Høysvans
Høysvans er ein bakmontert traktorreiskap for å raka saman og transportera høy med. Høyet ligg på lange rette tindar, som går under høyet når ein ryggar. Under transport vert høyet haldt fast av ei overliggande klo, som blir senka ned når svansen blir løfta opp. Den einaste norske høysvansprodusenten var Kverneland.
Høysvansen vart nytta både for flathøy og for høy som var hesja. Når ein nytta høysvans for å køyra inn høy som hadde vore hesja laut ein fyrst manuelt riva høyet or hesjene og legga det på marka litt unna hesja. Men det var mykje lettare enn å lessa høyet på ei vogn eller ein tilhengar. Ein fylte svansen ved å rygga traktorren til ein hadde ein høveleg dunge på svansen; når ein så løfta svansen gjekk den overliggande kloa ned og heldt høyet fast under transport. Ein høysvans får med 150-300 kg tørt høy per lass[1].
Høysvansen vart bruka både på flatmark og på brattlendte bruk. Der det var langt til låven var det sume som nytta to høysvansar, ein bakmontert og ein montert på frontlastaren. Høysvansen var lett å bruka og vart svært populær i Noreg. Men då forhaustaren kom på marknaden vart storparten av graset etter kvart lagt i silo og marknaden for høysvansen forsvann. Ei ulempe med høysvansen er at han er trafikkfarleg, så tindane lyt dekkast til ved kjøring på offentleg veg.
Galleri
endre-
Her ser ein både tindane og den overliggande kloa.
-
Her er det montert venger på sidene for å halda høyet betre på plass.
Referansar
endre- ↑ E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.