Gulsporv
Gulsporv (Emberiza citrinella) er ein stor sporv med lang stjert i familien busksporvar.
Gulsporv | |
Gulsporvhann | |
Gulsporvhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av Gulsporv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Busksporvfamilien Emberizidae |
Slekt: | Emberiza |
Art: | Gulsporv E. citrinella |
Vitskapleg namn | |
Emberiza citrinella |
Utbreiing og taksonomi
endreGulsporven hekkar i Europa og i det vestlege og sentrale Asia. Aust i utbreiingsområdet og i det vestlege og midtre Sibir hybridiserer den ofte med Emberiza leucocephalos som har sin vestlege utbreiingsgrense i desse områda. På grunn av dette vert dei to artane iblant rekna som to underartar av ein enkelt art.
Ein deler gjerne gulsporven i tre underartar:
- Emberiza citrinella citrinella - nominatforma hekkar i det søraustre England, Skandinavia, og elles i det nordlege, vestlege og sørvestlege Europa, og så langt aust som til Ob.
- Emberiza citrinella caliginosa - hekkar i Storbritannia og Irland.
- Emberiza citrinella erythrogenys - hekkar i det austlege og søraustlege Europa, og vidare austover gjennom Sibir til det nordvestre Mongolia og sør til det nordlege Iran.
Gulsporvane som lever i nord er trekkfuglar medan dei som lever i sør er standfuglar.
Arten har også vorte introdusert på New Zealand
Utsjånad
endreGulsporven er 17-18 cm lang og har eit vengespenn på 23-30 cm. Vekta er litt under 30 gram. Hannen er gul på hovudet, med mørkare flekkar og strekar på halsen og brystet. Buken er einsfarga gul. Ryggen og skuldrene er gråaktig raudbrune med svarte flekkar. Hoa er noko mindre fargerik i drakta.
Forvekslingsart er hannen hos grønsisiken.
Læte
endreSongen er samansett av nokre korte strofer. Det er vanleg å seie at fuglen tel til sju, på denne måten: tju, tju , tju, tju, tju, tju, tjuuu. Talet på strofer kan variere frå fem til elleve.
Gulsporven er vanleg i jordbrukslandskapet i Sør-Noreg, spesielt på Austlandet og i Trøndelag. Meir varierande bestandar på Vestlandet. I Nord-Noreg er der bra bestandar i dei beste jordbruksområda i dalføra og dei indre fjordstroka. I Finnmark er fuglen fåtalig. I 2015 var bestanden trudd å vere 200 000-400 000 individ i Noreg.[2] Fuglen held til både i beitemarker og fulldyrka marker, og vil gjerne ha litt busker der han held seg. Arten er sårbar for endringar i jordbruket, og gjekk kraftig attende mange stader i tida etter 1945. Andre stader har hatt oppgang i bestanden, men på landsbasis har utviklinga helst vore negativ. I Sør-Noreg er gulsporven dels standfugl, dels streiffugl. I Nord-Noreg er mykje av bestanden trekkfuglar, og overvintrar både i Sør-Noreg og i landa i Vest-Europa.
Hekking
endreHoa bygger eit reir av gras og anna materiale og plasserer det godt gøymd på marka, ein sjeldan gong i låge busker. Ho legg 4-5 egg i kullet. Desse vert ruga i 13 døgn, for det meste av hoa. Begge foreldra matar ungane, som er flygedyktige etter 15-16 døgn.
Føde
endreGulsporven lever av insekt og frø.
Galleri
endre-
Film av syngande gulsporv
-
Gulsporvegg
Referansar
endreNoter
endre- ↑ Artsdatabanken Raudliste faktaark gulsporv Emberiza citrinella Linnaeus, 1758 Henta 4. desember 2010
- ↑ Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av gulspurv Emberiza citrinella for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 4. desember 2021
Kjelder
endre- Jon Opheim, 1994, Artsomtale: Emberiza citrinella – gulspurv, S. 496 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 4. desember 2021
- Lars Larsson, Birds of the World, 2001, CD-rom
- Denne artikkelen bygger på «Gulsparv» frå Wikipedia på svensk, og «Gulsporv» frå Wikipedia på bokmål den 13. januar 2010.