Handball-NM 2008/Kvinner
Noregsmeisterskapen i handball 2008 for kvinner vart vunne av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 30 – 29 over Byåsen Idrettslag frå Trondheim.
Semifinalane
endre- Storhamar – Byåsen IL 22 – 37
- Larvik HK – Stabæk IF 38 – 22
Finalen
endreFinalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 27. desember 2008 framfor 5 487 tilskodarar. Byåsen var i føringa i fyrste omgang. Ved pause stod det 15 – 14 til laget frå Trondheim. I den andre omgangen leia Byåsen til nokre feil i angrep gjorde at Larvik kom framom. Byåsen snudde så kampen att og leia med to mål då fem minuttar gjenstod. I dei siste minutta av oppgjeret kom Larvik med ein sluttspurt og vende finalen om til triumf og klubbens niande kongepokal. Sluttresultatet vart 30 – 29 til Larvik.
Larvik sine toppskårarar vart Linn-Kristin Riegelhuth og Heidi Løke, begge med 8 nettkjenningar. Elles stod Tine Stange for 5 mål, Tonje Larsen 4, Karoline Breivang 2, medan Sara Breistøl, Tine Kristiansen og Kari Mette Johansen skåra 1 mål kvar. Lene Rantala var målvakt.
Byåsen-måla kom frå Camilla Herrem 6, Ida Alstad 6, Marte Snorroeggen 5, Marit Malm Frafjord 4, Vigdis Hårsaker 4, Inga Berit Svestad 4. Målvakt: Kari Aalvik Grimsbø.
Ingen utvisingar til nokon av laga.