Halvmånemaursmett

art av sporvefuglar

Halvmånemaursmett (Herpsilochmus pectoralis) er ein liten, langhala maursmett i den biologiske familien Herpsilochmus. Han er endemisk for nordaustlege Brasil. Populasjonen er estimert til under 10 000 individ, og dei er spreidde i små isolerte fragment frå delstaten Maranhão i nord til Bahia i sør. Dei har habitat i høg caatingaskog.

Halvmånemaursmett
Hannfugl i Jeremoabo, Bahia, Brasil Foto: Arthur Grosset
Hannfugl i Jeremoabo, Bahia, Brasil
Foto: Arthur Grosset
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Halvmånemaursmett
Utbreiinga av Halvmånemaursmett
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Herpsilochmus
Art: Halvmånemaursmett H. pectoralis
Vitskapleg namn
Herpsilochmus pectoralis

Halvmånemaursmetten er 11,5 centimeter lang. Fjørdrakta til hannen er i valørar frå lys grått til svart, han har svart krone, svarte venger med band av kvite flekker. Hoer har raudbrun krone og olivengrøn overside.

Kjelder

endre