Høgnorskrørsla er den delen av målrørsla som arbeider for høgnorsk. Høgnorskrørsla arbeider for å lyfta fram ein nynorsk som ligg nær Ivar Aasen sin skriftnormal. Høgnorskrørsla er organisert i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet. Dei to største lokallaga er Høgnorskringen i Oslo og Vestmannalaget i Bergen. I 2004 drog nokre av dei sentrale aktivistane seg ut or den organiserte høgnorskrørsla for å byggja opp eit nytt høgnorskaktivistmiljø kring det sjølvstendige bladet Målmannen.

Historie endre

Innan rørsla er det ulike meiningar om kva skriftnormal som skal nyttast, men mange har rettskrivinga av 1917 som ei rettesnor. Sams for høgnorskrørsla er at ein ser på rettskrivinga av 1938 som eit brot med den tradisjonelle nynorsknormeringa som Aasen la grunnlag for. Då rettskrivinga av 1938 vart innført av styresmaktene i Noreg, var fleirtalet i målrørsla motstandarar av den nye rettskrivinga.

1940- og 1950-talet vart det fleire av dei innan målrørsla som ynskte ei utvikling i retning samnorsk. Etter ein hard målstrid på 1950-talet gjekk arbeidet for høgnorsk på 1960-talet inn i ein dødbolk. I 1971 gjekk dei siste høgnorskaktivistane ut av Noregs Mållag, av di dei ikkje nådde fram med synsmåtane sine der. I 1965 vart det sjølvstendige sambandet Ivar Aasen-sambandet oppretta. Eit mål var å samla dei som ynskte å arbeida for høgnorsk utanom Noregs Mållag. Vestmannalaget i Bergen vart ei drivande kraft i arbeidet for høgnorsk. Eit forsøk på å få ny framgang for høgnorskrørsla vart innleia på 1980-talet med utgjeving av bladet Vestmannen. Vestmannen var lenge det einaste bladet på høgnorsk, og fungerte som eit sams blad for heile høgnorskrørsla, i tillegg til å vera meldingsblad for Vestmannalaget.

På midten av 1990-talet vart det meir aktivitet i det meir eller mindre sovande Ivar Aasen-sambandet. Det vart mellom anna skipa til årlege konferansar og seminar. I 1996 var Ivar Aasen-sambandet medtilskipar for Norsk Målungdom sin Aasen-konferanse. Seinare vart «Høgnorskdagane på Sunnmøre» eit årvisst tiltak. På 2000-talet er det vorte skipa til årlege høgnorsksamlingar i Bergen og Oslo med støtte fra Halldor O. Opedals fond for målreising og måldyrking. Den siste konferansen vart halden i Oslo i 2003.

Auken i aktivitet kom av at fleire unge vart med i rørsla. Med auka aktivitet kom det òg ulike meiningar om korleis arbeidet skulle drivast. Etter kvart utvikla ordskiftet seg til ein strid. Striden toppa seg i 2002 med striden om bladet Vestmannen. Nokre aktivistar samla seg om høgnorskbladet Målmannen, i konkurranse med Vestmannen. Andre aktivistar samla seg om Høgnorskringen, som gjev ut meldingsbladet Høgnorsknytt i tillegg til Norsk Årbok.

Bakgrunnsstoff endre