Caatinga
Caatinga (portugisisk uttale: [kaɐˈtʃĩɡɐ]) er ein økoregion prega av halvtørr tropisk vegetasjon i det indre, nordaustlege Brasil. Nemninga «caatinga» er eit tupi-ord som betyr «kvit skog» eller «kvit vegetasjon» (caa = skog, vegetasjon, tinga = kvit). Caatingaen er ein busk- og tornskog som hovudsakleg består av små trevekstar med torn som feller blada sine sesongmessig. Kaktus, tjukkstilka plantar, tornebuskar og tørre tilpassa grasartar utgjer basisvegetasjonen. Dei fleste vegetasjonar opplever eit kort utbrot av aktivitet i løpet av den tre månader lange regntida. I vest finst ei overgangssone mot cerrado savannar og i søraust ligg restar av atlanterhavsskogen.
Caatinga | |||
Økoregion | |||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Areal | 912 529 km² | ||
| |||
Wikimedia Commons: Caatinga |
Caatinga fell heilt innanfor jorda si tropiske sone og er ein av 6 store økoregionar i Brasil. Han dekkjer meir enn 900 000 km²,[note 1] over ein tidel av territoriet i landet. Folkesetnaden i regionen er rundt 29 millionar menneske og i regionen finst totalt meir enn 4000 artar av blomstrande plantar, fisk, krypdyr, amfibium, fuglar og pattedyr.[1]
Caatinga er det einaste utelukkande brasilianske biomet, noko som betyr at ein stor del av den biologiske arven her ikkje kan finnast nokon annan stad på jorda.
Geografi
endreCaatinga dekkjer den indre delen av det nordaustlege Brasil som grensar til atlanterhavskysten, bortsett frå ein utkant av atlanterhavsskogen, og strekkjer seg over ni statar: Piauí, Ceará, Rio Grande do Norte, Paraíba, Pernambuco, Alagoas, Sergipe, Bahia og delar av Minas Gerais. Til saman utgjer caatinga 912 529 km², til samanlikning er det over ni gonger arealet til Portugal.
Caatingaen ligg mellom 3°S 45°W og 17°S 35°W, og opplever uregelmessig vind frå alle retningar. Nedbøren er derfor periodisk, men intens, totalt 20–80 cm i årleg gjennomsnitt.[2] Sjølv om klimaet er typisk varmt og halvtørt, inkluderer caatinga fleire enklavar med fuktig tropisk skog,[3] med 30–35 meter høge tre.[2]
I nordvest er caatinga avgrensa av Maranhão Babaçu-skogane; i vest og sørvest, atlantiske tørre skogar og cerrado savannar; mot aust, dei fuktige atlanterhavsskogane; og i nord og nordaust, Atlanterhavet.
Klima
endreI dei tørre vinterperiodane prøver plantar å spare vatn, og er det ingen lauvverk eller undervekst. Røter stikk ut gjennom overflata av den steinfylte jorda for å absorbere vatn før det blir fordampa. Blad fell av trea for å redusere transpirasjon.[2] Med alt lauvet og underskogen daudt i tørkeperiodane og alle trea utan blad, har caatingaen eit gulgrå, ørkenaktig utsjånad. I dei tørraste periodane kan jordsmonnet nå temperaturar på opptil 60 °C.[treng kjelde]
Tørken sluttar vanlegvis i desember eller januar, når regntida startar. Straks etter dei første regnet, byrjar det grå, ørkenliknande landskapet å forvandle seg og blir heilt grønt i løpet av få dagar. Små plantar byrjar å vekse i den no fuktige jorda og trea får tilbake blada sine. Elvar som stort sett har vore tørre dei siste 6 eller 7 månadene byrjar å fyllast opp og bekker byrjar å renne igjen.[3] Nær 70 % av arealet får årleg totalt mellom 600 og 1000 mm nedbør.[4]
Økologi
endreCaatinga har ein unik biota, med tusenvis av endemiske artar. Caatinga inneheld over 3000 blomstrande karplanteartar i tillegg til 276 maurartar, 371 ferskvassfiskeartar, 167 krypdyr og amfibium og 183 pattedyrartar, med endemismenivå som varierer frå 6 prosent hos pattedyr til 53 prosent hos fiskar.[5] Spesielt talet på fugleartar varierer med kjeldene, fordi dei nyttar ulike kriterium. Ein studie frå 2021 knyter 442 fugleartar til caatinga-biomet etter ein streng definisjon av biomet,[6] ei anna tar med 548 artar inkludert trekk- og streiffuglar og dei som er registrerte av fuglekikkarar.[7]
Vegetasjon
endreCaatinga svarar ikkje til ein enkelt vegetasjonstype, men snarare ein brei mosaikk. Like fullt er all vegetativ struktur tilpassa halvørkenklimaet. Sukkulentar og tjukkblada artar dominerer; ikkje-sukkulentar viser små, faste blad og intense forgreining ved botnen, til liks med buskar. Ein iaugefallande palme langs elvebreidder er vanlegvis Copernicia prunifera.
