Snauflangre

planteart
Snauflangre

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Epipactis
Art: E. phyllanthes
Vitskapleg namn
Epipactis phyllanthes
G.E.Sm.
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: nordlege og vestlege Europa

Snauflangre (Epipactis phyllanthes) er ei planteflangreslekta Epipactisorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Arten lever i barskog eller lauvskog i den nordlige og vestlege delen av Europa, men finst ikkje i Noreg.[3]

Systematikk

endre

I den svenske Artdatabanken er det oppgitt at snauflangre har tre underartar i Sverige:[4][5]

I Plants of the World Online er desse ikkje rekna som underartar, men som synonym for arten.[3]

Utbreiing

endre

I Sverige finst snauflangre (svensk namn kal knipprot) på Gotland og somme stader på fastlandet heilt i sør. Han er rekna som sterkt truga (EN).[5]

Arten (dansk namn nikkende hullæbe) er relativt sjelden i Danmark, men har spreidde veksestader i fleire landsdelar og er rekna som livskraftig (LC).[6]

Snauflangre (engelsk namn green-flowered helleborine) er ganske vanleg sør i England med spreidde funnstader lenger nord og i Wales, men ikkje i Skottland. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[7] på same måte som lokalt i England,[8] medan han er rekna som sårbar (VU) i Wales.[9] I Irland er arten sjeldsynt og er rekna som sterkt truga (EN).[10]

I Belgia har arten (nederlandsk namn groene wespenorchis, fransk namn épipactis à fleurs pendantes) nokre få veksestader i Flandern i nærleiken av Brussel,[11] og han finst ikkje i Vallonia. Han er rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern.[12]

Hybridar

endre

Hybriden mellom snauflangre og skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × phyllanthes eller Epipactis ×bruxellensis)[13] er registrert i Sverige[14] og er funnen i herbariemateriale frå Sjælland i Danmark.[15] Hybriden med raudflangre (Epipactis atrorubens × phyllanthes) er òg funnen i Sverige.[16] Det første kjende funnet i verda av hybriden mellom snauflangre og grønflangre (Epipactis leptochila × phyllanthes) vart registrert i ein skog på Lolland i år 2000.[15]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar snauflangre». Artsdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre snauflangre». Artsdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 «PoWO: Epipactis phyllanthes». Plants of the World Online. Henta 5. mars 2022. 
  4. Sven Birkedal og Karel C.A.J. Kreutz (2009). «Knipprötter i Skåne». Botaniska notiser 142 (4): 1–11. 
  5. 5,0 5,1 «Artfakta: Epipactis phyllanthes kal knipprot». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Nikkende Hullæbe Epipactis phyllanthes». Naturbasen. Henta 5. mars 2022. 
  7. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  8. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  9. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  10. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  11. «Verspreidingskaart: Groene wespenorchis – Epipactis phyllanthes». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024. 
  12. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  13. «PoWO: Epipactis × bruxellensis». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  14. «Artfakta: Epipactis helleborine × phyllanthes skogsknipprot × kal knipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  15. 15,0 15,1 Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  16. «Artfakta: Epipactis atrorubens × phyllanthes purpurknipprot × kal knipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre