Guppy
Guppy | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Orden: | Cyprinodontiformes | |
Familie: | Poeciliidae | |
Slekt: | Poecilia | |
Art: | P. reticulata | |
Vitskapleg namn | ||
Poecilia reticulata |
Guppy (Poecilia reticulata) er ein liten tannkarpeart som lever i Trinidad og delar av Sør-Amerika. Han er hovudsakleg kjend som akvariefisk, og reknast som både populær og særs enkel å halda.
KjenneteiknEndra
Guppyen er ei lita tannkarpe, som ikkje vert stort større enn 6 cm. Hoa har størst kropp, men hannen har større og meir prangande hale. Dette gjer at dei ser om lag like store ut. Dei finst i fleire fargevariantar, og det er som regel hannen som er sterkast farga.
LevesettEndra
Guppyen finst i mange habitat. Han trivst best i stilleståande vatn med ganske varme temperaturar (23-24 °C) og mykje vegetasjon, og toler etter tilvenning eit saltinnhald på opp til 1,025. Dei lever av dyreplankton, små insekt og detritus. Akvarievariantar er særs lett å få til å ta tørrfor.
Guppyane er særs fruktbare, og før levande ungar. Etter ei drektigheitsperiode på 4-6 veker set hoa 20-40 små yngel til verda. Dei har ingen yngelpleie; faktisk hender det tilmed at dei vaksne et sitt eige avkom. Dei vert kjønnsmogne allereie etter to-tre månadar.
Sidan guppyen er så lett å halda i akvarium, er han ein del brukt både som forsøksdyr (m.a. i genforsking) og oppdrettsfisk til levandefor.
BakgrunnsstoffEndra
AkvarieWeb Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. FishBase