Gryllefjord kapell

kapell i Senja kommune

Gryllefjord kapell er ei langkyrkje i tre som står i Gryllefjord i Senja kommune i Troms.[1]

Gryllefjord kapell
kapell
Gryllefjord kapell med minnebautaen i framgrunnen.
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Senja
Sokn Torsken sokn
Fellesråd Torsken
Type langkyrkje
Teknikk tømra[1]
Material tre[1]
Innvigd 1902[1]
 - Endringar Restaurert i 1938 og 1993
Tårn I vest
Kyrkjegard I Ballsvika, over fjella i nordaust
Preikestol Frå 1938, av Olav Flakstad[1]
Døypefont Frå 1938, av Olav Flakstad[1]
Altartavle Krusifiks[1]
Sitjeplassar 150[1]
Kart
Gryllefjord kapell
69°21′43″ N 17°3′25″ E
Wikimedia Commons: Gryllefjord kapell

Byggverket vart reist i 1902 og har 150 sitjeplassar.[1] Kapellet er tømra, utanom nordveggen som er kledd i eternitt.[2]

Bygget vart reist som bedehus og sidan vigsla som kapell. I 1938 vart det påbygd. Preikestolen og døypefonten er frå det året og vart laga av Olav Flakstad.[1] Utanfor kapellet står ein bauta til minne om ein tragedie under den andre verdskrigen, i 1943, då 13 fiskarar omkom på Svennsgrunna utanfor Senja.

Gravplass endre

Gravplassen for området ligg i Ballsvika, over fjella nordaustom Gryllefjord.

Referansar endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Gryllefjord kapell». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 130. ISBN 82-7527-022-7. 
  2. Ronny Trælvik og Lill-Karin Nyland (2015). «Gryllefjord kapell». Kirkene i Troms 1. Finnsnes: Bok i Nord. s. 148. ISBN 978-82-93393-05-4. 

Bakgrunnsstoff endre