Opna hovudmenyen

Hanne Ørstavik (fødd 28. november 1969)[1] er ein norsk forfattar.

Hanne Ørstavik
Hanne Ørstavik.jpg
Fødd 28. november 1969
Haugesund, Finnmark fylke
Yrke skribent
Sjanger roman
Hanne Ørstavik på Commons

Ørstavik voks opp i Finnmark fylke, og flytta til Oslo 16 år gamal og er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga psykologi, fransk og sosiologi. Ho har òg to grunnfag frå Statens Lærarhøgskole i forming og forfattarstudiet i .

Ørstavik debuterte med romanen Hakk (1994) og fylgde opp med Entropi (1995). Det som karakteriserer desse bøkene er ein minimalistisk stil der det vert nytta korte, skildrande setningar. Det vert fokusert på observasjonar og konkrete registreringar.

Romanane skrivne mot slutten av 1990-talet syner utviklinga i forfattarskapen. Kjærlighet (1997), Like sant som jeg er virkelig (1999) og Tiden det tar (2000) vert tematisk rekna som ein trilogi. Trilogien skildrar nære familietilhøve, der foreldra sviktar. Ho fortel overtydande historier og skildrar personar som har vanskeleg for å finne eit høveleg språk. Personane vert ofte stengd ute frå kommunikasjon eller stengd inne i seg sjølv. På det viset gjennomfører Ørstavik sitt språkkritiske prosjekt.

VerklisteEndra

  • Hakk (roman) (1994)
  • Entropi (roman) (1995)
  • Kjærlighet (roman) (1997)
  • Like sant som jeg er virkelig (roman) (1997)
  • Tiden det tar (roman) (2000)
  • Uke 43 (roman) (2002)
  • Presten (roman) (2004)
  • Kallet (roman) (2006)
  • I morgen skal det være åpent for alle (kortprosa) (2007)
  • Der alt er klart (essays) (2008)
  • 48 rue Defacqz (roman) (2009)
  • Hyenene (roman) (2011)
  • Samtidighet (essays) (2011)
  • Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux (roman) (2013)

PrisarEndra

ReferansarEndra

  1. ««Hanne Ørstavik (28.11.1969)»». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 21. september 2013. 

BakgrunnsstoffEndra