Opna hovudmenyen

Gunnar Kvassheim (fødd 25. november 1953) er ein norsk politikar, som representerer partiet Venstre. Han vart innvald på Stortinget frå Rogaland fylke i 1997, og sat som stortingsrepresentant fram til Stortingsvalet 2001. Ved Stortingsvalet 2005 vart han vald inn att som representant. Han er Venstre sin miljøpolitiske talsmann.

Gunnar Kvassheim
Gunnar Kvassheim.JPG
Fødd14. juni 1953
Egersund
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør

Gunnar Kvassheim vart fødd i i Eigersund. Han vart utdanna høgskulekandidat i Samfunnsfag frå Rogaland Distriktshøgskule i 1975. Frå 1976 til 1997 jobba han som journalist og redaktør i Dalane Tidende. Han sat i Eigersund kommunestyre frå 1975 til 1983 og i Rogaland fylkesting frå 1979 til 1987.

Kvassheim var statssekretær ved Statsministerens kontor frå 19. oktober 2001 og til regjeringa Bondevik II gjekk av i 2005. Han var òg parlamentarisk leiar for Venstre si stortingsgruppe frå 1997 til 2001. I stortingsperioden 2005-2009 er han leiar av energi- og miljøkomiteen.

StortingskomitéerEndra

BakgrunnsstoffEndra