Hønsegås
Hønsegås (Cereopsis novaehollandiae) er den einaste arten i den biologiske slekta Cereopsini i andefamilien. Hønsegåsa er ei stor gråfarga gås med eit lite hovud i tilhøve til kroppen, kort nebb med ein stor gulgrøn cere på oversida. Ho er blant dei mest konsekvente blant gjæsene i å beite på land og flyttar seg ut på vatn berre for å komme unna farer.[1] Hønsegjæser hekkar berre på øyane utanfor sørkysten av Australia, lever i sørlegaste Australia og er introdusert til New Zealand.
Hønsegås | |
Bilete frå Maria Island, Tasmania, Australia. Foto: JJ Harrison
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av hønsegås | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Cereopsis |
Art: | Hønsegås C. novaehollandiae |
Vitskapleg namn | |
Cereopsis novaehollandiae |
Skildring
endreHønsegjæser har ei kroppslengd på 75–91 centimeter og vengespennet er 137–162 centimeter.[2] Kjønna er like, men hannane er litt tyngre. I ein dyrehage vog gassane i gjennomsnitt 5,2 kg, hoene derimot berre 3,5 kilo.[1]
Fjørdrakta er oskegrå med små svarte flekker på vengefjørene, i flukt ser ein svarte vengetuppar og svart bakkant i vengene. Halen er svart. Beina har bleikrosa farge og føtene er svarte. Det korte, svarte nebbet har ein særeigen gulgrøn nasecere. Auga er hasselbrune.[3] Oversida av hovudet er lyst, resten av hovudet og nakken er bleikgrå. Dei går gjennom ei komplett myting etter hekkesesongen.
Utbreiing
endreEin kan finne hønsegjæser på avgrensa stader i sørlegaste Australia og på Tasmania, hekkehabitata ligg på øyar, særleg på øyar med grasmarker og våtmarker i Bassundet og i Spencergolfen. Dessutan på øyar i Recherche-øygruppa på sørkysten av Vest-Australia. Utanom hekkesesongen kan dei trekke inn på fastlandet i Australia, dette skjer i den australske sommaren. Streiffuglar når så langt som til New Zealand, og mange har rømt frå fangenskap på New Zealand og er etablert som ville bestandar ved Waikanae og i sørlege Canterbury.[4]
Fram til 1960 var arten jakta. I 1965 var populasjonen på berre ca. 6000 individ. Etter at vern vart innført er populasjonen gjenvunnen, slik at arten ikkje lenger er klassifisert som truga.[1] Bestanden er estimert til ca. 16 000 til 18 000 individ og er stabil.[5]
Føde
endreDietten består av primært av gras og små frø. Dei føretrekker gras med høgt nitrogeninnhald og kan difor ofte observerast på vatna jorde, gjødsla beitemarker og langs kantar av våtmarker.[6]
Hekking
endreHekkesesongen er i den australske vinteren, i vekstperioden av gras. Hekkinga byrjar vanlegvis mellom mai og juli. Hekketerritoria kan variere i storleik frå 0,3 til 0,5 hektar.[7] Reiret blir lagt i skjul av gras og buskar. Hoa legg mellom fire og sju kremfarga egg med raude flekker. Ruginga startar etter at første egget er lagt. I løpet av hekkesesongen vil hoa bruke omtrent sytti prosent av tida si på reiret. Ho taper om lag 20 prosent av kroppsvekta under ruginga.[8] Rugeperioden er på ca. 35 dagar, og ungane er vanlegvis flygedyktige på byrjinga av våren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hühnergans» frå Wikipedia på tysk, den 9. mars 2013.
- Wikipedia på tysk oppgav desse kjeldene:
- T. Bartlett: Ducks And Geese - A Guide To Management. The Crowood Press, 2002, ISBN 1-85223-650-7.
- Janet Kear (Hrsg.): Ducks, Geese and Swans. Oxford University Press, 2005, ISBN 0-19-854645-9.
- Hartmut Kolbe: Die Entenvögel der Welt. Ulmer Verlag, 1999, ISBN 3-8001-7442-1.
- P. J. Higgins (Hrsg.): Handbook of Australian, New Zealand & Antarctic Bird. Band 1. Ratites to Ducks. Oxford University Press, Oxford 1990, ISBN 0-19-553068-3.
- Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D., red. (1992). Ostrich to Ducks. Handbook of the Birds of the World. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-10-5.
- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2013) Species factsheet: Cereopsis novaehollandiae Arkivert 2012-10-20 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. mars 2013.
- Referansar
Bakgrunnsstoff
endre- (no) hønsegås hos Artsdatabanken
- (en) hønsegås – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) hønsegås i Encyclopedia of Life
- (en) hønsegås i Global Biodiversity Information Facility
- (en) hønsegås hos ITIS
- (en) hønsegås hos NCBI
- (en) Kategori:Cereopsis novaehollandiae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Cereopsis novaehollandiae – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cereopsis novaehollandiae – detaljert informasjon på Wikispecies