Grønflangre

planteart
Grønflangre

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Epipactis
Art: E. leptochila
Vitskapleg namn
Epipactis leptochila
(Godf.) Godf.
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Europa

Grønflangre (Epipactis leptochila) er ei planteflangreslekta Epipactisorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Arten lever i lauvskog i det meste av Europa frå Danmark og sørover, men finst ikkje i Noreg.[3]

Systematikk

endre

I Belgia reknar ein med to underartar, E. leptochila ssp. leptochila og E. leptochila ssp. neglecta,[4][5] som òg er tekne med i Plants of the World Online.[3]

Utbreiing

endre

Grønflangre (dansk namn storblomstret hullæbe) er sjeldan i Danmark, med nokre få veksestader på Møn og Falster. Arten er rekna som nær truga (NT).[6]

Både i Storbritannia og Irland er det uvisse om tilhøvet mellom grønflangre (engelsk namn narrow-lipped helleborine) og den endemiske arten E. dunensis.[7] Sett under eitt er dei to artane livskraftige, men det trengst meir data for å vurdere artane i alle landsdeler i Storbritannia.[8][9][10] I Wales reknar ein grønflangre som kritisk truga (CR).[11] Arten er sett på venteliste (WL) for raudlistevurdering i Irland.[12]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn smallippige wespenorchis, fransk namn épipactis des marais) ikkje i Nederland, heller ikkje i Flandern i Belgia, medan det er nokre få funnstader sør i Vallonia.[13] I Belgia er båe underartane rekna som sterkt truga truga (EN, en danger) i Vallonia.[14] I Luxembourg er han rekna som ekstremt sjeldan (R).[15]

Hybridar

endre

Det første kjende funnet i verda av hybriden mellom grønflangre og snauflangre (Epipactis leptochila × phyllanthes) vart registrert i ein skog på Lolland i år 2000.[16] Hybriden med skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × leptochila eller Epipactis ×stephensonii)[17] er rapportert frå sør i England, men ikkje verifisert.[18]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar grønflangre». Artsdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre grønflangre». Artsdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 «PoWO: Epipactis leptochila». Plants of the World Online. Henta 5. mars 2022. 
  4. «Epipactis leptochila subsp. leptochila». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024. 
  5. «Epipactis leptochila subsp. neglecta». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024. 
  6. «Naturbasen: Storblomstret Hullæbe Epipactis leptochila». Naturbasen. Henta 5. mars 2022. 
  7. Richard M. Bateman (2020). «Implications of next-generation sequencing for the systematics and evolution of the terrestrial orchid genus Epipactis, with particular reference to the British Isles». Kew Bulletin 75 (4): 1–22. ISSN 1874-933X. doi:10.1007/S12225-020-9870-X. 
  8. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  9. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  10. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Verspreidingskaart: Smallippige wespenorchis – Epipactis leptochila». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024. 
  14. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  15. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  16. Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  17. «PoWO: Epipactis × stephensonii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  18. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 

Bakgrunnsstoff

endre