Høgskolen i Oslo
59°55′15.265″N 10°44′1.9068″E / 59.92090694°N 10.733863000°E
Høgskolen i Oslo | |||
Avdeling for ingeniørutdanning ved HiO | |||
Motto | Utdanning for et helt liv | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1. august 1994 | ||
Type | Statleg høgskole | ||
Stad | Oslo kommune | ||
Nettstad | http://www.hio.no | ||
Erstattar | Norsk journalisthøgskole, Oslo ingeniørhøgskole, Statens bibliotekhøgskole, Sosialhøyskolen i Oslo | ||
Erstatta av | Høgskolen i Oslo og Akershus | ||
Høgskolen i Oslo 59°55′19″N 10°44′00″E / 59.921869444444°N 10.733405555556°E |
Høgskolen i Oslo (HiO), blei etablert 1. august 1994 og hadde om lag 12.000 studentar og 1100 tilsette.[1] Høgskulen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at tretten statlege høgskular i Oslo blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994. Den var den største statlege høgskulen i Noreg.
Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i Akershus på Kjeller den 9. desember 2010. Den nye høgskolen, Høgskolen i Oslo og Akershus, blei oppretta den 1. august 2011.
Lokalisering
endreHøgskolen i Oslo var samlokalisert på Bislett (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), med hovudadresse Pilestredet 46 på Bislett i Oslo.
Avdelingar og studietilbod
endreHøgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ei rekkje fagområde. Faga kunne takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og eit doktorgradstudium, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Dei sju avdelingane ved Høgskolen i Oslo var:
- Avdeling for helsefag
- Avdeling for samfunnsfag
- Avdeling for estetiske fag
- Avdeling for ingeniørutdanning
- Avdeling for sykepleierutdanning
- Avdeling for lærerutdanning og internasjonale studier
- Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag
I tillegg kom Senter for profesjonsstudier (SPS).
Høgskulen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter avslutta studiar.
I 2007 blei Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning og internasjonale studiar, tildelt ansvaret for opprettinga av den første permanente tolkeutdanning i Noreg, og oppretta same år studietilbodet «Tolking i offentlig sektor» der det i løpet av 2007 og 2008 blei tilbode tolkeutdanning i 30 ulike språkkombinasjonar.
Rektorar ved Høgskolen i Oslo
endre- Steinar Stjernø 1994-2000
- Per Lilleengen 2000-2007
- Sissel Østberg 2007-2011
Sjå også
endreKjelder
endre- ↑ Fakta om HiO, arkivert frå originalen 3. september 2006, henta 5. mai 2010
Bakgrunnsstoff
endre- Høgskolen i Oslo Arkivert 2007-06-26 ved Wayback Machine.
- Studentparlamentet
- Oslostudenten Arkivert 2010-03-23 ved Wayback Machine. (Studentavis)
Litteratur
endre- Fra bryggeri til høgskole, om utbyggingen av Frydenlundområdet 1922-1999. redigert av Jon Li. Oslo, 1999. ISBN 82-579-0274-8