Opna hovudmenyen

Gjæslingan fyr eller Gjeslingene fyr er eit leifyr som ligg på holmen Haraldsøykråka ved fiskeværet Sør-Gjæslingan nord for Folda i Vikna kommune i Trøndelag.

Gjæslingan fyr
Gjeslingene lighthouse in Vikna.tif
Gjæslingan fyrstasjon på den lave holmen Haraldsøykråka.
Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren
FylkeTrøndelag
KommuneVikna
FunksjonLeifyr
Oppretta1877
Koordinatar64°43′37″ N 10°51′15″ EKoordinatar: 64°43′37″ N 10°51′15″ E
Fyrtårn
Høgd24,3
FormRaudt tårn på kvit bygnad
ByggjematerialeStøypejarn og betong
Fyrlys
LyskarakterFI W 10s
Lysstyrke734 000 cd
Lyshøgd23,3 moh
Lysvidde14,7 nm
Status
EigarKystverket
Automatisert1987
Avfolka1987

Fyret vart bygd frå 1875 til 1877. Sjølve fyrtårnet er i støypejarn og står på ein sokkel av tilhogga stein. Inntil det opphavlege fyrtårnet vart det bygd ein fire etasjers høg bustadseining i armert betong i 1938. Fyrstasjonen vart rekna som ein av dei aller mest utsette på grunn av sjøen som slår over bygnaden i dårleg vêr. Opphavleg budde fyrvaktarane saman med familiane sine på stasjonen, men på grunn av den psykiske påkjenninga vart denne ordninga avvikla i 1902. Fyret vart automatisert og avfolka i 1987.

Historie og utviklingEndra

Bakgrunn for etableringaEndra

Bakgrunnen for etablering av ein fyrstasjon på Gæslingane var ei auking av dampskipstrafikken nordover i 1870-åra. På den opne og utsette havstrekninga Folla var det frå fleire hald ytra ynskje om eit fyr i nordenden av strekninga. Fyret skulle lyse opp innseglinga frå Folla gjennom Ellingråsa, som er ein del av kystleia fram til munningen av Namsenfjorden. Haraldsøykråka, den største holmen i den sørlege delen av Sør-Gjæslingan, vart pekt ut som den beste plassen. Denne holmen er ikkje høgare enn tre meter, slik at havdønningane frå sørvest ofte slår over han. Holmen ligg ca. 24 km sørvest for Rørvik i Vikna kommune.[1][2]

I 1870-åra vart det bygd mange fyr på utsette plassar. I tillegg til Gjæslingan vart det bygd fyrstasjonar på Torbjørnskjær, Marstein, Hestskjær, Åsvær og Træna. Bakgrunnen for dette var at ein på denne tida vart kjent med betong som eit godt byggjemateriale. Difor torde ein å byggje fyr på betydeleg meir utsette plassar enn før. Ei anna utvikling var overgangen frå fetoljar til parafin, noko som førte til mykje betre lysstyrke. Fyra vart òg utnytta betre ved hjelp av fyrkarakter, altså ulike blinkande og faste lyssignal, slik at mange fyr i same område kunne tydast frå kvarandre. Ein byrja òg med farga lys, slik at ureine farvatn kunne få anna farge enn dei reine.[3]

Bygginga av fyretEndra

Fyrbygnaden skulle bestå av eit 17 meter høgt fundament av hugga naturstein, i fundamentet skulle dei tre meter lågaste delane vere massive.[1] Høgda på tårnet vart planlagt til 6 meter. Det skulle bli sett inn eit 4. ordens lynblinkapparat.[4] Som eit ekstra vern for støypejarnstårnet skulle det bli sett opp ein 3 meter høg tjukk levegg av stein mot sørvest. Denne skulle ha minkande tjukkleik mot toppen.[1] Det var vanleg å byggje store soklar under fyrtårna for å heve dei så høgt opp at sjøen ikkje skulle kunne slå opp mot dei. Same konstruksjon med høg sokkel vart valt på Grip fyr og Kya fyr, som saman med Gjæslingan fyr blir rekna for å vere dei tårna som står aller mest utsett til.[5]

Bygginga av fyret starta i slutten av mai 1875. På grunn av dårleg vêr oppsto store vanskar under bygginga. Det vart i løpet av ei veke bygd ei brakke på holmen, men sjøen skylde vekk dei fleste materialane ein hadde fått på plass. Likevel greidde ein å få bygd éin etasje av fundamentet før hauststormane tok til. I fundamentet vart reiskap og materialar stua bort og dekka over. No ville ein ikkje lite på at arbeidsbrakka ville bli ståande gjennom vinteren. I januar 1876 blåste det opp til orkan, som igjen feia vekk arbeidsbrakka, dessutan vart brygga òg slått sund. Brygga var heilt naudsynt for å få sett i land sand og sement, dermed oppsto forseinkingar i bygginga. Òg ved eit seinare høve vart kaia øydelagt. I tillegg var det så dårleg vêr i juli og august 1876 at arbeidet måtte bli innstilt.[1] For å kome i land vart arbeidarane heist med kran frå båt over til holmen; ein kjetting med hake vart svinga ut over båten og denne greip karane fast i, så vart dei løfta og svinga inn på fast grunn.[2]

