Grønskjegghjelmkolibri
Grønskjegghjelmkolibri (Oxypogon guerinii) er ein kolibri som er endemisk for den austlege 'cordillera' av colombiansk Andes, frå Cundinamarca nordover til området aust for Bucaramanga i Santander-departementet.
Grønskjegghjelmkolibri | |
Grønskjegghjelmkolibrihann | |
Grønskjegghjelmkolibrihoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av grønskjegghjelmkolibri | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Lesbiinae |
Stamme: | Lesbiini |
Slekt: | Oxypogon |
Art: | Grønskjegghjelmkolibri O. guerinii |
Vitskapleg namn | |
Oxypogon guerinii |
Skildring
endreGrønskjegghjelmkolibrien er ein mellomstor kolibri, ca. 12 centimeter i kroppslengd. Vekta varierer mellom 4,4 og 6,2 gram der hannfuglar har størst masse. Som andre Oxypogon-kolibriar har hannfuglar av denne arten ein særmerkt, rufsete fjørkam og skjegg, men denne arten har grøn farge i det sentrale, iriserande partiet i strupeskjegget. Det mørke hovudet er omkrinsa av lys, gulbrun krage. Undersida er lys brun, oversida er mørkare olivengrøn. Det svarte nebbet er kort og rettpeikande. Det karakteristiske for O. guerinii er den grøne farga i skjegget og at undersida er jamt farga brun utan sjatteringar.[1] Hofuglen liknar hannen, men manglar fjørtopp på hovudet og manglar skjegget.
Utbreiingsområdet for grønskjegghjelmkolibrien ligg høgt i den austlege fjellkjeda av Andes, habitatet finst over 3000 moh. og opp til 5200 moh., der han er knytt til Espeletia-plantar. Dietten er insekt og nektar.[1]
Hekking skjer ofte i underheng ved fossar eller i elvebankar. Storleiken på kullet er to egg som hofuglen rugar i ca. 22 dagar. Ungane er flygedyktige etter 35 til 38 dagar.[2]
Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, men er trudd å vere minkande. Han vanleg i delar av utbreiingsområdet og er klassifisert som livskraftig (LC) av IUCN.[2]
Kjelder
endre- Collar, N.J. & Salaman, P. 2013. The taxonomic and conservation status of the Oxypogon helmetcrests. Conservación Colombiana 19: 31-38.
- Züchner, T., P. F. D. Boesman, C. J. Sharpe, G. M. Kirwan, og A. Bonan (2020). Green-bearded Helmetcrest (Oxypogon guerinii), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gnbhel1.01
- BirdLife International (2023) Species factsheet: Oxypogon guerinii. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. august 2023
- Referansar