Tug of War

album av Paul McCartney
Tug of War
Studioalbum av Paul McCartney
Språk engelsk
Utgjeve 26. april 1982
Innspelt Desember 1980, februar til desember 1981
Studio AIR Studios i London; AIR Studios i Montserrat
Sjanger Rock
Lengd 41:10
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Columbia (USA)
Produsent George Martin
Paul McCartney-kronologi 
McCartney II
(1980)
Tug of War Pipes of Peace
(1983)
Singlar frå Tug of War
  1. «Ebony and Ivory»
    Utgjeve: 29. mars 1982
  2. «Take It Away»
    Utgjeve: 21. juni 1982
  3. «Tug of War»
    Utgjeve: 6. september 1982

Tug of War er det tredje studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i april 1982. Det var det første albumet til McCartney etter at Wings vart oppløyst eitt år tidlegare. Totalt sett var dette det 11. albumet hans etter The Beatles. Det var òg det første albumet til McCartney etter at John Lennon døydde. Albumet vart produsert av den tidlegare Beatles-produsenten George Martin og gjekk til topps på albumlistene i mange land. Det vart hylla som eit comeback for McCartney.

Den nymastra luksusutgåva av albumet vart nominert til Grammyprisen for beste plateboks eller spesialutgåve i 2017.

Innspeling endre

Etter utgjevinga av soloalbumet McCartney II, vart Wings samla saman att i juli og oktober 1980 for å øve inn songar som seinare kom til å bli Tug of War og Pipes of Peace. McCartney følte han trengde rettleiing og ringde den gamle produsenten sin, George Martin, for spele inn ein song skriven for den animerte karakteren Rupert Bear (som McCartney eigde rettane til) kalla «We All Stand Together», blant fleire. Den produktive innspelinga fortsette fram til 9. desember, morgonen då McCartney vakna til meldinga om at den gamle venen og Beatles-medlemmet John Lennon hadde blitt skoten og drepen kvelden før i New York City. Han avslutta innspelinga, der han og Denny Laine spelte inn den framtidige B-sida til «Rainclouds», og både Martin og McCartney følte det var best å sette prosjektet på vent fram til dei var klare til å fortsette.

I februar 1981, to månader etter Lennon døydde, fortsette Paul McCartney innspelingane, og spelte den månaden inn musikk med Stevie Wonder, Stanley Clarke, Carl Perkins og Ringo Starr og la ned fleire songar i prosessen. Innspelingane fortsette i AIR Studios på Montserrat i Karibia frå 3. februar til 2. mars, og enda med «Ebony and Ivory» og «What's That You're Doing», to songar med Stevie Wonder.[1] 10cc-gitaristen Eric Stewart vart òg ein mykje brukt samarbeidspartner for McCartney på denne tida. På sommaren vart det gjort nye innspelingar i George Martin sitt AIR studios i Oxford Street i London. Innspelingane vart så produktive med ny 80-talsteknologi, at fleire av songane vart halde attende for det neste albumet, Pipes of Peace, som kom i 1983. Resten av 1981 var rolegare der McCartney og Martin pussa på albumet.

Utgjeving endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]
Robert ChristgauB+[3]
Encyclopedia of Popular Music     [4]
The Great Rock Discografi5/10[5]
Pitchfork Media6.7/10[6]
PopMatters          [7]
Q     [8]
Rolling Stone     [9]
The Rolling Stone Album Guide     [10]
Uncut9/10[11]

Då albumet kom ut skreiv Stephen Holden i Rolling Stone at Tug of War var «meisterverket alle visste at Paul McCartney kunne lage».[9]. Andre kritikarar, som Robert Palmer i The New York Times, var mindre entusiastiske.[12]

I mars 1982 vart duetten mellom McCartney og Stevie Wonder, «Ebony and Ivory», gjeve ut til stor suksess og gjekk til topps i mange land. Tug of War kom ut i april og vart òg ein stor suksess. Oppfølgjaren, «Take It Away», gjekk inn på Topp 10 i USA. Albumet selde etter kvart fleire millionar eksemplar og gjenoppretta ryktet til McCartney hos kritikarane, som i ein periode hadde vore ganske lunkne. Tug of War vart nominert til Grammyprisen for årets album i 1983.

Albumet kom ut i USA på CD 29. februar 1984.[13] I 1993 vart albumet nymastra og gjeve ut att å CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection», men det kom utan bonusspor. I 2007 kom Tug of War ut digitalt på iTunes og soloversjonen av «Ebony and Ivory» kom med som bonusspor.

Ei ny utgjeving kom 2. oktober 2015, som ein del av Paul McCartney Archive Collection. Denne utgåva inneheld ein nymiksa versjon av albumet, i lag med den originale miksen, og ei rekkje videoar.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Paul McCartney, utanom «What's That You're Doing?» som er skriven i lag med Stevie Wonder.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tug of War»4:22
2.«Take It Away»4:14
3.«Somebody Who Cares»3:19
4.«What's That You're Doing?» (duett med Stevie Wonder)6:19
5.«Here Today»2:27
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Ballroom Dancing»4:07
7.«The Pound Is Sinking»2:54
8.«Wanderlust»3:49
9.«Get It»2:29
10.«Be What You See (Link)»0:34
11.«Dress Me Up as a Robber»2:41
12.«Ebony and Ivory» (duett med Stevie Wonder)3:46
Bonusspor på iTunes-utgåva
Nr.TittelLengd
13.«Ebony and Ivory» (soloversjon, B-sida til singelen «Ebony and Ivory»)3:46

2015-utgåva endre

I 2015 vart albumet gjeve ut på Hear Music/Concord Music Group i fleire forskjellige utgåver, samstundes med Pipes Of Peace, i Paul McCartney Archive Collection. Formata var:[14]

  • Standardutgåve 2-CD; nymiksa versjon av det originale albumet på den eine plata og 11 bonusspor på den andre plata.
  • Luksusutgåve 3CD/1DVD + 112 siders essaybok og 64 siders utklyppsbok
  • Superluksus CD/DVD 3CD/1DVD + same bøkene som i luksusutgåva + avgrensa utgåve av kassett i akryl.
  • Nymastra vinyl
Plate 1 – nymiksa album

Nymiksa versjon av det original 12-sporsalbumet

Plate 2 – originalalbum (berre luksusutgåva)

Det originale 12-sporsalbumet

Bonusplate (plate 2 for standard version, plate 3 for luksusutgåva)
Nr.TittelLengd
1.«Stop, You Don't Know Where She Came From» (demo, ikkje utgjeven før)1:44
2.«Wanderlust» (demo, ikkje utgjeven før)1:46
3.«Ballroom Dancing» (demo, ikkje utgjeven før)2:04
4.«Take It Away» (demo, ikkje utgjeven før)5:37
5.«The Pound Is Sinking»2:35
6.«Something That Didn't Happen» (demo, ikkje utgjeven før)2:17
7.«Ebony and Ivory» (demo, ikkje utgjeven før)1:46
8.«Dress Me Up as a Robber/Robber Riff» (demo, ikkje utgjeven før)3:42
9.«Ebony and Ivory» (soloversjon, B-side til «Ebony and Ivory»)3:50
10.«Rainclouds» (skriven i lag med Denny Laine, B-side til «Ebony and Ivory»)3:13
11.«I'll Give You a Ring» (B-side til «Take It Away»)3:09
Ytterlegare nedlastbar song frå paulmccartney.com[15]
  1. «Take It Away» (singelutgåve) - 4:05
Plate 4 – DVD
  1. «Tug of War» musikkvideo (versjon 1)
  2. «Tug of War» musikkvideo (versjon 2)
  3. «Take It Away» musikkvideo
  4. «Ebony and Ivory» musikkvideo
  5. «Fly TIA» – bakomklipp frå Take It Away (ny 18 minuttar dokumentar)

