Grimo er ei bygd som høyrer til Ullensvang kommune i Vestland. Bygdesamfunnet ligg på vestsida av Sørfjorden inst i Hardangerfjorden nær Folgefonna. I nord grensar Grimo mot Utne og i sør mot Aga, og er ein viktig del av jordbruksheradet Ullensvang. Ca. 10 % av innbyggjarane i heradet bur i Grimo. Barne- og ungdomsskulen for den delen av Folgefonnhalvøya som ligg i Ullensvang, Hauso skule, ligg her.

Grimo
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5777 GRIMO
Preposisjon i Grimo
Kart
Grimo
60°23′09″N 6°38′42″E / 60.385947°N 6.645106°E / 60.385947; 6.645106

På Haustveit er det registrert viktige helleristingar frå bronsealderen. Helleristningane er hogde inn i ein stor stein som ligg på Håhaug ca. 100 moh. På Hausatveite er det offergroper og fotefar.

Frå sør til nord består poststaden Grimo av desse grendene: Velure (under Velurenuten 1335 moh.), Hetleflot, Jåstad (Rundenuten 1256 moh.), Brandstveit, Haustveit (Hausanuten 1120 moh.), Hauso, Årekol, Grimo (under Grimsnuten 1233 moh.), Langesæter og Trones.

I den brattlendte bygda er det ei rekkje bekkar og elvefar. God og spreidd vasstilførsle er også viktig for produksjonen av kvalitetsfrukt. Elvefara har lokale namn som Grimelva, Skotabekken, Nordalsbekken, Matbekken, Hauselva, Haustveitelva, Frederiksbekken, Mearebekk, Branstveitelva, Kvernhusbekken og Jåstadelva.

Bygda er full av små naturperler. 3 km opp mot Trones er det utsikt langt innover Sørfjorden, Kinsarvik og innover Eidfjorden. Like ved Hauso skule er det bevart fleire kvernhus.

Næringsliv endre

Nesten all næring er i dag basert på fruktproduksjon kombinert med sauer. På denne måten held ein kulturlandskapet i hevd frå fjord til fjell. Tidleg på 1900-talet var registrert ei rekkje næringar som ysteri, hotell og bryneproduksjon.

Klimatiske forhold saman med det rike jordsmonnet gir grunnlag for dyrking av frukt av høg kvalitet. Morellar, eple, plommer og pærer er dei viktigaste, medan jordbærdyrkinga vert driven i mindre grad enn før.

Frukt får generelt meir tid til å utvikla seg i Noreg enn i varmare, sørlegare strøk. Dette gjev den norske frukta ei søtare og rikare smaksoppleving. Fruktseljarar hevdar at morellane i Hardanger er betre enn Telemarksmorellene, av di fjorden gjev ekstra spegling av solljoset mot morellane. Mest viktig for fruktdyrkinga er jordsmonn og klima. I fortid med lokal kornproduksjon kom dette tydelegast fram ved ei aktiv ølbrygging i Grimo medan kornet på andre sida av fjorden berre kunne nyttast til å laga suppe. Derav fekk iflg. dei eldste i bygda den nordre delen av austsida namnet ”Supastrånde” med utspring i den fattigare jorda.[treng kjelde]

Forholdet mellom temperatur og fukt spelar også inn. Klimaet er ideelt for produksjon av kvalitetsfrukt av fleire årsaker. Temperaturen er litt høgare på vestsida av Sørfjorden. Dette ser ein godt om våren då snøen smeltar tidlegare, graset vert tidleg grønt og den påfølgjande bløminga kjem raskt i gang. Utover sumaren konserverer svaberga dagstemperaturen utover kvelden og sør i bygda gir også Folgefonna eit bidrag til å konservera ein høgare nattetemperatur på grunn av loket kaldlufta frå breen lagar.

Sumarsdagen er det ein halvtime ekstra sol i Grimo i forhold til tvers over fjorden.

Kjelder endre