Alpin vegetasjon

(Omdirigert frå Alpin flora)

Alpin vegetasjon er plantar som veks i alpint klima. Detter er ein klimatype som finst ved store høgder over tregrensa. Alpine plantar veks saman som eit plantesamfunn i alpin tundra.[1] Alpine plantar høyrer til ulike biologiske grupper, som gras, storr, puteplantar og ulike blomar, mosar og lav.[2] Plantane er tilpasse det harde miljøet i denne klimasona, som omfattar låge temperaturar, tørke, UV-stråling og ein kort vekstsesong.

Alpin vegetasjon i Alpane.
Alpin tundra i Colorado.

Økologi endre

 
Aloe polyphylla, ein alpin aloeplante som veks i høgfjellsområde i Drakensberg i Lesotho.

Alpin vegetasjon førekjem på alpin tundra, ein type naturregion eller biom der det ikkje veks tre. Alpin tundra finst i fjellområde over heile verda. Det går over til subalpin skog under tregrensa, med avstumpa tre i overgangsområdet (ekotonen) som blir kalla Krummholz. Høgare oppe ender vegetasjonsområdet i snøgrensa, der det finst snø og is heile året.

Alpine plantar veks ikkje berre på høge breiddegrader, men finst også i område nærare tropane. Desse områda har ulik økologi frå område på høgare breiddegrader.[3] Ein av dei viktigaste forskjellane er at den nedre grensa til eit tropisk alpint vegetasjonsområde ofte er vanskeleg å definera på grunn av ei blanding av menneskeleg aktivitet, tørt klima og ei naturleg manglande tregrense.[4] Den andre store skilnaden mellom tropisk og arktisk alpin økologi er temperaturskilnadane. Tropane har ein sommar/vinter-syklus kvar dag, medan høgare breiddegrader er kalde både dag og natt. I desse områda er hovudutfordringa å takla kulda. Intens frostforvitrning påverkar det vesle jordsmonnet som er og også vegetasjonen.[5] Tropiske alpine området kan ha liknande tilhøve, men sjeldnare. Det kan vera vanskeleg å generalisera om økologien i nordlege alpine soner fordi dei dekkjer massive område.[6] I tillegg til kulde er vind ein viktig faktor i alpin økologi. Beskjering av vind er vanleg i nordlege alpine område. Vinderosjon av puteplantar er også vanleg å sjå i Alaska.[7]

Tilpassingar endre

Å overleva låge temperaturekstremar endre

 
Alpint habitat på Mont Blanc-massivet.

Dei fleste alpine plantar opplever låge temperaturektremar på eit eller anna punkt i livet. Dei har ulike måtar å takla desse ekstremane på. Dei kan unngå å utsetjast for dei låge temperaturane gjennom fenologi (vekstfasar knytt til årstidene) eller morfologi (utforming). Plantane kan også unngå at utsett vev frys gjennom å auka mengda av løyst stoff i vevet og oppnå ei frysepunktsnedsetting. Ein annan, noko enklare metode er underkjøling, som hindrar danning av iskrystallar inni plantevevet. Desse metodane er berre verksame ved moderat kulde. I den alpine sona er temperaturane ofte låge nok til at dei ikkje gjev tilstrekkeleg vern.[8] Plantar som treng ei meir permanent løysing kan utvikla frosttoleranse. Plantar kan også dehydrera cellene sine ved å flytta vatn til intercellulærsubstans. Dette gjer at is blir danna utanfor cellene der iskrystallana ikkje kan gjera skade. Dersom ingen av desse strategiane kan hindra frostskade har alpine plantar ofte evna til å reparera eller erstatta skadde organ.[9] Dei hjelper til med å gjera dette mogleg ved å plassera vekstområda sine, meristem, under bakken der det som regel er varmare.[8]

Forhindring av uttørking endre

 
Ein vanleg alpin lav, Xanthoria elegans.

Tilgang på vatn varierer ofte i alpine område. Mose og lav har høg uttørkingstoleranse, noko som bidreg til den høge utbreiinga deira i alle alpine habitat.[10] Karplantar er sjeldan utsette for uttørking av vevet i høgda. Om det skjer finn det vanlegvis stad på særleg vindutsette stader. Alpine plantar kan hindra vasstap ved hjelp av djupe røter og kontroll av spalteopningane i huda. Plantar i lågtliggande område har som regel størst spalteopning om morgonen medan alpine plantar har størst spalteopning midt på dagen, når temperaturen er høgast. Alpine sukkulentar nytter ofte CAM-fotosyntese for å hindra vasstap.

