Gyula Zsivótzky (25. februar 193729. september 2007) var ein ungarsk sleggjekastar frå Budapest. Han vart europameister i øvinga i 1962 og olympiameister under OL 1968 i Mexico-byen, og tok til saman seks medaljar i ulike olympiske leikar og europameisterskap.

Gyula Zsivótzky

Statsborgarskap Ungarn
Fødd 25. februar 1937
Budapest
Død

29. september 2007 (70 år)
Budapest

Yrke friidrettsutøvar
Ektefelle Magdolna Komka
Gyula Zsivótzky på Commons

Sonen Attila Zsivóczky var ein framifrå tikjempar.

Aktiv endre

Zsivótzky slo gjennom under EM 1958 i Stockholm, der han tok bronsemedaljen. To år seinare fekk han OL-sølv bak Vassilij Rudenkov frå Sovjetunionen. Han tok endå eit steg opp pallen i den neste meisterskapen, EM 1962 i Beograd. Her vart han suveren europameister med eit lengstekast på 69,64 m, nestemann i tevlinga oppnådde 66,93 m. Eit nytt OL-sølv vart det i Tokyo i 1964, med 69,09 m som sluttresultat var han 65 cm bak olympiameisteren Romuald Klim frå Sovjetunionen, og nøyaktig meteren framom Uwe Beyer frå Vest-Tyskland. Dei same tre tok medaljane også under EM 1966, og i same rekkefylgja.

Zsivótzky forbetra Hal Connolly sin verdsrekord i sleggjekast med nesten 2,5 m under eit stemne i Debrecen 4. september 1965. Verdsrekorden på 73,74 m vart ståande i nokså nøyaktig tre år, til Zsivótzky sjølv forbetra han to centimeter heime i Budapest i september 1968, få veker føre sommar-OL.

Zsivótzky vann OL-gullet under Sommar-OL 1968 i Mexico, etter ei framifrå, tett tevling med Romuald Klim. I fyrste omgang kasta Klim 72,24 m, men Zsivótzky tok så leiinga med to centimeter. Zsivótzky forbetra seg til 72,46 m i andre omgang, før Klim tok over leiinga i tredje omgang med 72,84 m, Zsivótzky auka då til 72,54 m men vart verande på sølvplassen. I fjerde omgang forbetra leiinga til 73,28 m, før Zsivótzky avgjorde gullkampen med eit kast på 73,36 m i femte omgang. Zsivótzky sin landsmann, Lázár Lovász, fekk bronse med 69,78 m som best.

Zsivótzky deltok internasjonalt i fire nye år etter OL 1968. Under EM i friidrett 1969 kom han på fjerdplass, var likevel langt unna medaljeplassering. Han hadde det lengste kastet i kvalifiseringa til finalen i EM 1971 med 71,58 m, men mislukkast heilt i finalen og vart nummer elleve. Så seint som i sin siste sesong på toppnivå kasta han slegga over 73 m (73,06 m). Etter femteplassen i Sommar-OL 1972 gav han seg på toppnivå.

Medaljar og plasseringar under internasjonale meisterskap endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Friidrott, ulike årgangar.