Guadalupestormsvale

Guadalupestormsvale

Status i verda: CR Kritisk truga

Bilete av utstoppa eksemplar
Bilete av utstoppa eksemplar

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Hydrobatidae
Slekt: Oceanodroma
Art: O. macrodactyla
Vitskapleg namn
Oceanodroma macrodactyla
W.E. Bryant, 1887

Guadalupestormsvale, Oceanodroma macrodactyla, var ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien som i dag tilsynelatande er utrydda. Denne arten var nesten umogleg å skilje frå slektningen sin, arten stormsvale (Oceanodroma leucorhoa). I feltet kunne ein ikkje skilje dei frå kvarandre. I handa kunne guadalupestormsvala vere prega av litt større storleik og bleikare dekkfjører på undervengen.[1]

Guadalupestormsvala hekka utelukkande på Guadalupeøya utanfor Baja California i Mexico, og spreidde seg truleg i heile regionen utanom hekketida. Hekkesesongen låg mellom sesongane til dei lokale underartene av arten stormsvale, om vinteren Oceanodroma leucorhoa cheimomnestes og sommaren O. l. socorroensis, i samsvar med prinsippet til Gause.[2]

Hekkinga føregjekk i tåkeskog på toppen av Mount Augusta. I midten av juni hadde nesten alle ungar forlate reirhòlene. Ein fann tre lusartar som parasittar på guadalupestormsvala. Ein av dei tre lusartane har til no ikkje blitt funnen på andre fuglar og synest å vere eit tilfelle av at parasitten blei utrydda saman med verten.[treng kjelde]

ForsvinningaEndra

Innføringa av kattar til øya desimerte bestanden på slutten av 1800-talet. Ved utgangen av hekkesesongen 1906, vart populasjonen likevel rekna som talrik.[3] Trass dette vart det notert at

«Dødsrata blant desse fuglane frå herjingane til kattar som har overfalle øya er forferdelege - venger og fjører ligg spreidd i alle retningar rundt reirhòlene langs toppen av Pine Ridge.»[3]

Det vert sagt at dei to siste prøvene vart samla inn mellom 2. mai og 5. mai 1911[4] og siste registreringa av ei guadalupestormsvale skjedde i 1912.[5] Før år 2000 var utryddinga ikkje definitivt stadfesta på grunn av forvekslingsfaren med O. leucorhoa i feltet.

Frå juni 4 til 10 juni 2000, vart hekkeområda til guadalupestormsvala endeleg kartlagt på rett tidspunkt. Hadde arten overlevd ville nyleg flygeferdige ungfuglar vore til stades, attåt andre teikn på ein nyleg avslutta hekkesesong, som eggeskal og ferske brukte reirhòl med lukta av desse fuglane. Leiaren for ekspedisjonen, Exequiel Ezcurra ved San Diego Natural History Museum, sa fylgjande:

«Vi søkte grundig etter guadalupestormsvala, men klarte ikkje å finne ho. Diverre er vi no meir klår til å innrømme at arten faktisk er utrydda. Aldri sidan 1920-talet har så mykje leiteinnsats vore vigd til denne arten. På ulike tider såg meir enn 10 forskarar etter den unnvikande skapningen. Han var rett og slett ikkje der.»[1]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Luther, Dieter (1996): Guadalupe-Wellenläufer. In: Die ausgestorbenen Vögel der Welt (Die neue Brehm-Bücherei 424) (4th ed.): 22. [in German] Westarp-Wissenschaften, Magdeburg; Spektrum, Heidelberg. ISBN 3-89432-213-6
  2. Carboneras, Carles (1992). «Family Hydrobatidae (Storm petrels)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D. Ostrich to Ducks. Handbook of the Birds of the World. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. s. 258–271, plansje 17. ISBN 84-87334-10-5. 
  3. 3,0 3,1 Thayer, John E. & Bangs, Outram (1908): The present state of the ornis of Guadaloupe Island. Condor 10(3): 101-106. doi:10.2307/1360977 PDF fulltext
  4. Townsend, Charles Haskins (1923): Birds collected in Lower California. Bulletin of the American Museum of Natural History 48: 1-25. PDF fulltext
  5. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 15. februar 2014