Håkon
mannsnamn
Håkon eller Haakon er eit mannsnamn med opphav i Norden og i norrønt språk. Namnet har vore skrive Hakon eller Hakun. På svensk er det vanleg å skriva Håkan, på dansk Haagen.
Truleg tyder namnet den høgætta. Mange norske kongelege har heitt Håkon eller Haakon.
Håkon er den mest brukte forma av namnet i Noreg, med rundt 11.600 brukarar. Om lag 2.100 heiter Haakon, svært få heiter Hakon og Håkan, medan Hakun ikkje er i bruk.
Kjende namneberarar
endreKongelege
endre- Håkon I (Haraldsson) Adalsteinsfostre den gode (Konge av Noreg 933–ca. 960)
- Håkon Sigurdsson, Ladejarl Håkon Jarl (Riksstyrar av Noreg ca. 970–995).
- Håkon Magnusson Toresfostre (Norsk tronkrevjar 1093–1094)
- Håkon II (Sigurdsson) Herdebrei (Konge av Noreg 1157–1162)
- Håkon III Sverresson (Konge av Noreg 1202–1204)
- Håkon IV Håkonsson (Konge av Noreg 1217–1263)
- Håkon V Magnusson (Konge av Noreg 1299–1319)
- Håkon VI Magnusson (Konge av Noreg 1343–1380)
- Haakon VII (Konge av Noreg 1905–1957)
- Kronprins Haakon, (f. 1973) (prins Haakon Magnus), kronprins av Noreg frå 1991.
Andre
endre- Haakon Lie (1905 - 2009), norsk politikar
- Håkon Bleken (f. 1929), norsk kunstnar
- Håkon Aasnes (f. 1943), norsk teikneserieskapar
- Håkan Nesser (f. 1950), svensk forfattar
- Håkan Hellström (f. 1974), svensk musikar
- Håkon Opdal (f. 1982), norsk fotballmålvakt
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Hakon hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Haakon hjå Statistisk Sentralbyrå
- ssb.no namnestatistikk for mannsnamnet Håkon Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- ssb.no namnestatistikk for mannsnamnet Håkan Arkivert 2007-10-01 ved Wayback Machine.