4:12 4:13 No More Lonely Nights (ballad reprise) er feilaktig oppført som å gli over i «No Values» på CD-utgåva frå 1993
11 B3 B4 «No More Lonely Nights (ballad reprise)» 2:12 0:13
B4 B5 «For No One» 1:58 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Revolver
12 B5 B6 «Eleanor Rigby» 9:10 2:07 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Revolver
B7 «Eleanor's Dream» 1:01
13 B6 B8 «The Long and Winding Road» 3:57 3:47 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Let It Be
14 B7 B9 «No More Lonely Nights (playout version)» 5:03 4:26
15 «Goodnight Princess» 3:58 På den originale CD-utgåva på Columbia (CK 39613) er songen oppført som «Goodnight Lonely Princess»
Bonusspor i 1993
CD-spor Kassett-spor LP-spor Tittel CD-tid LP-tid Merknad
16 «No More Lonely Nights (extended version)» 8:11 «No More Lonely Nights (extended version)» er feilaktig oppført med tida 6:56 i CD-heftet og CD-plata.

«No More Lonely Nights (special dance edit)» er feilaktig oppført som «No More Lonely Nights (special dance mix

17 «No More Lonely Nights (special dance mix)» 4:21

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1984) Plassering
Australske Kent Music Report[9] 10
Kanadiske RPM-lista[10] 23
Den nederlandske albumlista[11] 24
Den italienske albumlista[12] 15
Den japanske Oricon-lista[13] 6
Den newzealandske albumlista[14] 25
Norwegian Norske VG-lista Albums Chart[15] 4
Den spanske albumlista[16] 4
Den svenske albumlista[17] 9
UK Albums Chart[18] 1
US Billboard 200[19] 21
Den vesttyske Media Control-lista[20] 25

ÅrslisterEndra

Liste (1984) Plassering
Den australske albumlista[9] 85
Den kanadiske albumlista[21] 79
Den italienske albumlista[12] 75
Den japanske albumlista[22] 95
Den spanske albumlista[16] 15
UK Albums Chart[23] 27

Salstrofé og salstalEndra

Region Salstrofé Salstal
Japan (Oricon Charts) 164,000[13]
Spania(PROMUSICAE)[24] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[25] Platina 300 000^
USA (RIAA)[26] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Give My Regards to Broad StreetAllmusic
  2. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  3. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 730. ISBN 1-57859-061-2.
  5. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  6. Randall, Mac; Brackett, Nathan; Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Simon & Schuster. s. 526. ISBN 0-7432-0169-8.
  7. Broad Street (1984) – Awards
  8. http://ultimateclassicrock.com/paul-mccartney-give-my-regards/
  9. 9,0 9,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «Top Albums/CDs – Volume 41, No. 13» (PHP). RPM. 1. desember 1984. Henta 22. mai 2018. 
  11. «dutchcharts.nl Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street». dutchcharts.nl. MegaCharts. Arkivert frå originalen 14. november 2012. Henta 22. mai 2018. 
  12. 12,0 12,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1984». hitparadeitalia.it (på italiensk). Henta 22. mai 2018. 
  13. 13,0 13,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  14. «charts.org.nz Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen 12. november 2012. Henta 22. mai 2018. 
  15. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street». VG-lista. Arkivert frå originalen 8. november 2012. Henta 22. mai 2018. 
  16. 16,0 16,1 Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  17. «swedishcharts.com Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street». Henta 22. mai 2018. 
  18. «Number 1 Albums – 1980s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 27. juni 2011. 
  19. «Give My Regards to Broad Street: Charts & Awards: Billboard Albums». allmusic.com. Henta 22. mai 2018. 
  20. «Album Search: Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 22. mai 2018. 
  21. «RPM Top 100 Albums of 1984». RPM. 5. januar 1985. Henta 3. mai 2011. 
  22. «日本で売れた洋楽アルバムトップ10» [Top-ten international albums on the Japanese Oricon Year-End Charts 1984]. Arkivert frå originalen 21. oktober 2007. Henta 21. oktober 2007. 
  23. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 22. mai 2018. 
  24. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1979–1990». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. 
  25. «British album salstrofé – Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street». British Phonographic Industry.  Enter Give My Regards to Broad Street in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  26. «American album salstrofé – Paul McCartney – Give My Regards to Broad Street». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH