James Franck
James Franck (26. august 1882–21. mai 1964) var ein tysk-fødd jødisk fysikar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1925 saman med Gustav Hertz «for oppdaginga deira av lovene som regulerer verknaden av eit elektron på eit atom».[1] Høyreapparatet representerte eit praktisk bruksområde av dei forskingsresultata Franck fekk Nobelprisen for.
Franck studerte i Heidelberg og Berlin (under Paul Drude og Heinrich Rubens) og vart løna med ein doktorgrad i 1906. I 1911 vart han dosent i fysikk i Berlin, i 1981 medlem av Kaiser-Wilhelms-Institut für physikalische Chemie og i 1920 professor i eksperimentell fysikk ved Universitetet i Göttingen. Etter at nazistane tok over makta flytta han til USA etter eitt års opphald hos Niels Bohr i København, og vart der ein del av Manhattanprosjektet.
Francks mange arbeid innan atomfysikken omfatta mellom anna undersøkingar rundt dei spenningane som må til for ioniseringa av hydrogenmolekylet, saman med Gustav Hertz i 1913. Dei omfatta òg dei atoma som gjennom elektronstøyt framkalla modifikasjonene som syner seg gjennom fluorescensspektrum.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «James Franck» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1925» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- James Franck hjå Nobelstiftelsen (på engelsk)