Hans Nielsen Hauge

(Omdirigert frå Hans Nilsen Hauge)

Hans Nielsen Hauge (fødd 3. april 1771 i Tune, Rolvsøy, død 29. mars 1824 i Østre Aker ved Kristiania) var ein norsk lekpredikant.[2]Han er kjend som stiftaren og leiaren av «haugerørsla».

Hans Nielsen Hauge

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. april 1771
Rolvsøy
Død

29. mars 1824 (52 år)
Christiania

Yrke predikant, skribent
Språk norsk, dansk
Religion kristendom
Hans Nielsen Hauge på Commons
Obelisk ved Bredtvet kyrkje i Oslo reist til minne om Hans Nielsen Hauge i 1904. Relieffet er laga av presten og bilethoggaren Erling Grønland.[1]
Sjå òg filmen Hans Nielsen Hauge
Hans Nielsen Hauges Minde på Hauge, Rolvsøy i Fredrikstad.
Foto: Siri Johannessen

Då Hauge var 25 år fekk han sitt «åndelege gjennombrot». Ein dag han var ute på åkeren og song på salmen «Jesus, din søde forening at smage» mens han pløgde, kjente han det som om «Guds kjærleik besøkte han». Etter dette byrja han som predikant. Han fokuserte på ei lære om det personlege gudsforhold og ein nøktern og arbeidssam livsførsel.[2] I åra frå 1797 til 1804 gjekk han frå stad til stad, og medan han gjekk, strikka han.

På dei gardane han fekk husrom hjelpte han til litt og samla dei som budde på garden og nabogardane til andakt. Dette var eigentleg ikkje lovleg. Dette var på grunn av «konventikkelplakaten» frå 1741, som forbaud lekfolk å halde oppbyggjelege møte utan godkjenning frå soknepresten.[3] Han vart gjentekne gonger arrestert, på det meste ti gonger på sju år. I 1804 vart det reist ei stor og omfattande sak mot han, og han sat til slutt i fengsel fram til 1811 og måtte betale ei bot på 1000 riksdalar. Etter dette slutta han med reiseverksemda, men i 1813 vart han dømd til to års slaveri på Akershus festning.[2]

I dei 18 åra han var predikant og utanfor fengselet, gav han ut 33 bøker. I tillegg hjelpte han folk med å drive handel og industriføretak. Ein kan seie at kristendomssynet til Hauge var pietistisk, men han la større vekt på å tene Gud med praktisk arbeid enn pietismen tradisjonelt gjorde.

Familie endre

Hauge vaks opp i enkle kår som son av Niels Mikkelsen Evenrød (1732–1813) og Maria Olsdatter Hauge (1735–1811).

Etter at han slepte ut av fengselet, og slo seg ned først på Bakkehaugen gard på Tåsen, seinare på garden Bredtvet i Groruddalen. Han gifta seg i 1815 med Andrea Andersdatter Nyhus og fekk sonen Andreas same år. Mora døydde ei veke etter guten vart fødd.[2] I 1817 gifta Hauge seg med Ingeborg Marie Olsdatter og fekk etter kvart tre born med henne, men alle døydde som små.[2]

Kjelder endre

  1. Knut Are Tvedt, red. (2010). «Minnesmerker over personer». Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 648. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Andreas Aarflot. «Hans Nielsen Hauge». Norsk biografisk leksikon. Henta 14. februar 2016. 
  3. «Konventikkelplakaten». Arkivverket. Henta 14. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hans Nielsen Hauge