Medverkande endre

Prisar endre

Grammyprisar endre

År Kandidat/verk Pris Resultat
1983 Tug of War Åretsalbum[16] Nominert
«Ebony and Ivory» (duett med Stevie Wonder) Årets song[16] Nominert
Årets singel[16] Nominert
Beste popsong av duo eller grupe[16] Nominert
«What's That You're Doing?»
(duett med Stevie Wonder)
Best R&B-song av duo eller gruppe[16] Nominert
2017 Tug of War (Luksusutgåve) Beste boks eller spesialutgåve Nominert

American Music Awards endre

År Kandidat/verk Pris Resultat
1983 Paul McCartney (artist) Beste mannlege pop/rock-artist[17] Nominert
«Ebony and Ivory»
(duett med Stevie Wonder)
Beste pop/rock-singel[17] Nominert

Brit Awards endre

År Kandidat/verk Pris Resultat
1983
[18]
Paul McCartney (artist) Beste britiske mannlege artist Vinnar
Sony Trophy for Technical Excellence Vinnar
George Martin (produsent) Beste britiske produsent Nominert

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[19] Gull 289 800[20]
Japan (Oricon Charts) 237,000[21][22]
Canada (Music Canada)[23] Gull 50,000[24]
Spania(PROMUSICAE)[25] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[26] Gull 100 000^
USA (RIAA)[27] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1982) Plassering
Australske Kent Music Report[28] 2
Den austerrikske albumlista[29] 2
Belgium Albums Chart[30] 3
Den kanadiske RPM-lista[31] 1
Den nederlandske albumlista[32] 1
Den franske SNEP-lista[33] 2
Den italienske albumlista[34] 1
Den israelske albumlista[35] 2
Den japanske Oricon-lista [36][37] 1
Den newzealandske albumlista[38] 4
Den norske VG-lista[39] 1
Den spanske albumlista[40] 2
Den svenske albumlista[41] 1
UK Albums Chart[42] 1
US Billboard 200 [43] 1
Den vesttyske Media Control-lista[44] 1

Årslister endre

Liste (1982) Plassering
Den australske albumlista[28] 7
Den austerrikske albumlista[45] 7
Den kanadiske albumlista[46] 14
Den franske albumlista[47] 12
Den italienske albumlista[34] 13
Japanese Oricon Chart[22] 37
UK Albums Chart[48] 16
US Billboard Pop Albums[49] 28

