Hans Aslak Guttorm

finsk samisk forfattar

Hans Aslak Guttorm var ein samisk lærar og forfattar frå Finland. Han skreiv på nordsamisk og vert sett på som ein brubyggjar mellom tradisjonell samisk forteljarkunst og moderne samisk litteratur.[1][2]

Hans Aslak Guttorm
Statsborgarskap Finland
Fødd 15. desember 1907
Utsjoki, Vuovdaguoika
Død

24. mars 1992 (84 år)
Utsjoki

Yrke skribent, redaktør, lærar
Språk nordsamisk
Born Inga Guttorm
Debut 1940

Han tok eksamen frå lærarskulen i Jyväskylä i 1935 og arbeidde som lærer i Enare og Outakoski i Utsjok til 1969. Outakoski er ei bygd på finsk side av Tanadalen. Han var òg i mange år redaktør for månadstidsskriftet Sápmelaš. Kortromanen Golgadeamen («drivgarnfiske») frå 1982 vart i 1985 nominert som den første samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris.

Guttorm byrja å skriva på 1930-talet, og den første boka hans, Čierru jietna meahcis («Ein gråtande røst frå fjellet») vart opphavleg skrive i 1932–33, men vart ikkje utgjeven før i 1982.[3] Debutboka hans vart difor Koccam spalli («Aukande vind», 1940), ei samling med dikt og noveller.[4] Det meste av det han skreiv kom først på trykk i tidsskrift og aviser. I bøkene sine skildra han den gamle samiske kulturen i Tana[5]. Han var oppteken av uttrykkskrafta i det samiske språket; han meinte at samisk kultur berre kan skildrast på samisk.

Guttorm var ein av dei svært få forfattarane som skreiv på samisk i den lange perioden mellom 1910-talet og 1970-talet.

Bøker endre

  • Koccam spalli: tivtak ja maidnasak (1940)
  • Golgadeamen (1982)
  • Čierru jietna meahcis (1982)
  • Radjajohtin («Grensekryssingar», 1984)
  • Iešnjárgga šiljut (1986)
  • Šuvvi jahki (1996)

Referansar endre

  1. Rauna Kuokkanen. Čánja gillii! 1 : Sámi girjjálašvuohta = Saamelainen kirjallisuus = Samisk litteratur. Sameraddi, 1998. ISBN 9519629165 (ebok fra bokhylla.no)
  2. Harald Gaski. In the shadow of the midnight sun : contemporary Sami prose and poetry. Davvi girji, 1996. ISBN 8273743098. ebok fra bokhylla.no
  3. Sámi Literature Arkivert 2015-08-21 ved Wayback Machine. av Kathleen Osgood Dana, Center for Northern Studies, Wolcott, Vermont
  4. bibliografi Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. hos litteraturnettnordnorge.no
  5. Kunst Arkivert 2012-02-02 ved Wayback Machine. hos galdu.org; Senter for urfolks rettigheter

Bakgrunnsstoff endre