UV-stråling endre

Fordi ultrafiolett stråling gjerne aukar i høgda, har ho ofte vore rekna som ein stressfaktor for alpin vegetasjon. Det er gjort fleire undersøkingar av korleis strålinga eventuelt påverkar dei, men det er usikkert om vekst og utvikling til plantane faktisk blir påverka. Det er også uklar om strålinga fører til auka genetisk differensiering og avstumpa vekstformer.[8]

Reproduksjon endre

Alpine plantar reproduserer seg både kjønna og ukjønna. Kjønna formeiring kan vera problematisk i alpine område, særleg på stader med kort vekstsesong i soner på høge breiddegrader. I tropiske alpine soner med vekstsesong heile året, som i det nordlege Andes, kan plantar blomstra heile året. Uansett kva tid planatane blomstrar er pollinerande dyr ofte sjeldne, og dei har mindre aktivitet jo høgare ein kjem.[11] Dei vanlegaste pollinatorane i den alpine sona er humler og fluger.[11] Plantar har ulike strategiar for å hanskast med desse vanskane, mellom anna vekslande blomstringstid og reproduksjon gjennom kloning.

Tidleg blomstring endre

 
Snøstjerne (Chionodoxa) er ein alpin plante som dannar blomane sine i føre sesong slik at dei er klare til å blomstra så snart snøen byrjar smelta om våren.
 
Illustrasjon av alpine blomar frå Der Neue Brockhaus (1937).

Nokre alpine plantar blomstrar straks etter at snøsmeltinga har byrja. Desse tidlege blomstrarane dannar alltid blomane i føre sesong. Dette gjer at dei risikerer frostskade på blomestanden.[11] For å minka risikoen er blomane ofte omkransa av tettpakka høgblad dekte av trikomar (hår). Dette held innsida av knoppen varm.[12] Ettersom det finst få pollinatorar tidleg i sesongen, har tidleg blomstrande blomar ein liten reproduktiv suksessrate.[11] Ein fordel med å blomstra tidleg er likevel at frøa som blir danna har større sjanse til å bli mogne før neste frostperiode. Plantane har også større utkryssingsrate, noko som aukar den genetiske variasjonen deira.[11]

Blomstring midt i sesongen endre

Om lag halvparten av alle alpine artar blomstrar midt i vekstsesongen. Dette kombinerer både fordelane og ulempene med tidleg og sein blomstring. Nokre plantar som blomstrar midt i sesongen dannar blomsterstanden i føre sesong, men ikkje alle.[11]

Sein blomstring endre

Sein blomstring finn stad etter hovudvekstsesongen. Plantar som gjer dette produserer mange frø, men frøa har redusert mogningsrate på grunn av tidsavgrensinga. Desse plantane har ein tendens til å nytta sjølvpollinering, vivipari og apomiksis (ulike typar ukjønna formeiring).[11]

Kloning endre

Fordi blomstring og frøproduksjon kan ha høge kostnader for alpine, nytter dei ofte vegetativ reproduksjon eller kloning. Denne strategien blir stadig meir vanleg jo høgare ein kjem, og er mest utbreidd blant gras og sporeplantar.[11] For nokre alpine plantar er det den viktigaste reproduksjonmåten. Eit døme på ein slik plante Carex curvula, som ein reknar med har ein klonealder på rundt 2000 år.[13]

Bruk og tyding av alpine plantar endre

 
Edelweiss i Altaj.
 
Rabarbratypen Rheum australe frå Aust-Asia/Himalaya dyrka i Oulu universitet sin botaniske hage.

Ei rekkje alpine plantar har vore brukt tradisjonelt til mat, medisin og andre føremål, og mange av dei har i dag viktig økonomisk tyding. Fleire alpine plantar blir også dyrka i hagar utanfor alpine klimasoner, både i eigne steinbed eller saman med andre plantar. Dei toler godt vind, sterk sol, låge temperaturar og tørke, men må ofte vernast mot opphoping av vatn og skugge.[14]

Plantar frå sjølve Alpane har lenge vore brukt som mat- og medisinplantar. I dag blir dei marknadsførte i produkt som urtete,[15] hudprodukt[16] og bakrusmiddel.[17]Solblom (Arnica montana) er eit døme på ein gammal medisinplante som framleis er sterkt etterspurd. Plantar frå malurtslekta har vore brukt til te og alkholdrikkar, mellom anna til å smaksetja absint og vermut. Plantar som alpehøgmole (Rumex alpinus), dvergtistel, Cirsium spinosissimum og Echium italicum har vore nytta til mat eller dyrefôr.[18] Typiske alpelantar som edelweiss har også hatt ei viktig symbolsk tyding i Austerrike, Sveits og Tyskland.[19]

