Grasøyane fyrstasjon

Grasøyane fyrstasjon er eit fyr som ligg på Grasøya i Ulstein kommuneSunnmøre. Fleirtalsforma Grasøyane viser til dei omlag jamstore øyane Grasøya og Skjærvøya.

Grasøyane fyrstasjon

Grasøyane fyrstasjon
Foto: Riksantikvaren
FylkeMøre og Romsdal
KommuneUlstein
FunksjonInnseglingsfyr
Oppretta1886
Koordinatar62°25.8435′N 5°45.5438′E / 62.4307250°N 5.7590633°E / 62.4307250; 5.7590633
Fyrtårn
Høgd20,5
FormRaudt tårn med eitt kvitt belte
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterTo okkulterande glimt kvart 8. sekund
Lyshøgd28,8 moh.
Lysvidde12,6 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1986
Avfolka1986
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Grasøyane fyrstasjon
62°25′51″N 5°45′33″E / 62.430806°N 5.759056°E / 62.430806; 5.759056
Grasøyane fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Grasøyane fyrstasjon

Fyrstasjonen har to fyrtårn. Det eine står i den opphavlege fyrbygningen i tre med tårn i hjørnet og vart bygd i 1886. Det andre er eit 16 meter høgt støypejernstårn frå 1950, det siste som vart bygd i landet. Tretårnet vart skadd under eit flyåtak i 1945. Stasjonen får straum frå eit solcellepanel. Fyrstasjonen vart avbemanna og automatisert i 1986.

I tillegg har fyrstasjonen maskinhus, uthus og ein finn tufter etter assistenbustad, samt landing med ei lang bryggje i ei langgrunn fjøre.

Fyrstasjonen ligg innanfor området som er dekt av Runde naturreservat og er verna etter lov om naturvern. I tillegg har fyrstasjonen fyrhistorisk verdi med to generasjonar fyrtårn, og er derfor òg freda etter lov om kulturminne.


Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre