Hans Severin Fürst
Hans Severin Fürst (22. oktober 1858–1. oktober 1925) var ein norsk jurist og politikar, fødd i Høland i Akershus. Han var ordførar 1902-07 i Drammen og stortingsmann 1910-12 for Høgre.
Hans Severin Fürst | |||
| |||
Fødd | 22. oktober 1858 Høland | ||
---|---|---|---|
Død | 1. oktober 1925 (66 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Fürst var sorenskrivar og fut i Nedre Romerike, deretter sorenskrivar i Romsdal. Sidan arbeidde han som statsadvokat i Buskerud lagsokn frå 1890, lagmann i Borgarting og Agder 1898—1901 og byfut i Drammen frå 1907 til 1913. Jamsides var han direktør (styreleiar) i Drammens sparebank 1907—12.
Fürst var ordførar i Drammen i to periodar:1902—07. Valbolken 1910 til 1912 representerte han valkrinsen Strømsø og Tangen på Stortinget; medlem i Tollkomiteen, nestformann i Næringskomite nr. 2 og i 1910 i Vassdragskomiteen. Utanom stortinget var han i 1912 formannn i ein departemental komite om den militære rettspleia.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.