Omsider vart fyret tent etter ein kostbar og komplisert byggeperiode,[2] fyrste gong 10. oktober 1877. Det var da innreidd tre rom og kjøkken i tårnet.[1] På holmen var det òg sett opp eit naust. Frå naustet gikk det ein skjenegang til landingsplassen.[4]

Seinare utviklingEndra

 
Gjæslingan fyr ca. 1900–1910. Fyret var kjend for sine vanskelege landingsforhold og harde vêrforhold.
Foto: Anders Folkestadås

Fyrstasjonen var planlagt for å vere ein såkalla «familiestasjon», det vil seie at familiane til fyrvaktarane òg skulle ha fyret som bustad. Ein var oppmerksam på at det ville bli ei utfordring, og stasjonen vart hevda å bli den verste i heile Noreg. I eit brev til departementet het det at liv på fyret ville medføre «mer end vanlig Savn og Besværligheter, Spænding og Sindets uro, der vil være forbundet med at se Sjøen overskylle Boligen lige til Toppen». At forholda var vanskelege, vart seinare stadfesta i 1896, då ein postførar under teneste ved fyret drukna. I 1902 vart det difor vedtatt at fyrstasjonen ikkje skulle vere opphaldsplass for familiane til fyrvaktarane.[4]

I 1913 vart det oppretta eit bifyr som vart plassert 4 meter lågare enn hovudfyret, men i same tårn. Bakgrunnen var at eit ruteskipsselskap hadde søkt om belysning inn Stangholmleia inn til Sør-Gjæslingan.[4]

Landingsforholda vart forbetra i 1928, då det vart brukt 200 000 kroner til dette føremålet.[6]

I 1928 vart det gjort ein stor ombygging av fyret ved at ein fireetasjers bygnad i armert betong vart ført opp heilt inntil tårnet. I fyrste etasje av denne vart det laga eit naust, og plassert ein oljetank for eit sentralfyringsanlegg. Maskinhall og vaktrom vart ført opp i andre etasje. Vidare vart det innreidd felles stue og kjøkken, og fire soverom i tredje og fjerde etasje. Året etter vart det installert diafontåkesignal med fire trykklufttankar i den eldste delen av bygnaden.[4]

Fyret vart elektrifisert i 1961, då det fikk installert elektriske aggregat. Med det vart òg fyrlyset vesentleg forsterka. Fram til 1972 var det tre mann på vakt på fyret, mens ein fjerde hadde frivakt på land. Seinare vart ordninga gjort om til to mann på fyret og to mann på fritørn, i to eller tre veker i gangen.[4] I 1987 vart fyret automatisert og avfolka.[7]

Under ein storm vart interiøret til fyret øydelagt. Likevel er eit bustadsrom bevart og viser at dei var forseggjort og påkosta. Dette er omtalt i Nasjonal verneplan for fyrstasjonar, kor det vidare er skildra at fyrstasjonen har høg fyrhistorisk verdi. Den viser materialbruk og formspråk frå to epokar. Anlegget har særpreg og den borgaktige bygnaden har stor miljøskapande verdi.[7]

Fyret vart føreslått freda i nasjonal verneplan i 1997, men vart likevel ikkje freda.[8]

Tekniske fyrdataEndra

Fyret er eit raudt jarntårn på ein kvit betongbygnad. Lyshøgden er 23,3 meter over høgvatn for hovudfyret, og 19,3 meter for bifyret. Lysstyrken til hovudfyret er på 734 000 Candela,[1] og lysvidda er på 9 nautiske mil.[9] Byfiret har ein lysstyrke på 460 cd og ei lysvidde på 7,9 nautiske mil.[1] Lyskarakteren er FI W 10s,[9] noko som tyder at det gjev frå seg ein kvit lysblink kvart 10. sekund. Bifyret gjev fast lys med to farga sektorar.[1] Fyret er òg eit radarfyr som gjev ut signalet «G».[9]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Bjørkhaug: Norges fyr, side 135.
  2. 2,0 2,1 2,2 Torunn Herje (1999). Kysten vår: Namdalskysten gjennom 10000 år. Namsos: Kystbok. ISBN 82-9113-424-3. 
  3. Rode: Norges fyrvesen, side 84.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Bjørkhaug: Norges fyr, side 137.
  5. Rode: Norges fyrvesen, side 140.
  6. Rode: Norges fyrvesen, side 152.
  7. 7,0 7,1 Danckert Monrad-Krohn (1997). «Gjeslingene fyrstasjon». Norske fyr – Nasjonal verneplan for fyrstasjoner. Riksantikvaren. ISBN 82-7574-018-5. 
  8. Hilde Arna Tokle (2007). «Statens fredede og verneverdige bygninger i Nord-Trøndelag». Årbok for Nord-Trøndelag 2007. 
  9. 9,0 9,1 9,2 norgeskart.no, Kartverket

LitteraturEndra

BakgrunnsstoffEndra