I Himalaya blir fleire hundre artar sanka og selde for medisinsk og aromatisk bruk. Mange hushald i Bygde-Nepal og -India er avhengige av inntektene frå denne handelen.[20][21] Dette skaper eit behov for å fokusera på plantekonservering og berekraftig sanking og levnad i desse områda. Nokre av plantane som blir sanka i Nepal er Neopicrorhiza scrophulariiflora, Nardostachys grandiflora, Aconitum spicatum, Dioscorea deltoidea, Aconitum heterophyllum, Rheum australe, Bergenia og Epimerantha macraei.[21] I indisk Himalaya er alpine medisinplantar som Dactylorhiza hatagirea, Picrorhiza kurrooa, Aconitum heterophyllum, Fritillaria roylei og Podophyllum hexandrum under sterkt press på grunn av kommersiell overutvinning.[22]

Kjelder endre

  1. Körner 2003
  2. Körner 2003, s. 9–18.
  3. Smith 1987, s. 137
  4. Smith 1987, s. 138
  5. Bliss 1960, s. 119
  6. Bliss 1971, s. 407
  7. Bliss 1960, s. 127–128
  8. 8,0 8,1 8,2 Körner 2003, s. 101–114.
  9. Hacker 2008
  10. Austrheim 2005
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 11,7 Körner 2003, s. 259–290.
  12. Tsukaya 2001
  13. Steinger 1996
  14. Reginald John Farrer (1919), The English rock-garden, s. xxvii 
  15. Alpine Herbs, lebensbaum.com
  16. Herbal Healing Salve, alpineherbals.com; Cleansing Milk With Alpine Herbs, clarinsusa.com
  17. Klarkopf, arkivert frå originalen 11. januar 2016, henta 4. januar 2016 
  18. Andrea Pieroni og Maria Elena Giusti (2009), «Alpine ethnobotany in Italy: traditional knowledge of gastronomic and medicinal plants among the Occitans of the upper Varaita valley, Piedmont», Journal of Ethnobiology and Ethnomedicine 
  19. Shanna Avery (2. februar 2015), The Meaning of the Edelweiss Flower 
  20. Kala 2005
  21. 21,0 21,1 Smith Olsen 2003
  22. Kala 2000

  • Austrheim, Gunnar; Hassel, Kristian; Mysterud, Atle (2005). «The Role of Life History Traits for Bryophyte Community Patterns in Two Contrasting Alpine Regions». The Bryologist 108 (2): 259–271. doi:10.1639/0007-2745(2005)108[0259:TROLHT]2.0.CO;2. 
  • Bliss, L.C. (1960). «Adaptations of arctic and alpine plants to environmental conditions». Symposium Life Under Extreme Conditions. 
  • Bliss, L.C. (1971). «Arctic and Alpine Plant life Cycles». Annual Review of Ecology and Systematics 2. doi:10.1146/annurev.es.02.110171.002201. 
  • Hacker, Jürgen; Neuner, Gilbert (2008). «Ice Propagation in Dehardened Alpine Plant Species Studied by Infrared Differential Thermal Analysis (IDTA)». Arctic, Antarctic, and Alpine Research 40 (4): 660–670. doi:10.1657/1523-0430(07-077)[HACKER]2.0.CO;2. 
  • Kala, Chandra Prakash (2000). «Status and conservation of rare and endangered medicinal plants in the Indian trans-Himalaya». Biological Conservation 93 (3): 371–379. doi:10.1016/S0006-3207(99)00128-7. 
  • Kala, Chandra Prakash (2005). «Health traditions of Buddhist community and role of amchis in trans-Himalayan region of India». Current Science 89 (8): 1331–1338. 
  • Körner, Christian (2003). «Alpine Plant Life: Functional Plant Ecology of High Mountain Ecosystems». Berlin: Springer. ISBN 978-3-540-00347-2. 
  • Smith, Alan; Young, Truman P. (1987). «Tropical Alpine Plant Ecology». Annual Review of Ecology and Systematics 18. doi:10.1146/annurev.ecolsys.18.1.137. 
  • Smith Olsen, Carsten; Overgaard Larsen, Helle (2003). «Alpine medicinal plant trade and Himalayan mountain livelihood strategies». The Geographical Journal 169 (3): 243–254. doi:10.1111/1475-4959.00088. 
  • Steinger, Thomas; Körner, Christian; Schmid, Bernhard (1996). «Long-term persistence in a changing climate: DNA analysis suggests very old ages of clones of alpine Carex curvula». Oecologia 105 (1): 94–99. doi:10.1007/BF00328796. 
  • Tsukaya, H.; Tsuge, T. (2001). «Morphological Adaptation of Inflorescences in Plants that Develop at Low Temperatures in Early Spring: The Convergent Evolution of "Downy Plants"». Plant Biology 3 (5): 536–543. doi:10.1055/s-2001-17727. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alpin vegetasjon