Gustav Ludwig Hertz

(Omdirigert frå Gustav Hertz)

Gustav Ludwig Hertz (22. juli 188730. oktober 1975) var ein tysk fysikar og professor og nobelprisvinnar.

Gustav Ludwig Hertz

FøddGustav Ludwig Hertz
22. juli 1887
Hamburg i Det tyske keisarriket
Død30. oktober 1975 (88 år)
Aust-Berlin i Aust-Tyskland
NasjonalitetTysk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarTechnische Universität Berlin
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Humboldt-Universität zu Berlin
Universitetet i Leipzig
Philips
Siemens AG
Sukhumi Institute of Physics and Technology
Alma materHumboldt-Universität zu Berlin
DoktorgradsrettleiarHeinrich Rubens
Max Planck
Kjend forFranck-Hertz-eksperiment
EktefelleEllen Dihlmann
BarnCarl Hellmuth Hertz
MedlemAkademie der Wissenschaften der DDR
Det saksiske vitenskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det saksiske vitenskapsakademiet

Hertz vart fødd i Hamburg og studerte ved Universitetet i Göttingen, München og Berlin fram til han vart uteksaminert i 1911. I 1913 byrja han som forskingsassistent ved Berlins universitet, men vart tvungen til å forlate tenesta alt året etter på grunn av første verdskrigen. Under krigen vart Hertz alvorleg skadd, men kunne framleis vende tilbake til Berlin i 1917, der han no fekk teneste som «privatdocent». Mellom 1920 og 1925 jobba han i fysikklaboratoriet ved Philips' lampefabrikk i Eindhoven

I 1925 vart Hertz vald til professor og sjef for Instituttet for fysikk ved universitetet i Halle, der han vart fram til 1928 då han flytta tilbake til Berlin for å bli sjef for Instituttet for fysikk ved Technische Hochschule Berlin. Av politiske årsaker forlet han den akademiske verda i 1935 for å heller virke i industrien gjennom tenesta si som sjef for Siemens' forskingslaboratorium.

Ved krigens slutt i 1945, hamna Hertz i Sovjetunionen. Der jobba han fram til 1954 då han fekk jobb som forskingsbas for Instituttet for fysikk ved Karl-Marx-Universität i Leipzig. Her vart han fram til han gjekk av med pensjon.

Hertz mottok Nobelprisen i fysikk i 1925 saman med professor James Franck for oppdaginga deira om dei lovene som styrer ved ein kollisjon mellom eit elektron og eit atom (Franck-Hertz-eksperiment)

Han var nevø av fysikaren Heinrich Rudolf Hertz og far til Carl Hellmuth Hertz.

Kjelder endre