Opna hovudmenyen
Silly Love Songs
Singel av Wings
frå albumet Wings at the Speed of Sound
B-side «Cook of the House»
Utgjeve 1. april 1976
Innspelt 16. januar 1976
Sjanger Disco, funk
Lengd 5:53
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Linda McCartney
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi
«Venus and Mars/Rock Show»
(1975)
Silly Love Songs «Let 'Em In»
(1976)


«Silly Love Songs» er ein song skriven av Paul McCartney og Linda McCartney og framført av Wings. Songen kom ut i 1976 på albumet Wings at the Speed of Sound. Songen vart gjeven ut som singel i 1976, med B-sida «Cook of the House». Songen vart skriven som eit svar til musikkritikarar som skulda McCartney for berre å skrive «dumme kjærleikssongar» og «sentimentalt kliss», og hadde òg element av disco.[1]

Innhaldsliste

UtgjevingEndra

Den amerikanske singelen vart gjeven ut den 1. april 1976[2] og låg fem veker på rad på toppen av Billboard Hot 100.[3][4] «Silly Love Songs» vart òg rangert øvst på årslista til Billboard for 1976. Det var òg den andre av tre songar gruppa hadde på toppen av Easy Listening-lista.[5] Singelen selde til gullplate i USA for meir enn ein million selde eksemplar.[6] Billboard rangerte òg «Silly Love Songs» som den beste av alle singlane Paul McCartney gav ut på Hot 100.[7] I 2008 vart songen rangert på 31. plassen på lista over dei beste songane på Billboard-lista gjennom tidene.[8] I Storbritannia kom singelen ut 30. april 1976[2] og nådde andreplassen på UK Singles Chart.[9][10]

Songen var den 27. førsteplassen til McCartney som låtskrivar, som var ny rekord for ein låtskrivar. Med denne songen vart McCartney den første personen som hadde førsteplassar på ei Billboard-årsliste som medlem av to forskjellige band. Dei første på ei slik liste var «I Want to Hold Your Hand» i 1964 og «Hey Jude» i 1968.

«Silly Love Songs» har sidan kome ut på mange samlealbum av McCartney.

Andre innspelingarEndra

I 1976 gav Wings ut eit konsertopptak av «Silly Love Songs» for det triple konsertalbumet Wings Over America. I 1984, tre år etter Wings var oppløyst, spelte Paul McCartney inn «Silly Love Songs» for filmmusikkalbumet til Give My Regards to Broad Street.

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1976) Plassering
Australia Kent Music Report 20
Canada RPM 100 Singles 1
Tyskland (Media Control AG)[11] 14
Irland (IRMA)[12] 1
Japan Oricon Chart 66
New Zealand (RIANZ)[13] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[14] 11
Noreg (VG-lista)[15] 9
UK Singles (Official Charts Company)[16] 2
US Billboard Hot 100[17] 1
US Adult Contemporary (Billboard)[18] 1

ÅrslisterEndra

Liste (1976) Passering
Canada RPM 100 Singles[19] 10
UK [20] 23
US Billboard Hot 100[21] 1
US Billboard Easy Listening[22] 33

All-time-listeEndra

Liste Passering
US Billboard Hot 100[23] 36

MedverkandeEndra

WingsEndra

Andre musikararEndra

  • Tony Dorsey – trombone
  • Thaddeus Richard – saksofon
  • Steve Howard – trompet
  • Howie Casey – saksofon

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 152
  2. 2,0 2,1 McGee 2003, s. 210.
  3. McGee 2003, s. 232.
  4. «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 21. mai 2018. 
  5. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 163. 
  6. «Gold & Platinum Searchable Database - 06. juni 2014». RIAA. Arkivert frå originalen 2015-09-24. Henta 21. mai 2018. 
  7. «Paul McCartney's Top 10 Billboard Hits». Henta 21. mai 2018. 
  8. Billboard 2009.
  9. McGee 2003, s. 240.
  10. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 21. mai 2018. 
  11. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 21. mai 2018.
  12. "The Irish Charts – Search Results – Silly Love Songs". Irish Singles Chart.
  13. "Charts.org.nz – Wings – Silly Love Songs". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 21. mai 2018.
  14. "Dutchcharts.nl – Wings – Silly Love Songs" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 21. mai 2018.
  15. "Norwegiancharts.com – Wings – Silly Love Songs". VG-lista. Hung Medien. Henta 21. mai 2018.
  16. "Chart Stats – Wings – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 21. mai 2018.
  17. "Wings Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Wings. Prometheus Global Media. Henta 6. februar 2018.
  18. "Wings Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Wings. Prometheus Global Media. Henta 6. februar 2018.
  19. «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 19. mars 2016. Henta 21. mai 2018. 
  20. «Top 50 Singles of 1976». Music Week (London, England: Spotlight Publications): 25. 25. desember 1976. 
  21. «Pop Singles» Billboard 25. desember 1976: Talent in Action-6
  22. Top 50 Adult Contemporary Hits of 1976
  23. Bronson, Fred (2. august 2012). «Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Top 100 Songs». Billboard. Henta 9. august 2013. 
  24. 24,0 24,1 «Original versions of Silly Love Songs by Shirley Bassey». SecondHandSongs. 25. mars 1976. Henta 21. mai 2018. 
  25. [1] Mal:Webarchive
  26. «Replicants - Replicants». Discogs (på engelsk). Henta 21. mai 2018. 
  27. «Red House Painters - Songs For A Blue Guitar». Discogs. Henta 21. mai 2018. 
  28. «Performs the Hits of Wings». Allmusic. Henta 21. mai 2018. 
  29. «ARDIJAH - SILLY LOVE SONGS (SONG)». Henta 21. mai 2018. 
  30. «Glee Season 2 Episode 12: Silly Love Songs | The Official Music for Glee Site». Gleethemusic.com. Henta 21. mai 2018. 
  31. Erica Futterman (9. februar 2011). «'Glee' Recap: 'Silly Love Songs' Hits the Right Note | Culture News». Rolling Stone. Henta 21. mai 2018.