Greatest Hits, Volume II av Chicago
Greatest Hits, Volume II Samlealbum av Chicago | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. november 1981 | |
Innspelt | Januar 1969 - juni 1978 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:49 | |
Selskap | Columbia | |
Chicago-kronologi | ||
---|---|---|
Chicago XIV (1980) |
Greatest Hits, Volume II | Chicago 16 (1982)
|
Greatest Hits, Volume II er eit samlealbum til det amerikanske rockebandet Chicago, og det femtande i alt, gjeve ut i 1981.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Bakgrunn
endreEtter Chicago XIV i 1980, droppa Columbia Records Chicago frå avtalen sin og avslutta den lukrative kontrakten bandet nyleg hadde signert. Bandet hadde byrja å arbeide med David Foster og var i prosessen med å byggje ein ny identitet, men Columbia måtte i følgje kontrakten gje ut eit album til. Selskapet ønskte derfor å følgje opp den særs suksessrike første samleplata frå 1975, Chicago IX - Chicago's Greatest Hits.
Det kom ut i november 1981 og inneheldt i hovudsak songar frå Chicago VIII til Hot Streets i 1978. Etter den tid slutta hittane å kome. Det kom ut like før Chicago uventa fekk liv att i karrieren sin med Chicago 16, og nådde berre 171. plassen i USA.
Som føregangaren har Greatest Hits, Volume II sidan blitt overteken av The Very Best of: Only the Beginning frå 2002 og er ikkje lenger i sal.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Baby, What a Big Surprise» | Peter Cetera | 3:03 |
2. | «Dialogue (Part II)» | Robert Lamm | 4:10 |
3. | «No Tell Lover» | Peter Cetera/Lee Loughnane/Danny Seraphine | 3:47 |
4. | «Alive Again» | James Pankow | 3:32 |
5. | «Old Days» | James Pankow | 3:29 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «If You Leave Me Now» | Peter Cetera | 3:55 |
7. | «Questions 67 and 68» | Robert Lamm | 3:26 |
8. | «Happy Man» | Peter Cetera | 3:15 |
9. | «Gone Long Gone» | Peter Cetera | 3:57 |
10. | «Take Me Back To Chicago» | Danny Seraphine/David Wolinski | 3:00 |
Medverkande
endre- Peter Cetera - elektrisk bass, akustisk gitar, solo- & korvokal
- Terry Kath - akustisk gitar, elektrisk gitar, solo- & korvokal
- Robert Lamm - piano, klaverinstrument, perkusjon, solo- & korvokal
- Lee Loughnane - trompet, flygelhorn, kornett, gitar, perkusjon, korvokal
- James Pankow - trombone, perkusjon, korvokal
- Walter Parazaider - saksofon, fløyte, klarinett
- Danny Seraphine - trommer, perkusjon
- Laudir DeOliveira - perkusjon
- Donnie Dacus - akustisk gitar, elektrisk gitar, korvokal
Lister
endreAlbum - Billboard (Nord-Amerika)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1981 | Pop Album | 171 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Greatest Hits, Volume II (Chicago album)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: