Handball-NM 2007/Kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 2007 for kvinner vart vunne av Byåsen Idrettslag etter finalesiger 30–27 over Larvik Håndballklubb. Dermed kunne Byåsen-spelarane take i mot idrettslagets fyrste kongepokal i handball på 16 år.

Semifinalane

endre
  • Levanger HK – Byåsen IL 27–37
  • Gjerpen IF – Larvik HK 22–32

Finalen

endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 29. desember 2007 framfor 5 112 tilskodarar. Byåsen leia heile fyrste omgang, på det meste med fire mål. Ved pause stod det 16–14 til laget frå Trondheim. I den andre omgangen auka Byåsen leiinga att, mot slutten av kampen til 30–24. Tre Larvik-reduseringar fastsette sluttresultatet til 30–27.

Byåsen-måla kom frå Marit Malm Frafjord 7, Camilla Herrem 6, Vigdis Hårsaker 5, Tonje Nøstvold 5, Gøril Snorroeggen 3, Maren Villabø 3, Marte Snorroeggen 1. Målvakt: Kari Aalvik Grimsbø.

Linn-Kristin Riegelhuth vart toppskårar i kampen med sine 9 mål for Larvik. Elles skåra Tine Kristiansen og Tonje Larsen (4 mål, begge), Sara Breistøl, Heidi Flaatnes (3 mål, begge), Tine Stange 2, Karoline Breivang og Kari Mette Johansen 1 mål kvar. Lene Rantala var målvakt.

Dommarane straffa Larvik med fem 2 minutts-utvisingar, Byåsen med fire.

Kjelder

endre