Mange forfattarar deler caatinga inn i to ulike undertypar: tørr («sertão») og fuktig («agreste»), men kategoriseringane varierer til så mange som åtte ulike vegetative regime.[2]
Fauna
endrePattedyr
endreAv dei 183 pattedyrartane som er funne i caatinga, er heile 90 flaggermusartar, ordenen Chiroptera. 41 artar er gnagarar, i ordenen Rodentia, og i denne gruppa finst største mengda av endemiske artar, sju. Av store pattedyr kan namnast amazonastapir (Tapirus terrestris), raudspisshjort (Mazama americana), puma (Puma concolor), pampaskatt (Leopardus colocolo) og ozelot (Leopardus pardalis). Her finst òg brølaper - Atelidae og kapusinaraper - Cebidae.
Fuglar
endreEi artsliste for registreringar i det geografiske området for caatinga inkluderer ca. 440 artar.[6] Familiegruppene med flest artar er tyrannar, tanagarar og omnfuglar, omtrent i samme fordeling som blant dei ca. 3600 artar i Sør-Amerika.[8] Haukefuglar i caatinga er representert med relativt langt fleire artar enn Sør-Amerika totalt, meir enn 5 % av artane er haukefuglar i caatinga mot 2 % for Sør-Amerika. Om lag 45 % av artane er sporvefuglar. Artsmangfoldet blant fuglar i regionen kan òg illustrerast av spennvidd i storleik: minste arten, ametystkolibri (Calliphlox amethystina) veg ca. 2,4 gram, har kroppslengd på ca. 6-8 cm,[9] og største arten, den strutseliknande stornandu (Rhea americana), der hannar kan bli 1,7 meter i høgd og vege opptil 40 kg.[10] Caatingaen er heimstad for eit ukjent tal av endemiske fugleartar. Nokre med 'caatinga' i artsnamnet og med utbreiing knytt til caatinga er:
- Caatingaeremitt, Anopetia gounellei, ein eremitt i kolibrifamilien, lever òg litt utover sørlege randsona av caatinga.[11]
- Caatingatreløpar, Xiphocolaptes falcirostris, (endemisk) ein treløpar i omnfuglfamilien,
- Caatingamaursmett, Radinopsyche sellowi, (endemisk) ein maursmett i maurfuglfamilien,
- Caatingasottyrann, Knipolegus franciscanus, medlem av tyrannfamilien,
- Caatingasporv, Arremon franciscanus (endemisk) sporv i amerikasporvfamilien
Andre endemiske artar er indigoara (Anodorhynchus leari), brilleara (Cyanopsitta spixii), kaktusparakitt (Eupsittula cactorum), og raudtornskrikje (Pseudoseisura cristata).
Mogleg antropogent opphav
endreBasert på radiokarbondatering av potteskar, har talsmenn for historisk økologi som William Denevan og William Balee antyda at store delar av caatinga-regionen kan ha menneskepåverka opphav. For 1000 år sidan kan innfødde folk utilsikta ha skapt miljøet til dagens caatinga gjennom vedvarande svibruk, og med det blokkert økologisk suksesjon og hindra store regnskogar i å vekse i regionen.[12]
Omvendt tyder fossile bevis på at caatinga historisk sett kan ha vore ein del av eit mykje større tørt belte.[2][3]
Vern
endreCaatinga er dårleg representert i det brasilianske nettverket av verneområde, med berre 1 % i integrerte verneområde og 6 % i verneområde for berekraftig bruk.[13] Beskytta område inkluderer Chapada Diamantina nasjonalpark, Serra da Capivara nasjonalpark og Serra das Confusões nasjonalpark.
Økonomisk utvikla har fragmentert det opphavlege biomet. Anslag på mengda caatinga transformert påverka av økonomisk utvikling varierer 25-50 %, noko som gjer caatinga til det mest reduserte økosystemet i Brasil, etter atlanterhavsskogen, som har mista over 80 % av det opphavlege dekket.[3]
Menneske og naturressursar
endreMange av dei nær 30 millionar menneske innanfor økosystemet lever i fattigdom, og mange er avhengige av utvinning av naturressursar for eit levebrød.[2] Det er få drikkevasskjelder, og hausting er vanskeleg på grunn av uregelmessig nedbør. Folkesetnaden er fordelt på 1213 kommunar og av dei ni brasilianske delstatane har to sin delstatshovudstad innanfor økoregionen.[1]
Jordbruk
endreInnfødde plantar blir brukte i lokalt landbruk, mykje av det svibruk.[3] Pilocarpus jaborandi ser ut til å vise medisinske eigenskapar. Fruktene til umbú og mangabá blir brukte som mat direkte, og andre artar blir brukte til grovfôr. Lokale palmar produserer laurinsyre og oljer av kommersiell kvalitet, som ligg til grunn for mykje av økonomien i det nordaustlege Brasil.[2]
Meliponkultur av bier utan giftbrodd er også ein velutvikla og tradisjonell aktivitet i regionen.[14] Ein av dei mest produktive biartane, Melipona subnitida, lokalt kjent som «jandaíra», produserer opptil 6 liter honning i året, noko som resulterer i økonomisk profitt for befolkninga.[15]
Vatning langs São Francisco-elva lovar å gjere regionen om til ei brødkorg. Jorda er svært fruktbar, og eksisterande vatningsinfrastruktur stør allereie eksport av druer, papaya og melonar. Samtidig truar vatning med å salinisere jorda.[2]
Beiting
endreStorfe og geitehald er populært og produktivt i regionen. Overbeiting og uttak av brenselved har desimert lokale vegetative populasjonar; utanfor irrigerte område har området byrja å tørke ut slik som i Sahel.
Kjelder
endre- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Caatinga» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2023
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 da Silva, J.M.C. and Leal, I.R. and Tabarelli, M. (2018). Caatinga: The Largest Tropical Dry Forest Region in South America. Springer International Publishing. ISBN 9783319683393.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Lleras, Eduardo. «Caatinga of North-Eastern Brazil». Centres of Plant Diversity. 3: The Americas. Smithsonian Institution. Arkivert frå originalen 3. mars 2016.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Leal, Inara R.; Silva, José Maria Cardoso Da; Tabarelli, Marcelo; Lacher, Thomas E. (2005). «Changing the Course of Biodiversity Conservation in the Caatinga of Northeastern Brazil». Conservation Biology (på engelsk) 19 (3): 701–706. ISSN 1523-1739. doi:10.1111/j.1523-1739.2005.00703.x.
- ↑ da Silva et al (2018), s. 6
- ↑ da Silva et al (2018), s. viii
- ↑ 6,0 6,1 Lima, Rafael Dantas (2021). «Birds of the Caatinga revisited: the problem of enclaves within, but not of, the Caatinga». Journal of Arid Environments (Elsevier) 191: 104537.
- ↑ da Silva et al (2018), s. 183
- ↑ «Avibase - The World Bird Database Juan Fernandez Islands». Avibase, © Denis Lepage. Henta 22. september 2023.
- ↑ Züchner, T. og G. M. Kirwan (2020). Amethyst Woodstar (Calliphlox amethystina), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie og E. de Juana (red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.amewoo1.01
- ↑ Kirwan, G. M., A. Korthals og C. E. Hodes (2021). Greater Rhea (Rhea americana), version 2.0. In Birds of the World (B. K. Keeney, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.grerhe1.02
- ↑ Nolasco, Erica Csekö and Franca-Rocha, Washington de Jesus Sant’anna da and Moura, Thiago and Pinto-Ledezma, Jesús N (2017). «New range limit of the Anopetia gounellei (Aves: Trochilidae): state of art and a review on the updated area». Papéis Avulsos de Zoologia (SciELO Brasil url=https://www.revistas.usp.br/paz/article/view/133610/129590) 57: 275––285. CC BY 4.0
- ↑ Balée, William (20. august 2013). Cultural Forests of the Amazon: A Historical Ecology of People and Their Landscapes (på engelsk). University of Alabama Press. s. 43. ISBN 9780817317867.
- ↑ Santos, J.C.; Leal, I.R.; Almeida-Cortez, J.S.; Fernandes, G.W.; Tabarelli, M. (2011). «Caatinga: the scientific negligence experienced by a dry tropical forest». Tropical Conservation Science 4 (3): 276–286. doi:10.1177/194008291100400306.
- ↑ Cortopassi-Laurino, Marilda; Imperatriz-Fonseca, Vera Lucia; Roubik, David Ward; Dollin, Anne; Heard, Tim; Aguilar, Ingrid; Venturieri, Giorgio C.; Eardley, Connal; Nogueira-Neto, Paulo (22. juni 2006). «Global meliponiculture: challenges and opportunities». Apidologie 37 (2): 275–292. doi:10.1051/apido:2006027.
- ↑ Bonnatti, Vanessa; Luz Paulino Simões, Zilá; Franco, Fernando Faria; Tiago, Mauricio (3. januar 2014). «Evidence of at least two evolutionary lineages in Melipona subnitida (Apidae, Meliponini) suggested by mtDNA variability and geometric morphometrics of forewings». Naturwissenschaften 101 (1): 17–24. PMID 24384774. doi:10.1007/s00114-013-1123-5.
- Notar
- ↑ Ulike kjelder har oppgjeve areal for økoregionen med variasjoner mellom 735 000 og 912 529 km², søk i Google Scholar viser at dei nyaste kjeldene, inkludert da Silva 2018, gjev opp det høgste talet.
Bakgrunnsstoff
endre- Silva, Augusto C and Souza, Alexandre F (2018). «Aridity drives plant biogeographical sub regions in the Caatinga, the largest tropical dry forest and woodland block in South America». PLoS One (på engelsk) (Public Library of Science San Francisco, CA USA) 13: e0196130.