Hanna Resvoll-Holmsen
Hanna Marie Resvoll-Holmsen (11. september 1873–13. mars 1943) var ein norsk botanikar og tidleg naturvernforkjempar frå Vågå. Ho studerte norske naturområde som Svalbard og norsk fjellflora, og kjempa for vern av desse områda. Resvoll-Holmsen gav ut fleire verk om naturen, og etterlét seg ei større fotografisamling.
Hanna Resvoll-Holmsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. september 1873 Vågå kommune |
Død | |
Yrke | biolog, botanikar, økolog, oppdagar, plantesamlar |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Ektefelle | Gunnar Holmsen |
Hanna Resvoll-Holmsen på Commons |
Verk
endreResvoll-Holmsen var kjent for studia sine av faunaen på Svalbard (1907-1910). Den første ekspedisjonen ho drog på var leia av prins Albert I av Monaco. I 1909 reiste ho mellom anna saman med polarforskaren Hjalmar Johansen til Spitsbergen. Fotografia hennar derfrå, delvis med fargar, er blant den første dokumentasjonen av naturen på Svalbard. Studia er dokumentert i avhandlinga hennar til cand.real.-graden i 1910, Observations botaniques (1913) og Om betingelserne for Spitsbergens planteliv (1920). I 1927 gav ho ut Svalbards Flora (1927), den første floraen for øygruppa.
Hanna Resvoll-Holmsen hadde eit universitetsstipendiat (1915-1920) og var seinare dosent i plantegeografi (1921-1938).
Ved hjelp av økologipioneren Christen C. Raunkiær sine kvantitative metodar[1] utførte Resvoll-Holmsen ein større studie av norsk alpin flora som resulterte i verket Om fjeldvegetationen i det østenfjeldske Norge (1920). Ho var særleg interessert i subalpin bjørkeskog.
Den botaniske forkortinga til Resvoll-Holmsen er Resv.-Holms.[2]
Soleiearten Ranunculus resvoll-holmseniae er kalla opp etter henne.
Naturvern
endreSaman med geologen Adolf Hoel stod ho bak skipinga av det første verneområdet på Svalbard.[3]
I pamfletten Om betydningen av det uensartede i våre skoger kritiserte ho nyplanting av granskog og talte for vern av den naturlege fjellskogen. Engasjementet gjorde henne lite populær blant skogbruksfolk. Seinare kjempa ho mot oppdemming av Gjende og Sjoavassdraget ved Besseggen.[3] Resvoll-Holmsen sitt engasjement for å bevara Gjende, Bygdin og Sjoa på 1920-talet gav henne tilnamnet «den første naturverner».[4] 4. juli 2009 vart ein minnestein over Hanna Resvoll-Holmsen avduka ved Gjendesheim.[5]
Familie
endreHanna Marie Resvoll-Holmsen var syster til botanikaren Thekla Resvoll.
Resvoll-Holmsen var først gift med Hans Dieset, som ho skilde seg frå i 1901. I 1909 gifta ho seg med statsgeologen Gunnar Holmsen (1880–1976). Han var bror til systera sin ektemann, og hadde også reist til Svalbard. Dei fekk sonen Per Holmsen budde i ein villa kalla Yoldia i Skådalen i Oslo.
Utgjevingar
endre- Les observations botaniques de la campagne scientifique de S.A.S. le Prince Albert 1er de Monaco. La misión Isachsen au Spitzberg 1907. Monaco, 1910.
- Observations botaniques (1913)
- Om betingelserne for Spitsbergens planteliv (1920)
- Om fjeldvegetationen i det østenfjeldske Norge (1920)
- Svalbards Flora - med en del om dens plantevekst i nutid og fortid (1927)
- Om betydningen av det uensartede i våre skoger. Tidsskrift for Skogbruk 1932, 40: 270-275.
Bilde av Hanna Resvoll-Holmsen
endre-
Lappepige der passer telefonstationen i jordgammen. Storfjordbunden i Laksefjord (1909)
-
Nordkap og Kinnaroddefjord seet fra fjeldet (1909)
-
Dunkjevle (bredbladet). Typha latifolia. 1925
-
Bregne Strudsevinge.
-
«Haugslunden» i Bærum, set paa avstand.
-
Nær Stor Ula, broen ovenfor Mysuseter. Udsigt fra ovenfor Diesens hytte, mot syd mot Gråhø med Mellemfjell til høire (1933).
Kjelder
endre- ↑ Shimwell, D.W. (1971) The Description and Classification of Vegetation. Sidgwick & Jackson, London.
- ↑ ipni.org
- ↑ 3,0 3,1 Martin Ødegaard (18.02.2014), Naturvern er ingen særinteresse, Naturvernforbundet, arkivert frå originalen 2. februar 2017, henta 28. januar 2017
- ↑ Artikkel fra Klartale.no, arkivert frå originalen 16. september 2006, henta 8. januar 2011
- ↑ Minnestein over Hanna Resvoll-Holmsen avduket, arkivert frå originalen 3. august 2009, henta 8. januar 2011
- Denne artikkelen bygger på «Hanna Resvoll-Holmsen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Hanna Resvoll-Holmsen» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Obituary by Christophersen, E. in Blyttia 1: 100-102 (1943).
- Eckblad, F.-E. (1991) Thekla Resvoll og Hanna Resvoll-Holmsen, to glemte? Pionerer i norsk botanikk. Blyttia 49: 3-10.
- Biography by Bredo Berntsen & Inger Nordal in Norsk biografisk leksikon, Oslo: Kunnskapsforlaget (1999–2005)
- Berntsen, Bredo (2006) En grønnstrømpe og hennes samtid: Hanna Resvoll-Holmsen: botaniker, Svalbard-forsker, fjellelsker, fotograf og naturvernpioner. ISBN 82-8030-008-2
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endreTilgjengeleg på Internett
- almamatersdotre.no Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. har bilder og kort biografi
- Inger Nordal og Bredo Berntsen: «Hanna Resvoll-Holmsen» i Norsk Biografisk Leksikon
Trykt materiale
- Bredo Berntsen. En grønnstrømpe og hennes samtid : Hanna Resvoll-Holmsen: botaniker, Svalbard-forsker, fjellelsker, fotograf og naturvernpioner. Ossiania Vitenskapsforlag, 2006. ISBN 82-8030-008-2
- Finn-Egil Eckblad, «Thekla Resvoll og Hanna Resvoll-Holmsen, to glemte? - pionerer i norsk botanikk» I: Blyttia 49:3-10 (1991)