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, pp.213-225.
  2. Erlewine, Stephen Thomas. Tug of WarAllmusic. Henta 22. mai 2018.
  3. Christgau, Robert (1. juni 1982). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 22. mai 2018. 
  4. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  5. «Paul McCartney Tug of War». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 6. juni 2016. Henta 22. mai 2018. 
  6. Hart, Ron (6. oktober 2015). «Paul McCartney: Tug of War / Pipes of Peace». Pitchfork Media. Henta 22. mai 2018. 
  7. Strowe, Jeff (2. oktober 2015). «Paul McCartney: Tug of War / Pipes of Peace». PopMatters. Henta 22. mai 2018. 
  8. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  9. 9,0 9,1 Holden, Stephen (27. mai 1982). «Music Reviews : Tug of War by Paul McCartney». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. april 2008. Henta 17. april 2008Mal:Inconsistent citations 
  10. Brackett, Nathan; Hoard, Christian (eds). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Simon & Schuster. s. 526. ISBN 0-7432-0169-8.
  11. «Paul McCartney Tug of War». Uncut. November 2015. s. 93. 
  12. Palmer, Robert (25. april 1982). «Music View; PAUL MCCARTNEY'S LATEST IS EXQUISITE BUT FLAWED». nytimes.com. The New York Times. Henta 22. mai 2018. 
  13. Miles, Barry; Badman, Keith, red. (2001). The Beatles Diary After the Break-Up: 1970–2001 (reprint utg.). London: Music Sales Group. ISBN 9780711983076. 
  14. «Paul To Reissue 'Tug of War' and 'Pipes of Peace'». Henta 22. mai 2018. 
  15. «Downloads». Henta 22. mai 2018. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 «Rock on the Net: 25th Annual Grammy Awards – 1983». Henta 22. mai 2018. 
  17. 17,0 17,1 «10th American Music Awards». Henta 1. februar 2012. 
  18. «The BRITs 1983». brits.co.uk. British Phonographic Industry. Henta 22. mai 2018. 
  19. «French album salstrofé – Paul McCartney – Tug of War» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  20. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 18. oktober 2011. Henta 22. mai 2018. 
  21. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  22. 22,0 22,1 1982年アルバム年間ヒットチャート «Japanese Year-End Albums Chart 1982» Check |url= value (hjelp) (på japansk). Oricon. Henta 22. mai 2018. 
  23. «Canadian album salstrofé – Paul McCartney – Tug of War». Music Canada. 
  24. «arkivkopi». Arkivert frå originalen 11. mars 2018. Henta 22. mai 2018. 
  25. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1979–1990». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. 
  26. «British album salstrofé – Paul McCartney – Tug of War». British Phonographic Industry.  Enter Tug of War in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  27. «American album salstrofé – Paul McCartney – Tug of War». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  28. 28,0 28,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  29. «Paul McCartney – Tug of War – austriancharts.at» (ASP) (på tysk). Henta 22. mai 2018. 
  30. Nielsen Business Media, Inc (12. juni 1982). Billboard – 21. juni – 1982. Henta 22. mai 2018. 
  31. Library and Archives Canada. Henta 22. mai 2018
  32. «dutchcharts.nl Paul McCartney – Tug of War» (ASP). dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 22. mai 2018. 
  33. «InfoPlate : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 28. desember 2010. Henta 22. mai 2018. 
  34. 34,0 34,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1982» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 22. mai 2018. 
  35. Nielsen Business Media, Inc (19. juni 1982). Billboard – 19. juni – 1982. Henta 22. mai 2018. 
  36. «Paul McCartney Japanese Album Chart listings». Original Confidence. Arkivert frå originalen 29. mars 2012. Henta 22. mai 2018. 
  37. «– Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) – Albums Chart Daijiten – The Beatles» (på japansk). 30. desember 2007. Arkivert frå a-ビートルズ originalen Check |url= value (hjelp) 14. februar 2012. Henta 22. mai 2018. 
  38. «charts.org.nz Paul McCartney – Tug of War». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 23. mai 2018. Henta 22. mai 2018. 
  39. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Tug of War» (ASP). VG-lista. Henta 22. mai 2018. 
  40. Nielsen Business Media, Inc (3. juli 1982). Billboard – 3. juli – 1982. Henta 22. mai 2018. 
  41. «swedishcharts.com Paul McCartney – Tug of War» (ASP). Henta 22. mai 2018. 
  42. «Chart Stats Paul McCartney – Tug of War». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen (PHP) 2. januar 2013. Henta 22. mai 2018. 
  43. «allmusic ((( Tug of War > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 22. mai 2018. 
  44. «Album Search: Paul McCartney: Tug of War» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 22. mai 2018. 
  45. «Austriancharts.st – Jahreshitparade 1982». Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  46. «Top 100 Albums '82». RPM. 25. desember 1982. Henta 22. mai 2018. 
  47. «Les Albums (CD) de 1982 par InfoPlate» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 29. desember 2012. Henta 22. mai 2018. 
  48. «UK best albums 1982». Arkivert frå originalen 29. desember 2012. Henta 22. mai 2018. 
  49. Nielsen Business Media, Inc (25. desember 1982). Billboard.com – Year End Charts – Year-end Albums – The Billboard 200. Henta 22. mai 2018. 


Føregangar
The Concert in Central Park
Simon & Garfunkel
Toppen av VG-lista
Paul McCartney

8 veker, veke 18–25, 1982
Etterfylgjar
Avalon
Roxy Music