Halten fyrstasjon

Halten fyrstasjon er eit fyr som ligg på Store Reinsøy i det avfolka fiskeværet Halten i Frøya kommune i Trøndelag fylke.

Halten fyrstasjon

FylkeTrøndelag
KommuneFrøya
FunksjonKystfyr
Oppretta1875
Koordinatar64°10.3687′N 9°24.3563′E / 64.1728117°N 9.4059383°E / 64.1728117; 9.4059383
Fyrtårn
Høgd29,5
FormKvitt tårn med to svart belte
Fyrlys
LyskarakterRundtlysande med blink kvart 4. sekund
Lysstyrke1 080 000 cd
Lyshøgd39,0 moh.
Lysvidde17,5 nm
Status
EigarStaten
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Halten fyrstasjon
64°10′22″N 9°24′19″E / 64.17277778°N 9.40527778°E / 64.17277778; 9.40527778
Halten fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Halten fyrstasjon

Fyrstasjonen vart oppretta på Halten i 1875 og er ein del av fyrkjeda i øyrekka utanfor Frøya, med Sula fyr i sør, så Vingleia fyr, Finnvær fyr og Halten fyr lengst nord.

Stasjonen består av eit 29,5 meter høgt steintårn som vart flytt frå Lista fyrstasjon, der det opphavleg var eitt av tre fyrtårn der bygd i 1853. Det var opphavleg planlagt at Halten fyr skulle vere eit tvillingfyr, men dette vart det ikkje noko av sidan den fyrtekniske utviklinga gjorde dette unødvendig.

Lykta har ein lysstyrke på 1 080 000 candela og ei lysvidde på 17,5 nautiske mil.

Mykje av originalt interiør og eksteriør er bevart på fyret.

Fyret er freda etter lov om kulturminne.

Klima endre

Meteorologisk institutt har hatt ein vêrstasjon på Halten fyr sidan september 1983. Stasjonen ligg 16 meter over havet og har synopnummer 01240.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 1,7 1,6 2,5 4,2 7,5 10,2 12,0 12,7 10,4 7,8 4,3 2,6 6,5
Nedbør (mm) 79 65 60 52 39 45 58 71 97 102 87 90 845

Sjå òg endre

Kjelder endre